Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Europavegen gjennom Sunnfjord vart stengd sommaren 2019 etter styrtregn. Slike hendingar kan det bli mange av dersom førebygginga ikkje blir trappa kraftig opp.
Europavegen gjennom Sunnfjord vart stengd sommaren 2019 etter styrtregn. Slike hendingar kan det bli mange av dersom førebygginga ikkje blir trappa kraftig opp.

Mykje meir skred og flaum på norske vegar

Staten kan spare milliardar på å ta klimarekninga for vegane no. Forskarar har tal på korleis risikoen for riksvegane kan sjå ut i framtida.

Publisert

Dei viktigaste vegane i Norge blir jamleg stengde på grunn av flaum og skred. Slike problem er venta å auke med klimaendringane.

Ein ny studie Vestlandsforsking og Menon Economics har gjort for Statens vegvesen, viser at talet på slike hendingar kan mangedoble seg dei neste tiåra viss vi ikkje satsar stort på førebygging.

– Det er lett å tenke at dersom nedbøren aukar med ti til tjue prosent, vil talet på flaumar auke med ti til tjue prosent, men slik er det ikkje. Dersom alle grøftene, røyra og høgda på vegen er dimensjonerte for å tåla dagens eller gårdagens nedbørsmengder, vil alle nedbørshendingar av ein viss storleik kunne føre til flaum i framtida, og då aukar raskt talet på hendingar med fleire hundre prosent i staden for ti til tjue prosent, seier Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking.

I prosjektet har dei testa ein ny metode som prøver å fange opp desse endringane.

– I studien brukar vi ein ny metode for risikovurdering som gjer systematiske og konkrete vurderingar av korleis risikoen kan sjå ut i framtida. Dei aller fleste metodane som er i bruk i dag, vurderer risikoen i dagens klima med framtida berre litt slik i bakhovudet, seier Selseng.

Der skoen trykkjer om femti år

Studien kombinerer ei systematisk vurdering av framtidsrisiko med å rekne på kor mykje det kan svare seg å kome klimaendringane i forkjøpet med førebygging. Studien har slik sett vore todelt.

Den første delen gjekk ut på å studere korleis klimaet i framtida kan påverke vegnettet. Her såg forskarane på ein strekning av E39 frå Agder til Sogn og Fjordane.

– Vurderingane er gjort i samarbeid med fagfolk hjå vegvesenet som kjenner desse vegane som si eiga baklomme, og som veit kor framtidige problemområde kan oppstå. Dette har vi kombinert med regionale klimaframskrivingar for å teikne eit bilete av skred- og flaumsituasjonen femti år fram i tid, seier Selseng.

Han legg ikkje skjul på at endringa kan verte dramatisk.

– Vi veit frå før at vegane våre somme stader ligg utsett til. Då skal det ikkje mykje auke i nedbør, temperatur eller havnivåstiging til, før talet på potensielle skred eller flaum-hendingar skyt i vêret.

Han legg likevel til at det er mykje som kan endre på desse utsiktene.

– Situasjonen på vegnettet avheng i stor grad av korleis vi brukar vegen og arealet rundt. Dersom utbygging i stor skala skjer i områda rundt vegane, kan det påverke sårbarheiten til vegen like mykje som klimaendringane. Samstundes er det uklart kva forhold vi kjem til å ha til vegen om femti år. Truleg kjem trafikktalet til å auke i overskodeleg framtid, men transportsektoren skal omstillast slik som resten av samfunnet, så kanskje endrar bruken seg òg etter kvart, seier Selseng.

Oversvømmelse på E39 ved Kalandsvatnet sør for Bergen etter kraftig nedbør en sommerdag i 2016.
Oversvømmelse på E39 ved Kalandsvatnet sør for Bergen etter kraftig nedbør en sommerdag i 2016.

Store kostnader

Den andre delen av studien gjekk ut på å utvikle metodar for å rekne ut kor mykje endringane i klimaet kjem til å koste Statens vegvesen og samfunnet elles.

Utrekningane har sett på kor mykje det kostar å reparere vegen etter ulike hendingar, kor mykje stengde vegar kostar samfunnet og kor mykje det hadde kosta å førebygge.

– Om det svarar seg å førebygge, avheng mellom anna av kva vi trur om kor ofte det vil gå skred som følgje av klimaendringane. Når ein reknar med alle kostnader som kjem av at folk ikkje kjem seg tidsnok til jobb og at varer og tenester vert forsinka på grunn av stengte vegar, i tillegg til reparasjonskostnadane, kan det bli klart lønsamt å førebygge i fleire tilfelle, seier Øyvind Nystad Handberg, seniorøkonom i Menon Economics.

Ved å gjere eit overslag over korleis frekvensen av skred og flaum endrar seg i framtida, kan ein anslå dei samfunnsøkonomiske kostnadane om ein investerer i førebygging, og samanlikne med om ein held fram som i dag, utan tiltak.

Vegsektoren manglar i dag metodar for nytte-kostnadsanalysar som inkluderer at risikoen endrar seg over tid.

Å la vere å ta inn over seg klimaendringar når ein skal planlegge fleire tiår framover i tid, gir oss løysingar som kan bli mykje dyrare for samfunnet på lang sikt.

– Dette er nybrottsarbeid i vegsektoren og overslaga har ikkje to strekar under seg. Berekningane må lesast som illustrasjonar av kostnader i eit arbeid med å utvikle gode verktøy.

Handberg meiner likevel at analysen peikar på vesentlege potensial for å redusere dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved klimaendringar gjennom slike analysar og målretta tiltak.

– Det kan vere mykje å spare på ikkje å utsetje tiltaka.

Høgt prioritert

Sjefsingeniør Gordana Petkovic leier arbeidet med klimatilpassing i Statens vegvesen. Ho seier tematikken har høg prioritet hos dei.

– Dette er viktig arbeid for klimatilpassing i Statens vegvesen. Vi har behov for å utgreie og illustrere betydninga av å investere i tiltak tidsnok, framfor å ta imot farane som måtte komme og betale for påfølgande skadar, seier ho.

– I dette prosjektet har vi fokus på metodikk og på nødvendig kunnskapsgrunnlag for å gjennomføre ein slik analyse. Vi er nøgde med erfaringane og trur vi kan utvikle metodikken vidare slik at han kan brukast meir systematisk på heile vegnettet, seier Gordana Petkovic.

Vurdering av klima-risiko

Vestlandsforsking og Menon Economics har prøvd ut to verktøy for Statens vegvesen:

  • QuickScan, eit verktøy for effektiv regional vurdering av klimarelatert risiko for vegetatar.
  • Detector, eit kost-nytte-verktøy med ein eigen klimarisiko-modul.

Verktøya er prøvde ut for riksveg-strekninga E39 frå Agder til Sogn og Fjordane.

Referanse:

Torbjørn Selseng mfl.: Morgondagens klimarisiko og kost-nyttevurderingar for veg. Vestlandsforskning rapport 12/2019.