Fann ny og eksplosiv jordskredtype

Forskarar har oppdaga ein mogleg ny mekanisme bak utløysing av jordskred. Klimaendringar kan vera årsak til fenomenet der jorda bular ut og spyr ut vatn i strie straumar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein kan framleis sjå sirkelforma krater oppe i lia ved Vassenden, der det vart utløyst skred i 2005. (Foto: Tore H. Medgard)

Prosjekt: Arealplanlegging og klimaberedskap

Målsetjing: Styrka moglegheitene til å bruka lokal og regional arealplanlegging for å førebyggja naturskade som følgje av vêrhendingar og klimaendringar

Prosjektansvarleg: Vestlandsforsking

Prosjektpartnarar: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Naustdal kommune, NVE, Statens landbruksforvalting, UiB, Hordaland fylkeskommune, Stavanger kommune, Sandnes kommune, Uni Research, Fylkesmannen i Rogaland, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Varigheit: 2012-2014

Regionalt forskingsfond Vestlandet stør prosjektet med 1,9 millionar kroner

Under stormen ”Loke” for nokre år sidan, gjekk det eit jordskred ved Vassenden i Sogn og Fjordane der lite av omstenda rundt raset stemte med den etablerte kunnskapen hos geologane.

For det første var hellinga i skråninga berre 21 grader der raset vart utløyst. Vanlegvis vert jordskred utløyst i skråningar brattare enn 28 grader.

For det andre viste dei kvartærgeologiske karta at det slett ikkje er klassisk skredmateriale i området, men derimot tjukke moreneavsetningar.

- Øvst i losneområdet ligg det to sirkelforma krater. Det kan tyda på at det har funne stad ei form for eksplosjon der skredet vart utløyst, fortel Stein Bondevik frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han er professor i geologi og kjenner ikkje til at dette fenomenet er skildra tidlegare. Han utelukkar heller ikkje at hendinga kan ha samband med klimaendringane.

Ved Vassenden gjorde enorme nedbørsmengder i kombinasjon med snøsmelting at bakken ikkje greidde å ta unna alt vatnet. Det hopa seg opp store mengder grunnvatn i det øvste morenematerialet under torva – der vatnet vart stengt inne.

Dermed byrja jorda å bula ut – ein prosess Bondevik har døypt ”vembing” etter ordet ”vombi” – ei gamal nemning på den kulemagen som gjerne veks fram på mannfolk i 50-åra.

- Når trykket vart for stort, skjedde det rett og slett eit utbrot eller ein eksplosjon der det kom ut store mengder vatn på ein gong, vatn som så drog med seg jord og stein nedetter i eit skred, seier han.

Gjeld å halda seg til boka

- Dette kan godt vera eit døme på at klimaendringar ikkje berre gjer veret tøffare, men at dei òg kan skapa for oss nye mekanismar for utløysing av naturskade. I sin tur kan dette skapa store utfordringar for klimaberedskap og arealplanlegging, seier professor Carlo Aall frå Vestlandsforsking.

Han er leiar for eit prosjekt som skal sjå på korleis kommunal og fylkeskommunal arealplanlegging kan bidra til å førebyggja naturskadar utløyst av dårleg vêr og avgrensa kostnadene ved slike skadar. Regionalt forskingsfond Vestlandet stør prosjektet med 1,9 millionar kroner.

- Vi har mellom anna analysert fleire nyare naturskadehendingar for å finna ut om det er uføresette klimaendringar som har skulda, eller snarare veikskapar i planlegging og oppfølging av vedtekne planar, seier Aall.

Arret i skråninga viser at det har vore store krefter i sving. (Foto: Tore H. Medgard)

Og sjølv om det altså er ei utfordring at det oppstår nye typar naturfare – slik vembing er eit døme på – er professoren overtydd om at mange kostbare skadar kunne ha vore unngått om ein berre hadde drive arealplanlegging etter boka. 

- Foreløpige funn tyder på at dersom ein hadde lagt ei streng tolking av regelverket til grunn då utbyggingane fann stad, kunne mange skadar vore unngått.

- Og hadde regelverket frå i dag vore lagt til grunn, kunne ein kanskje ha unngått dei fleste av dei historiske skadane vi har studert, seier Aall.

