Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Ny forsking viser at nokre kjendisar flyg svært mykje. Paris Hilton hadde ansvar for 1260 tonn CO2. Nyleg var ho i Mexico City for å lansere ein parfyme. (Foto: Starmax / Backgrid UK / NTB scanpix).

Kjendisar flyg tusen gongar meir enn folk flest

Dei største kjendisane og rikingar som er ein del av ein veksande global elite flyg tusen gonger meir enn gjennomsnittet. Professor Stefan Gössling har henta inn reisedata frå ti av dei største kjendisane sine sosiale medium og rekna ut klimakonsekvensar.

Aller mest flaug Bill Gates, som var årsak til utslepp av 1600 tonn CO2. Paris Hilton og Jennifer Lopez hadde ansvar for 1260 tonn og 1050 tonn. Minst av dei utvalde kjendisane flaug Emma Watson, med 15 tonn CO2.

– Samanlikna med dei 100 årlege kilo resten av folk i verda i snitt står for, er dette enorme mengder, seier forskar Stefan Gössling. Han peikar på at kjendisane sin manglande flyskam kan påverke eit globalt publikum.

– Storsamfunnet må uansett ta på alvor ei utvikling der ei lita gruppe drive opp utsleppsnivåa ved ein energi-intensiv livsstil og at dei står for ein stor og veksande del av samla utslepp, seier Gössling.

Viktig eller unødvendig?

Stefan Gössling har også leia forsking som viser korleis unge folk vurderer flyreiser dei har gjort frå "svært viktig" til "heilt unødvendig". Han viser til at kjendisar er ekstra sterke førebilete i denne gruppa, det er difor dei blir brukt i reklame, men også når det gjeld forbruk og klima-avtrykk har dei stor påverkingsmakt.

– Når kjendisar før poserte framom sine private jetfly, gav det ein klår reklameverdi for til dømes den konkrete flyprodusenten. Dersom ein kjendis i dag poserer på same måte, vil han eller ho meir fremja og legitimera sjølve forbruksvaren ei flyreise er, og terskelen for å fly kan bli lågare for publikum også, seier han.

Forskinga til Stefan Gössling viser at ei lita gruppe har ein energi-intensiv livstil og står for ein stor og veksande del av samla utslepp. (Foto: Vestlandsforsking)

Flynekt som varemerke

Men forskaren finn også motsett trend.

– Vi gjorde ei undersøking på Facebook i 2016 og konkluderte med at ein stor del av oppdateringane handla om reiser og at mykje reising gav status. Ingen snakka om negative klimaverknader, seier han.

No i 2019 meiner han at valet mellom å fly eller ikkje å fly er i ferd med å bli eit viktig "varemerke" for stadig fleire kjendisar.

– Å velje bort fly som transportmiddel er ei ganske ny sosial norm. Tidlegare fanst debatten mellom nokre få individ eller idealistar, men rollemodellar som Greta Thunberg og den svenske idrettsprofilen Björn Ferry har skapt ein aukande samfunnsdebatt langt utanfor heimlandet deira, seier Gössling.

Referanse:

Stefan Gössling: Celebrities, air travel, and social norms. Annals of Tourism Research, 2019. (Samandrag). https://doi.org/10.1016/j.annals.2019.102775

Powered by Labrador CMS