– Breiband er ein grunnleggjande infrastruktur, på linje med straum og vatn. Alt pratet om å kome heimatt og flytte hit er ikkje verdt noko utan breiband, seier Ivar Petter Grøtte, forskingsleiar for IKT ved Vestlandsforsking, som har følgt Sogn og Fjordane sitt arbeid med breibandutbygging gjennom meir enn 10 år. (Foto: Øyvind Engan, NTB scanpix)

Dei som bygde breibandet

Historia om korleis utkantane fekk breiband er ei historie om dei som heldt fram med å byggje landet då staten rekna seg som ferdig.

Du hugsar kanskje modemet - den kvite boksen som ulte og peip kvar gong du ville kople deg til nettet? Telefonrekninga som vaks for kvart minutt du surfa på nettet? Det var i tida då vi var ei digital øydemark.

Før breibandet.

På 50-talet, den gongen vi bygde landet, var det staten som rulla ut straumleidningar og telefonlinjer over det steinete landet. Til slutt hadde folk på kvart avsides nes fått lys i lampa og telefon i sin eigen yttergang. Mykje seinare kom internett inn i liva våre, og vi kopla oss opp til verdsveven langs dei gamle koparlinjene.

Men då fleire kopla seg opp, og stadig meir skulle gjerast på nettet, vart det for trongt.

Det er her den lite kjende historia om breibandutbygginga i distrikta startar, nærare bestemt i Sogn og Fjordane. For i denne tida er statsmonopolet oppheva, og utbygging av breiband skal skje på kommersielt grunnlag.

Historia om korleis alle utkantane i eit fylke av utkantar fekk breiband er altså ikkje ein teknologisk parentes, men historia om eit samfunnsprosjekt. Eit prosjekt der målet er at alle, uansett kvar dei held til, skal få ferdast på den digitale allmenningen som løyser stadig fleire behov i kvardagen vår og som dei fleste av oss er hjelpelause utan.

Breiband frå grasrota

– Breiband er ein grunnleggjande infrastruktur, på linje med straum og vatn. Alt pratet om å kome heim att og flytte hit er ikkje verdt noko utan breiband, seier Ivar Petter Grøtte, forskingsleiar for IKT ved Vestlandsforsking, som har følgt fylket sitt arbeid med breibandutbygging gjennom meir enn ti år.

Sogn og Fjordane har heile tida hatt mange som forstod at breiband ikkje var for moro skuld, eit blaff eller ei sak for dei datainteresserte. Det dreier seg om leiarar frå ulike private og offentlege verksemder og organisasjonar i fylket, samla under den organisatoriske overbygninga IT-forum Sogn og Fjordane.

Dette forumet har vore sentralt for fylket sin framvekst av breiband nedanfrå, frå grasrota.

Fjerde sist

I 2001 skipa IT-forum Sogn og Fjordane ei eiga eining som skulle fylle tomrommet etter den tilbaketrekte staten. IT-forum Breiband vart etablert same år, med den same breie forankringa i offentlege institusjonar.

På dette tidspunktet låg fylket med alle fjordane og fjella på fjerde siste plass i den nasjonale rangeringa over fylka si breibanddekning. Fleire kommunar snudde seg rundt for å søke midlar frå det nasjonale Høykom-programmet, som støtta utbygging i område som breibandleverandørane fann ulønsame og let stå att. Men fordi kommunane var små og søknadene av varierande kvalitet, vart fylket sitjande med smular.

Det nyetablerte breibandforumet tok grep og samkøyrde kommunane sine initiativ. No måtte kvar kommune vurdere kva for ei bygd eller grend dei ville prioritere høgast. Kvar kommune fekk velje eitt utbyggingsområde, og regionråda vart trekte inn for å sjå til at prioriteringane var gode. Kvaliteten på søknadene vart sikra av erfarne søknadsskrivarar.

I 2003 fekk fylket den første store tildelinga av midlar til breiband.

– Etter det har det alltid vore samarbeid. Alle såg at ein fekk til betre prosjekt, seier Grøtte. Elles i landet var det få slike samla grep på fylkesnivå – dei fleste samarbeida føregjekk i regionar innanfor fylkesgrensene.

Når dei små går saman

Tolv år og mange breiband-mil seinare, møtest toppar frå offentleg og privat sektor til IT-forum-konferansen 2014 i Førde. Smila sit laust. Fylket som hang etter har fått tidenes største utteljing i den nasjonale konkurransen om midlar til breibandutbygging: ein firedel av den nasjonale potten, eller 39 millionar kroner.

Grøtte summerer opp tiåret frå fiasko til suksess slik:

– Dette er historia om regional motorganisering, om å gå mot makta og samle dei små til å gjere noko i lag. Når ein samarbeider, greier ein å få gjennomslag. Ein greier å lage miljø som til saman har nok erfaringar og kunnskap. Då kan ein ta tak i eit stort problem, seier IT-forskaren.

Ei utbygging nedanifrå

Utbyggingsmønsteret for digital infrastruktur i distrikta i Noreg etter 1998 liknar det ein finn i USA. Infrastrukturen blir bygd ut på ein ustrukturert måte, utan ein overordna plan. 

Etter at staten slutta å regulere telemarknaden i 1998, har staten hatt ei tilbaketrekt rolle i etableringa av breiband. I områda leverandørane frykta var ulønsame, vaks infrastrukturen likevel fram, men han vaks fram på grunn av lokale initiativ og nettverk.

– Det har skjedd ei vekst og konsolidering frå små cowboy-initiativ til store, seriøse leverandørar, seier Ivar Petter Grøtte.

Små, lokale utbyggingsselskap oppstod som paddehattar rundt tusenårsskiftet, då breibandutbygginga skaut fart. I 2006 fanst det 10 slike selskap i Sogn og Fjordane – ein del av dei opererte berre i ein enkelt kommune. Paddehattane slo seg saman, og etter nokre år fekk fylket færre og større selskap som blei meir profesjonelle.

I dag er det tre store breibandselskap som deler marknaden seg imellom. Desse har vore viktige for konkurransen med store Telenor og har korta ned ventetida for mange husstandar og verksemder i fylket.

Breiband blir berre viktigare

Spørsmålet no er korleis desse selskapa skal holde tritt med kapasitetsbehova som melder seg. 

I dag aukar nettbruken med om lag førti prosent i året, og det må ny teknologi til. Neste generasjon breiband etter ADSL er fiberbasert. Dei syltynne, knapt synlege fibrane har stor kapasitet til å overføre data – lynraskt. Med fiber vil kvar ein elev kunne levere lekser på nettet heimanfrå. Og når velferdsteknologien kjem og bergar kommunane frå eldrebølgja, blir fiber til alle ei svært viktig sak.

– Ein kan ikkje gjere skilnad på tenestene ein tilbyr folk ut frå kvar dei bur i kommunen, seier Jan Heggheim i Nasjonalt breibandråd, som fram til nyleg var leiar i IT-forum Sogn og Fjordane. Han trur dette behovet vil melde seg fort. Dessutan meiner han det om kort tid blir slik at næringslivet i distrikta skiftar ut dyre serverar med lagring av data i nettskya. Også det krev sin overføringskapasitet.

– Vi må berre halde fram med å fokusere på breiband, seier Heggheim.

Referanse:

Skogseid, I., Grøtte, I.P. & Strand, G. L., Understanding Broadband Infrastructure Development in Remote and Rural Communities – a Staged and Reflexive Approach. Journal of Community Informatics Vol 10, April, 2014. ISSN: 1712-4441

Powered by Labrador CMS