Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Her er folk frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik med på ei beredskapsøving. Øvinga var ein del av eit EØS-prosjekt direktoratet hadde i samarbeid med Romania.

– Atomberedskapen er i trygge hender

Godt samarbeid mellom ekspertar frå ulike land lovar godt for atomtryggleiken, meiner forskar ved Universitetet i Agder.

Samfunnsforskaren Kjerstin Lianes Kjøndal ved Universitetet i Agder (UiA) har no doktorgrad med ei avhandling om atomtryggleik. Etter å ha studert feltet, er ho sikrare på at beredskapen er i trygge hender.

– Det er eit velfungerande samarbeid mellom ekspertar frå ulike organisasjonar på både nasjonalt, regionalt og globalt nivå, seier ho.

For Noreg er særleg det sterke og veletablerte samarbeidet mellom dei nordiske styresmaktene viktig.

Kjerstin Lianes Kjøndal.

– Atomulykker kjenner ingen grenser, det såg vi tydeleg under Tsjernobyl-ulykka i 1986, og no er den trusselen aktualisert gjennom krigen i Ukraina. Heldigvis er det etablert gode samarbeid med lange historiske røter, og mange aktørar arbeider saman for å verne både menneske og miljø frå skadeleg stråling, seier Kjøndal.

Samarbeid over landegrensene

Arbeidet med atomtryggleik går føre seg på ulike felt, som strålevern, atomberedskap, sikring av atomkraftverk og ikkje-spreiing av atomvåpen. Innan desse områda vert det arbeidd på ulike måtar og med ulike aktørar.

Her i Noreg arbeider Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) tett saman med andre direktorat, og opp mot fleire ulike departement.

– Eitt døme er samarbeidet i Kriseutvalet for atomberedskap. Utvalet er leia av DSA, men har med representantar frå fleire ulike departement og etatar. Her er både Utanriksdepartementet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) involverte, seier ho.

Men arbeidet går ikkje føre seg berre på nasjonalt nivå. Ho har undersøkt både det norske, nordiske og globale arbeidet med atomtryggleik.

– Eit viktig bidrag frå forskinga mi er at eg har kartlagt ulike aktørar i Noreg, Norden og globalt, og med det bidratt med meir innsikt i korleis dei arbeider saman for å fremje atomtryggleik, seier forskaren.

Samarbeid på alle nivå

På norsk nivå tar studien føre seg arbeidet til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Den nordiske studien dreiar seg mellom anna om forholdet mellom nordiske direktorat innan strålevern og atomtryggleik.

Den internasjonale studien ser nærmare på korleis FN-organisasjonar og andre aktørar samarbeider for å utvikle retningslinjer innan dette feltet.

Samarbeid er eit sentralt stikkord på alle nivå.

– Dei nasjonale direktorata eg har forska på, er relativt små organisasjonar. Dei har ofte få ekspertar med spisskompetanse på felta sine. Sidan feltet nettopp er avhengig av spisskompetanse, driv dette organisasjonane til å til å samarbeide breitt med andre aktørar, også på tvers av landegrenser, seier ho.

Beredskapsarbeid frå ei såkalla Barents Rescue-øving i Murmansk.

Aktørar under politisk nivå

Kjøndal har særleg vore oppteken av å få fram samarbeid mellom aktørar som opererer under det politiske nivået nasjonalt, og aktørar som opererer på det globale nivået.

– Det viser seg til dømes at ekspertorganisasjonar under det politiske nivået nasjonalt, og ikkje-statlege organisasjonar på det globale nivået, har mykje å seie når det gjeld å utvikle standardar, forskrifter og lovar. Arbeidet til desse aktørane får store konsekvensar for praksis på nasjonalt nivå, seier Kjøndal.

Under disputasen fekk forskaren skryt for å ha opna eit nytt forskingsfelt ved å leggje særleg vekt på dei ikkje-politiske aktørane.

– Eg har ikkje lagt spesifikk vekt på den rolla statane har. Eg har heller sett at atomtryggleikssektoren er kjenneteikna av eit komplekst samspel mellom ulike typar aktørar som samhandlar på tvers av landegrensene, seier Kjøndal.

Øving ved utslepp frå reaktordrive fartøy ved kai i Tromsø. Øvinga vart gjennomført i 2022 i regi av Troms sivilforsvarsdistrikt.

EU betyr mindre

EU speler ei rolle for DSA og Noreg når det gjeld ulike deler av arbeidet med atomtryggleik, men ifølgje Kjøndal har EU mindre å seie enn mange andre aktørar.

EU er derimot viktige fordi dei lagar direktiv, og Noreg set desse direktiva ut i livet. Det gjer vi sjølv om vi ikkje er forplikta til å gjere det. Det er til dømes eit uttalt mål at Noreg skal vere på høgde med dei føringane som ligg i strålevernsdirektivet til EU, og vi ønskjer å vere på linje med andre europeiske land når det kjem til arbeid med strålevern, seier Kjøndal.

Ho peiker samtidig på at det er lite som tyder på at EU aleine har kapasitet til å ta ei leiande rolle på dette feltet.

– Det er andre aktørar som er styrande for korleis EU-direktiv innan strålevern blir til. Desse aktørane opererer på det globale nivået, seier ho.

Avhandlinga hennar viser at det grunnleggjande internasjonale arbeidet innan strålevern vert gjort av FNs vitskaplege komité for effektar av nukleær stråling (UNSCEAR), Den internasjonale kommisjonen for strålevern (ICRP) og Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

– Strålevernsdirektiva frå EU byggjer i veldig stor grad på det desse aktørane utviklar i fellesskap, seier ho.

Referanse:

Kjerstin Lianes Kjøndal: Governance processes in the nuclear safety sector How organizational history and organizational structures matter. Doktorgradsavhandling, Universitetet i Agder, 2022.

Powered by Labrador CMS