
Jordas opphav kan ha vore iskald
Då dei første organismane på jorda vart til, kan det ha vore i eit iskaldt hav. Ny forsking tyder på at både jorda og havet var mykje kaldare enn ein har trudd.
Mange forskarar trur at det tidlege havet på jorda var svært varmt, opp mot 80 grader og at livet oppstod under slike tilstandar.
Nye funn kan tyda på det motsette.
Harald Furnes, emeritus-professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, har analysert vulkanske og sedimentære bergartar i Barberton Greenstone Belt i Sør-Afrika. Desse vulkanske bergartane vart danna i eit to til fire kilometer djupt hav.
– Vi har funne prov på at klimaet for 3,5 milliardar år sidan var eit kaldt miljø, seier Furnes.
Saman med professor Maarten de Wit frå Nelson Mandela Metropolitan University i Sør-Afrika har han publisert resultata i det vitskaplege tidsskriftet Science Advances.
Kald klode
Bergartane som Furnes og de Wit analyserte, vart til på breiddegrader om lag som rundt Kanariøyane. Nokre av dei sedimentære bergartane som er assosierte med dei vulkanske bergartane, liknar svært på det som vi kjenner som nyare istids- eller glasiale avsetningar.
– Det kan tyda at jorda for 3,5 milliardar år sidan hadde ei omfattande, kanskje global istid, seier Furnes.
Fortidig havtemperatur kan målast ved å analysera forholdet mellom oksygen-isotopar i bergartar. Bergartane frå området i Sør-Afrika viser at dei har vore utsett for høge temperaturar. Men dette er frå hydrotermal aktivitet, det vil seia kjelder med svært varmt vatn som vert pumpa ut på havbotnen.
Likt klima som i dag

Forskarane fann derimot meir prov som kan tyda på at bergartane har vore utsett for kaldt vatn. Ved å sjå på finkorna sedimentære bergartar, opphavleg leiraktig slam, som opptrer saman med dei vulkanske bergartane, fann dei gipskrystallar. Under høgt trykk vert gipskrystallar produsert ved svært låge temperaturar, som i dagens djuphav.
– Med andre ord har me funne at klimatilhøva på denne tida kan ha vore svært lik dei me har i dag, seier Furnes.
Enkelte forskarar vil ha vanskar med å godta den nye kunnskapen om ei kald tidleg jord, trur Furnes. Han trur ikkje det vil skapa eit paradigmeskifte i geovitskapen, men at det kan setja klimatiske forhold på den tidlege jorda i eit nytt ljos.
– Eg trur dette vil tvinga forskinga vidare, seier Furnes.
Referanse:
Maarten J. de Wit og Harald Furnes: 3.5-Ga hydrothermal fields and diamictites in the Barberton Greenstone Belt—Paleoarchean crust in cold environments. Science Advances, februar 2016, doi: 10.1126/sciadv.1500368.
SE OGSÅ
-
Livets opphav i små tunneler
-
Fant bit av 3,8 mrd. år gammelt fjell
-
Fant verdens eldste havbunnstruktur
-
Søker livstegn i urgammel stein
-
Organiske spor funnet etter 3,5 milliarder år
-
Vulkan åpnet havet
-
Hvordan kan jeg vite om jeg har funnet en meteoritt?
-
Jordas klokke justert
-
- Jorden var en snøball
-
Da Afrika og Amerika skilte lag