Vil sikre CO2-deponering

Noreg skal bli verdsmeister i CO2-fanging, det er alle samde om. Kva som skal skje med CO2-en etter at han er fanga, er meir uvisst.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei siste åra har Statoil pumpa ned ein million tonn CO2 i året i det enorme undersjøiske sandsteinsbeltet utanfor norskekysten som blir kalla Utsira-formasjonen.

No blir det utgreia om også Johansen-formasjonen i nabolaget skal brukast til CO2-lagring.

Begge har kapasitet til å halde på enorme mengder CO2 - noko som er godt nytt for klimaet på jorda. Men kva gjer vi dersom CO2-en tek til å tyte ut att?

Risikerer lekkasje

Ved Matematisk institutt blir det forska på lekkasjefare og på overvaking i samband med CO2-lagring i undersjøiske reservoar. Når CO2en er pumpa ned i formasjonane, kan mykje skje som ein ikkje hadde tenkt seg.

- Vi treng skikkeleg risikoanalyse og overvaking. Det er usikkert om og kvar det vil oppstå lekkasjar, for det er mange fysiske, kjemiske og biologiske prosessar inne i biletet som vi ikkje har kjennskap til, seier førsteamanuensis Guttorm Alendal.

Han er mellom anna med på å forske på korleis CO2 oppfører seg i grenselandet mellom sediment og hav.

- Dersom det oppstår lekkasjar, kan det til dømes vere gamle borehol som er årsaka. Det vil vere det enklaste scenariet, for vi veit jo kvar borehola er.

- Meir diffuse lekkasjar vil vere vanskelegare å oppdage og handtere. Vi snakkar om store område, og det skjer heile tida naturlege prosessar i havet som gjer at vi treng lange tidsseriar for å kunne seie sikkert om der er endringar.

- Dessutan treng vi måleutstyr vi kan lite på.

Dyr teknologi

I teorien finst det fleire måtar å fange CO2 på, men fordi det er kort tid til CO2-fanginga på Mongstad skal vere operativ, er det i praksis berre éin måte som er aktuell:

Å fange CO2 frå eksosen etter brenning. Den teknologien finst allereie, men er ikkje billeg.

- Det som kostar pengar, er fangsten. Men det som er vitskapleg utfordrande, er sjølve lagringa, seier professor Helge Dahle ved same institutt.

- Risikoen for lekkasje er størst i injeksjonsfasen. Då er det sjølve injeksjonen som styrer korleis CO2-en fordeler seg i formasjonane, som kan vere perforert av brønnar, forkastingar, sprekksoner eller andre moglege lekkasjevegar.

- Etter kvart vil noko CO2 løyse seg i formasjonsvatnet. Då blir det tyngre og søkk ned. Noko vil bli fanga av kapillærkrefter og bli stabilt. Så kan det bli fanga geokjemisk med omdanning til mineral. Det er også stabiliserande.

- Så di lenger tid som går, di meir stabilt blir det. Men det er mykje CO2 som skal inn, og vi må vite meir om korleis CO2 oppfører seg i lagringsformasjonen, og kva for konsekvensar det vil få om det tek til å lekke.

På den andre sida må faren for CO2-lekkasje frå havbotnen vegast opp mot ulempene ved å berre halde fram med å sleppe CO2 rett ut i atmosfæren.

- Det vi i praksis gjer i dag, er å injisere ein million tonn i timen frå atmosfæren til havet, så litt lekkasje frå botnen blir kanskje ikkje så ille i samanlikning, seier Alendal.

- Dersom vi kan vere trygge på at lagringa er sikker, og dersom CO2-fanginga kan gjerast billegare, er det glimrande. Men det hjelper oss jo ikkje til å kome ut av hydrokarbon-regimet.

- Det aller meste av energibehovet vil bli dekka av fossile brensel dei neste femti åra. I dette perspektivet blir likevel CO2-hantering, saman med andre klimatiltak, eit nødvendig virkemiddel for å avgrensa utsleppa av klimagasser.

Store politiske spørsmål

StatoilHydro har etter kvart 11 års erfaring med CO2-lagring i Utsira formasjonen. Så langt har omlag 12 millionar tonn CO2 blitt injisert i denne formasjonen, og det er ingen ting som tyder på at den injiserte mengda CO2 oppfører seg annleis enn det som er forventa.

Likevel er det framleis mange opne spørsmål, og det er i dag stor internasjonal forskingsaktivitet knytt mot CO2-lagring. Norske forskingsmiljø, blant anna ved Universitetet i Bergen, er godt representerte i denne aktiviteten.

Dorskinga er retta mot å modellere korleis CO2 vil oppføre seg i geologiske formasjonar, og å utvikle teknikkar for monitorering.

I tillegg er det viktig å kartlegge risikofaktorar ved å lagre store mengder CO2 i undergrunnen, deriblant mulige miljømessige følgjer over lang tid.

Dette er nødvendig forsking for å sikre at CO2 faktisk blir lagra forsvarleg. Denne forskinga må også legge grunnlaget for det politiske og forvaltningsmessige rammeverket rundt CO2-handtering, påpeiker Alendal.

- Teknologien som skal til for å handtere CO2 frå gassfyrte kraftverk er i all hovudsak kjent, og vil gi ein kostnadsauke på omlag 30 prosent i høve til energi produsert frå varmekraftverk utan CO2-handtering.

- Det er sjølvsagt eit politisk spørsmål om det internasjonale samfunnet er villig til å lage rammevilkår, blant anna ved skattlegging av CO2-utslepp, slik at denne kostnaden blir kommersielt akseptabel.

- Dersom det blir gjort, vil CO2-handtering utvilsamt representere eit vesentlig og sikkert bidrag til å redusere framtidige klimautslepp og forsuring av verdshava.

Powered by Labrador CMS