Annonse

Offentlege nettsider - ikkje for innvandrarar?

Offentlege nettsider i Sogn og Fjordane er så godt som innvandrarfrie soner.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Om prosjektet

Mot eit multikulturelt Sogn og Fjordane

Målsetjing med forskingsprosjektet:

Undersøke korleis offentleg sektor i Sogn og Fjordane bidreg til integrasjon av innvandrarar gjennom digital offentleg informasjon og arbeidsintegrasjonstiltak.

Regionalt forskingsfond Vestlandet har støtta prosjektet med ein million kroner.

Prosjektansvarleg: Vestlandsforsking

Prosjektpartnarar: Høgskulen i Sogn og Fjordane, KS Sogn og Fjordane.

- Skal Kommune-Noreg nå fram til innvandrarane med digital informasjon, trengst det nasjonal koordinering og meir brukarinvolvering.

Slik konkluderer forskarane bak rapporten ”Mot eit multikulturelt Sogn og Fjordane.” Rapporten avdekkar store manglar i den digitale offentlege informasjonen frå kommunar og regionale aktørar til innvandrarane i fylket.

Bak rapporten står Grete Netteland og Carol Azungi Dralega, som har analysert ei rekkje kommunale nettsider samt nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen, NAV Sogn og Fjordane og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) Vest.

- Vi har òg gjennomført intervju, både med innvandrarar med ulik bakgrunn og med dei som står bak dei offentlege nettsidene, seier Netteland.

Manglar mottakarperspektiv

Rapporten konkluderer med at det offentlege i liten grad ser innvandrarane som målgrupper for sine nettsider. Svært lite informasjon er tilrettelagt for våre nye landsmenn og nettsidene i studien vert følgjeleg heller nesten ikkje brukt av innvandrarane.

Dels kjenner dei ikkje til sidene, dels finn dei ikkje fram og dels er språket for komplisert og byråkratisk – i tillegg til at det aller meste berre finst norsk (primært nynorsk) og ikkje på innvandrarane sine eigne språk.

- Sjølv innvandrarar som er høgfrekvente IT-brukarar og snakkar brukbart norsk, slit med å finne informasjon dei opplever som relevant og forståeleg, seier Netteland.

I tillegg til at dette skapar problem for innvandrarane sjølve, er det ei utfordring for Sogn og Fjordane, som treng meir arbeidskraft med kunnskap om både lokale tilhøve og samfunnsmessige ordningar.

I dag opplever ein nemleg at om lag 50 prosent av innvandrarane flyttar frå fylket etter ei tid.

På kant med Diskrimineringslova

- Vi snakkar her om minoritetar som ikkje får same nytte av digital informasjon som andre delar av befolkninga gjer, og dermed òg kanskje om eit demokratisk problem.

- Meir og meir informasjon frå det offentlege vert basert på digitale informasjonskanalar, seier Netteland.

Rapporten viser at den digitale informasjonen frå kommunar og regionale offentlege organ i Sogn og Fjordane i alvorleg grad er på kant med nokre av paragrafane i Diskrimineringslova.

- Sjølv om lova ikkje eksplisitt nemner digitale tenester og digital informasjon, skal informasjon frå offentlege styresmakter leggjast til rette for ulike brukargrupper, mellom anna for dei med etnisk minoritetsbakgrunn.

- Styresmaktene har dessutan eit ansvar for å sjå behova og synspunkta til ulike brukargrupper, seier Netteland.

Meir brukarinvolvering

For å bøte på nokre av manglane som vert dokumenterte i rapporten, kjem forskarane med ei rekkje tilrådingar. Desse handlar både om utforminga av offentlege nettsider og om tiltak knytt meir direkte til arbeidsintegrasjon.

- For å gjere dei offentlege nettsidene meir relevante, må ein ta innvandrarane med på råd og arbeide ut frå deira informasjonsbehov.

- Intervjua våre viser at innvandrarane gjerne vil bidra. Dei har ein vilje til å involvere seg som ikkje vert fanga opp i dag, meiner Netteland.

Ho viser til at mange av innvandrarane som vart intervjua, etterlyste heilt andre informasjonstypar enn det dei kommunale sidene baud på.

- Mange ønskjer seg enkel steg-for-steg-informasjon om korleis ein til dømes tingar ein legetime eller søkjer om barnehageplass. I EU-rammeverket for evaluering av eForvalting er liknande initiativ alt innarbeidde.

Kontekstuell informasjon viktig

Rapporten viser òg korleis manglande kontekst skapar problem:

- På kommunale sider klikkar innvandrarane gjerne på ”stilling ledig” fordi dei trur det er ein oversikt over ledige jobbar i kommunen generelt, det vil seie både i privat, statleg og kommunal sektor, og ikkje berre i den kommunale organisasjonen.

- Ei lenkje direkte frå dei kommunale sidene til nettopp ein slik oversikt hos NAV, hadde elles vore ein god idé, seier Netteland.

- Vi anbefalar òg at ein utviklar meir brukarvennlege nettsider med enklare språk, meir bruk av visuelle element, interaksjon og enkel tilgang til verktøy for omsetjing, seier Netteland.

