Annonse
For vaksne som ikkje lenger får fysisk aktivitet gjennom skolegang, kan tilrettelegginga til dei lokale myndigheitene vere ein viktig faktor som påverkar dagleg fysisk aktivitet, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: everst / Shutterstock / NTB scanpix)

Kommunane gjer nordmenn sprekare enn polakkar

Ny forsking viser at nordmenn er dobbelt så fysisk aktive som polakkar. Det har dei norske kommunane mykje av æra for.

Publisert

Ein ny doktoravhandling samanliknar elleve kommunar i Polen med åtte kommunar i Noreg og konkluderer med at nordmenn rører seg vesentleg meir enn sine polske makkerar.

– De vurderer dessutan tilstanden av idretts- og rekreasjonsinfrastruktur i kommunane som mykje betre, fortel Anna Maria Urbaniak-Brekke, som står bak forskinga.

Idretts- og rekreasjonsinfrastruktur vil seie dei fasilitetane for fysisk aktivitet som finst i området. Til dømes idrettshallar, treningssenter, turstiar, fotballbanar og så vidare.

Urbaniak-Brekke har undersøkt kor stor påverknad kommunane har på nivået av fysisk aktivitet i lokalsamfunn i Polen og Noreg. Dei norske kommunane som har vore med i prosjektet er Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

– Svaret er at den kommunale tilrettelegginga har mykje å seie, fortel Urbaniak-Brekke.

Lite tidlegare forsking

Forskaren understrekar at det er viktig å halde seg fysisk aktiv, særleg for den delen av befolkninga som ikkje får trim gjennom organisert aktivitet.

– Det er mange fordeler ved å halde fysisk aktivitet på rett nivå. For vaksne som ikkje lenger får fysisk aktivitet gjennom skolegang, kan dei lokale myndigheitene sine handlingar og tilrettelegging vere ein viktig faktor som påverkar dagleg fysisk aktivitet, seier Urbaniak-Brekke.

– Denne innflytelsen er spesielt viktig fordi kommunane er nærmast innbyggjarane og kjenner godt til lokale forhold og premissane for lokal utvikling.

Urbaniak-Brekke har hatt sitt fokus retta mot polske kommunar som ligg langt frå store byområde.

– Desse kommunane er verdt å utforske både frå perspektivet til innbyggjarane og representantar frå lokaladministrasjonen. Her bur det mange folk og det er gjort lite forsking på denne gruppa, seier forskaren.

Viser moglege tiltak for meir fysisk aktivitet

Undersøkingane gjekk over eitt år. For å auke verdien av og pålitelegheita til resultata blei analysen utført samtidig i Polen og i Noreg.

– På denne måten er det mogleg å trekke inspirasjon frå eit anna land som er på eit høgt nivå av økonomisk og sosial utvikling, og som tilbyr interessante løysingar innan fysisk aktivitet, seier Urbaniak-Brekke.

378 personar over 14 år i Noreg og 382 i Polen deltok i undersøkinga. I tillegg intervjua forskaren tilsette med ansvar for fysisk aktivitet i alle dei 19 kommunane.

– Med grunnlag i forskinga presenterer eg ein ny modell som viser moglege tiltak som kommunale myndigheiter i Polen kan sette i verk for å auke den fysiske aktiviteten i lokalsamfunnet, fortel ho.

Eit viktig tiltak er å investere i god infrastruktur for fysisk aktivitet.

– Undersøkinga viser at folk som brukar sports- og rekreasjonsinfrastruktur, har høgare fysisk aktivitetsnivå, og trenar oftare og lenger, seier Urbaniak-Brekke.

– Difor bør det bli lagt ned ein innsats for å forbetre tilstanden til infrastruktur i polske kommunar og på den måten motivere fleire til å vere fysisk aktive.

Ute betre enn inne

Avhandlinga viser også at respondentane meiner at kommunane i Noreg og Polen ikkje brukar tilstrekkeleg med ressursar på tiltak som kampanjar for sunn livsstil og eit breitt nok tilbod av organisert idrett for vaksne.

Forskinga viser også at kjønn, sivilstand, utdanningsnivå og media ikkje er spesielt viktige motivasjonsfaktorar for fysisk aktivitet.

– Indre motivasjon og attraktive område, som skog og fjell, er viktigare både for polakkar og nordmenn, seier forskaren.

Med indre motivasjon meiner ho at ein er aktiv av eigeninteresse.

– Det mest effektive for myndigheitene er å ta vare på infrastruktur og rekreasjonsområde i kommunen, seier Urbaniak-Brekke.

– Det viser seg også at både polakkar og nordmenn som deltok i forskinga, har meir lyst til å trene utandørs enn innandørs. Kommunane bør difor byggje ut og ta vare på utandørs sports- og rekreasjonsinfrastruktur.

Referanse:

Urbaniak-Brekke, A.M.: Physical activity of local communities in Poland and Norway – in the context of actions of the local government». Doktorgradsavhandling ved University School of Physical Education. (2018)

Powered by Labrador CMS