- Meir rettvis fordeling av ektefellers formue

Skal du skiljast og ektefella di eigde huset før ekteskapet tok til, kan du truleg sjå langt etter gevinsten av ei eventuell verdistigning.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Dette er urettvist. Den som bringer med seg formue inn i ekteskapet kjem i ein del tilfelle uforhaldsmessig godt ut, seier førsteamanuensis Thomas Eeg ved Juridisk fakultet, Universitetet i Bergen (UiB).

Han meiner lova bør tolkast annleis. Nyleg disputerte Eeg med ei avhandling om deling av ektefellers formuer ved separasjon og skilsmisse.

Utgangspunktet for norsk rett er at all formue som ektefellene har, inngår i delingsoppgjeret og skal delast likt. Det er likevel mange unntak, og eit er knytt til endringa frå ekteskapslovgivinga i 1991. Der vart det bestemt at formue som kan førast tilbake til tida før ekteskapet som hovudregel skal “skeivdelast”. Skeivdeling tyder at ein ektefelle på nærare vilkår har rett til å halde verdien av formuen utanfor ved deling.

Blir tolka for smalt

Eeg peikar på at det eksisterer ein unntaksregel for skeivdeling, denne regelen kan trekkast inn når deling gjev “eit openbart urimeleg resultat”. Unntaket har også blitt slått fast av norsk Høgsterett ved fleire høve, og retten har plikt til å vurdere dette. Ifølgje juristen bør retten og partane i sterkare grad ta i bruk unntaksregelen når formue skal fordelast.

- Det er tendensar i norsk rett til å være for strenge når det gjeld å bruke unntaksregelen ved fordeling av formue som den eine parten har brakt inn i ekteskapet - og at det blir gjort for sjeldan. Ved at skeivdeling er hovudregelen, sjølv om partane under ekteskapet har innretta forbruk og sparing ut frå det dei eig til saman, lir denne delen av familieretten under ein “systemfeil”. Den blir oppretthalden, når ein så sjeldan tek i bruk unntaksregelen.

- Det er ein risiko for at det blir lagt for stor rett på dommar frå Høgsterett som beskriv unntaksregelen som ein “snever” regel som skal nyttast svært sjeldan. Det er etter mi meining ei for smal tolking av “openbart urimeleg resultat”. Det som ville vere prinsipielt riktig ville vere at ein heldt utanfor den formuen ein hadde når ein gifta seg, tillagt ein rimeleg inflasjon. Når det gjeld annan verdistigning må det derimot finnast betre argument enn å legge noverdien til grunn, berre fordi den eine ektefella eigde formuen då ekteskapet tok til.

"Thomas Eeg."

- Spørsmålet er om rettsoppfatninga er såpass fastlåst på dette punktet at det må ei lovendring til, eller om ei endring kan skje ved refortolkning av lova, seier Eeg.

Urettvis skeivfordeling

48 prosent av norske ekteskap vil enda med skilsmisse i fylgje statistikken. I veldig få av desse finst nokon avtale på førehand om korleis ein skal fordele formua om ein går frå ein annan. Få har kunnskap om rettane sine.

- Norsk rett står i ei særstilling innanfor nordisk rett når det gjeld skeivdeling. I dei andre nordiske landa er det ei langt større grad av deling av familieformuen etter skilsmisse, og i Sverige får ein meir av ektefellens formue jo lenger ein har vore gift. Medan eit land som Tyskland til dømes bereknar både start- og sluttformue på ektefellene, og delar likt all tilvekst under ekteskapet, også verdistiging.

- I USA, der skilsmissefrekvensen også er svært høg, har The American Law Institute, som er eit slags rådgjevande organ for dei ulike statane si rettstilstand, rådd til at ein har ei gradert løysing, sier Eeg.

Den einaste samanliknbare doktorgraden om formuefordeling i Noreg vart skriven i 1892, og det har vore lite forsking på feltet. Det som har vore skrive er lærebøkar, lovkommentarar og tidsskriftartiklar, men ingen har sett på skeivdelingsregelen i eit større arbeid.

Eeg konkluderer altså med at ein kan komme langt med ei refortolkning av lova, mellom anna om bør ein sjå nærare på kva som meinest med at det kan gjerast unntak frå regelen dersom skeivdeling gir “eit åpenbart urimeleg resultat”.

Bra med meir firkanta reglar

Ifylgje juristen er det mogleg at ein kunne tene på meir firkanta, men også meir finmaska reglar. Han meiner ein måte å gjere det på er den The American Law Institute har tilrådd som modell for statane i USA, med ei trappeløysing, der ektefellanes “særformue” gradvis vert reklassifisert til “fellesformue” etter kvart som ein har vore gift lenger og lenger.

- Ulempa med slike firkanta reglar er at vi også her kan få uheldige utslag i nokon høve. Om ein til dømes mister 20 prosent rett til skeivdeling om ein har vore gift i fem år, også bortetter, kan det i enkelte, ekstreme tilfelle føre til at skilsmisser vert “tvinga” fram, utan at ektefellane vurderer tilstrekkelig grundig om dei heller bør fortsette samlivet.

- Men vi bør i alle fall diskutere om vi skal ha større og større grad av likedeling etter lengda på ekteskapet, og altså berre ha full skeivdeling for meir kortvarige ekteskap enn slik praksis synast utvikle seg. Vi bør leite etter rettferdige måtar å utlikne skilnader på, og ein kan ikkje sjå bort frå at systemet slik det verkar no i ein del tilfelle er kvinnediskriminerande, fordi det ofte er menn som tener mest, og som bringer med seg mest formue inn i ekteskapet, avsluttar Thomas Eeg.

Powered by Labrador CMS