Sjå til Sogndal

Rapporten trekk elles fram Sogndal som eit lyspunkt når det gjeld brukarinvolvering.

Som ein av få offentlege aktørar i undersøkinga, har Sogndal kommune trekt innvandrarane med i utforminga av ein kommunal informasjonsstrategi for busette flyktningar.

Men Sogndal òg har eit stykke veg att å gå. Sjølv om heimesidene til kommunen har fått god karakter i kvalitetsvurderinga til Direktoratet for IKT og Forvaltning (DIFI), klarte ikkje innvandrarane å navigere seg fram til relevant informasjon då dei testa desse sidene.

- Det fortel vel òg noko om at ikkje ein gong DIFI opererer med innvandrarar som sentrale målgrupper når dei lagar sine kriterium for offentlege nettsider, meiner Netteland.

Nasjonal koordinering naudsynt

Ho meiner elles at nettopp DIFI bør få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle meir innvandrarvennleg offentleg informasjon i digitale kanalar.

Rapporten tilrår samarbeid på tvers av kommunar og forvaltningsnivå og at det leggjast til rette for ein felles arkitektur for nettsider i kommunal, regional og statleg forvaltning.

- Vi ser klart eit behov for meir heilskapleg informasjon og innhald til innvandrarar, slik at all informasjon og alle digitale tenester som er relevante for innvandrarar, kan koplast på tvers av forvaltningsnivå. Det vil vere naturleg at DIFI står sentralt i dette arbeidet, seier Netteland.

- Dersom nettsidene til regionale aktørar òg vert baserte på ein slik felles arkitektur, kan innvandrarrelaterte tenester automatisk importerast til kommunale nettsider og integrerast med innhaldet der.

Rapporten held elles fram behovet for informasjon på fleire språk som eit argument for nasjonal koordinering.

- Å leggje til rette for offentlege nettsider på fleire språk vil vere svært ressurs- og kompetansekrevjande, særleg for dei mange småkommunane i fylke med mange nasjonalitetar og fleire ulike språk.

Klarspråk

Meir innvandrarrelaterte emneordkatalogar og utvikling av kriterium for kvalitetsvurdering av nettsider som fangar opp behova til innvandrarane, er andre tiltak som vert foreslått i rapporten.

Forskarane tek vidare til orde for at ulike kommunikasjonsinitiativ som er tekne i bruk i statsforvaltinga, som til dømes Klarspråk, òg må takast i bruk i kommunal sektor.

- Det ligg dessutan oppgåver her som heilt klart passar for det nye programmet KommIT, som skal jobbe for samordning i kommunesektoren og mellom statleg og kommunal sektor når det gjeld standardar og felleskomponentar, seier Netteland.

Arbeidsintegrasjon

Netteland og Dralega har òg studert innvandrarretta arbeidsmarknadstiltak i 14 kommunar i Sogn og Fjordane.

- Vi trur det er viktig å sjå digital informasjon og arbeidsintegrasjon i samanheng, og eit av tiltaka vi har foreslått i rapporten, er å bruke offentlege nettsider meir aktivt i norsk- og samfunnskunnskapsopplæringa, seier Netteland.

Ho meiner dette kan auke tempoet i språkinnlæringa og betre forståinga av styringsstrukturar, kulturelle kodar og lokale og regionale tilhøve.

- Dersom ein tek i bruk dei offentlege nettsidene i undervisninga og i tillegg let innvandrarane bidra med vurderingar av innhaldet, innhaldsproduksjon og omsetjing, kan det både stimulere språkutviklinga og indirekte bidra til betra arbeidsintegrasjon.

Netteland meiner òg det er viktig å utnytte offentlege nettsider betre til å både synleggjere innvandrarane sin kompetanse og dei spesifikke behova i næringslivet i Sogn og Fjordane.

- Og så kjem vil sjølvsagt alltid tilbake til språket. Meir intensiv språkopplæring og ikkje minst at det er opplæringsmateriell å få på nynorsk – som i dei fleste høve er arbeidsspråket i fylket – trur eg er alfa og omega.

Midlar til følgjeforsking

Rett før jul fekk fem forskingsinstitusjonar, Vestlandsrådet og Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar tre millionar frå Regionalt forskingsfond Vestlandet til å forske vidare på temaet arbeidsinnvandring til Vestlandet.

- Prosjektet skal både kartleggje arbeidsinnvandringa til landsdelen, sjå kva strategiar kommunane har for å møte innvandrarane og analysere korleis målgruppa sjølv opplever møtet med det offentlege, seier Netteland.

- Det skal bli spennande å få jobbe med dette feltet under ein slik felles Vestlandsparaply, legg ho til.

Prosjektet varar frå 2013 til 2015, og har som hovudmål å gjere kommunar og fylkeskommunar på Vestlandet betre i stand til å ta vare på den ressursen arbeidsinnvandrarar representerer for arbeids- og samfunnsliv i regionen.

Powered by Labrador CMS