Overser kritisk kunnskap

Professoren trekkjer fram eit bustadfelt i Vik i Sogn som eit døme på at ein har bygd seg inn i problem fordi ein ikkje har teke tilstrekkeleg omsyn til historisk kunnskap om skredhendingar:

- Her har ein bygd på ein stad som vart råka av flaumskred både i mellomalderen og på 1800-talet.

Han viser òg til ei hending på Nesttun utanfor Bergen som eit godt døme på problema som kan oppstå når ein – medviten eller ikkje – overser informasjon om kjende risikoar. Nesttun-senteret vart bygd i eit flaumutsett område, og i 2005 truga en flaum med å rasera heile kjøpesenteret.

Skal senteret liggja trygt i framtida, må det antakeleg byggjast ein kostbar avlastingskanal for å leia flaumvatnet vekk.

- Ein byggjer seg altså inn i sårbarheit i samfunnet og satsar på at ein etter kvart kan byggje seg ut av den same sårbarheita ved hjelp av dyre tryggingsstrukturar; alt dette i staden for å leggja nybygg på sikrare stader, seier Aall.

Professoren er elles uroa over tendensane til at meir og meir arealplanlegging vert utført av private krefter.

- Det føregår ei tapping av den kommunale kapasiteten til å driva langsiktig og samordna planlegging. Kommunane vert i aukande grad presenterte for ferdige planar det kan vera vanskeleg å seie nei til utan å bli skulda for å vera lite næringsvennleg, meiner han.

Vekkar i soveby

Forskar Halvor Dannevig frå Vestlandsforsking er òg involvert i prosjektet, der han mellom anna har jobba med Naustdal kommune.

Han fortel at kommunen fekk seg ein tankevekkar i samband med det største planlagde bustadfeltet i Sogn og Fjordane – ein slags soveby midt mellom Florø og Førde.

Der var områdeplanen nesten ferdig og alt låg til rette for byggjestart, då ein mann frå nærmiljøet påpeikte at det var ein naturfare som ikkje var fanga opp av dei såkalla aktsemdkarta Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har for skredfare.

- Nærare undersøkingar viste at mannen hadde rett. Det var fare for sørpeskred i området, seier Dannevig.

Eit hus frå 1881 vart teke av raset. Huset er no rive. (Foto: Oddleif Løseth)

Dette viser ifølgje forskaren at det – trass innsatsen NVE har lagt ned i aktsemdkart for flaum, skred og steinsprang – framleis finst naturfarar som ikkje er fanga opp.

Og sidan lova er slik at kommunane ikkje treng å utreda faremoment som ikkje går fram av desse karta, kan ein risikera at det vert bygd der det faktisk ikkje er trygt.

Med bakgrunn i saka i Naustdal – der utbygginga no er førebels utsett – har forskarane utvikla ei sjekkliste til bruk for kommunane.

- Det er rett og slett ei huskeliste for å sikra at all eksisterande kunnskap vert innhenta og satt i system. Å betala for geologiske undersøkingar er kostbart, så dette kan kanskje hjelpa kommunane til å unngå å gjera dobbelt arbeid.

- Kanskje kan ein òg fanga opp nokre av dei blinde flekkane i kartverka til NVE, seier Dannevig.

Ressursmangel i småkommunar

Prosjektleiar Aall ser elles eit meir grunnleggjande problem knytt til ressurstilfanget i små kommunar. I dei minste kommunane slit ein med å finna ressursar til å driva sjølvstendig arealplanlegging i det heile.

- Og dette problemet kan jo verta større jo meir utfordrande arealplanlegging og klimaberedskap vert som følgje av klimaendringane.

- Du kan jo ringja til rådmannen i ein liten kommune og spørja om han eller ho kan avsjå 50 prosent meir ressursar til naudsynt planlegging, og sjå kva svar du får, oppmodar Aall.

Forskinga held fram ut 2014, og dei involverte legg stor vekt på at prosjektet skal munna ut i nyttige, praktiske resultat.

- Vi skal mellom anna koma med konkrete forslag til korleis kommunar og fylkeskommunar kan bruka arealplanlegging aktivt for å førebyggja klimarelaterte naturskadar, seier Aall.

Dessutan skal forskarane òg koma med framlegg til eit heilt nytt undervisingsopplegg om naturskade, klimaendring og arealplanlegging. Opplegget skal etter planen takast i bruk av mellom andre Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Powered by Labrador CMS