Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Sauene til Svein Misje er nyleg slopne på fjellbeite i området ved Kvitingen i Samnanger kommune. Dei kastar seg hovudstups i matfatet. Frå Neverkleiva på vel 400 meter over havet trekkjer dei vidare opp i fjellet.

Fjellbeitet er viktig for Vestlandsbonden

Mange sauebønder flyttar dyra sine til fjells når snøen slepp taket og utmarka er blitt eit matfat av godt beite. Vekselbruket mellom innmark og utmark har alltid vore viktig for bonden – og er det framleis.

Den typiske sauebonden på Vestlandet slepp sauer og lam på innmarksbeite rett etter lamminga. Når innmarksbeitet treng kvile før ny bruk, kjem fjellbeitet til sin rett.

Vanlegvis er utmarksbeitet på fjellet klart for beiting ein månads tid etter lamming, men i år opplever mange vestlandsbønder at sauesleppet er nokre veker forseinka. Årsaka er snø i fjellet.

Uansett om våren kjem seint eller tidleg, veit fagfolk og bønder at det i midtre og indre strok på Vestlandet er mykje fjellbeite av god kvalitet.

Her beiter sauen i grøderik skredmark ved Holskardvatnet, Vaksdal.

Nyttig kunnskap om beite

Seniorrådgjevar Yngve Rekdal.

Dette kjem også fram i ein fersk rapport av beitekartleggjar Yngve Rekdal i NIBIO og kollegaen Micheael Angeloff.

Hausten 2019 vart to sentrale beiteområde i Hordalandsfjella -Beinhellaren og Kvitingen - synfarne for å vurdere vegetasjon og beitekvalitet. Slik kunnskap er nyttig for beitenæringa, og oppdraget kom frå Hordaland landbruksselskap.

Rekdal forklarer at dei to områda er representative for fjellstroka i midtre delar av Hordaland. Her er nedbørrike fjell og snøleie framtredande. Snøleie er område der snøen smeltar ut seint i sesongen.

Område som dette har meir næringsrik vegetasjon enn utmarksbeite i ytre strok av Vestlandet. Der gjev dårleg beitekvalitet mange stader låg tilvekst på lamma, fortel Rekdal.

– I tillegg er flogemakk, flått og alveld utfordringar knytt til bruk av låglandsbeite. Derfor nyttar mange bønder ved kysten seg av beiteområda lenger inn i landet, seier han.

Alveld er ein sjukdom hos sau som blant anna fører til leverskade.

Utmark kan vere så mykje

Begge beiteområda i rapporten har mest snaufjell. Dei ligg i det som kallast lågfjellsona, mellom 700 og 1200 meter over havet. Mindre delar av områda når ned under skoggrensa.

Rekdal skildrar eit samansett landskap: Høgdene er godt runda, stadvis med bratte sider. Mellom høgdene ligg botnar, vatn og mange skar, kløfter, bekkedalar og holer.

Ifølgje Rekdal varierer naturtypar og beitekvalitet med berggrunn, topografi og klima. Også fjellbeitet kan ha næringsrike innslag, mellom anna gjeld det marktypane snøleie og skredmark.

Flyfoto av beiteområdet Kvitingen. Dei frodige skredmarkene er grønare enn annan vegetasjon.

Marginale ressursar med høg verdi

I snøleia smeltar snøen ut så seint i sesongen at vekstperioden blir for kort for mange plantar. Lyng, bregnar og høge urter finst ikkje der. Det gjer derimot starr, som er ein plante som kan minne om gras eller siv. Det finst også låge gras og urter – og den vesle vierarten musøyre.

– Snøleie er karakteristisk for fjella på Vestlandet, og særleg for tidlegare Hordaland. Der er 25 prosent av snaufjellsarealet snøleie, medan gjennomsnittet for landet er 14 prosent, fortel Rekdal.

For dyra som beitar her, er snøleia viktige for næring og tilvekst. Når annan vegetasjon er i ferd med å miste vokster og kvalitet, kjem snøleieplantene sauen til hjelp. Av same grunn er snøleia verdfulle for bonden. Men fordi dette er lite produktiv mark, er det nødvendig å tilpasse dyretal og beitetrykk der snøleia utgjer store areal.

Kva som er passande dyretal i ulike beiteområde er det ofte beitekartleggjarane si oppgåve å seie noko om.

I Rekdal sin rapport er det derfor gjort ei vurdering av kor mange sau beiteområdet i det kartlagde området kan ha plass til.

Snøleiegradient viser fordeling av vegetasjon etter snødjupn. Der snøen er djupast og ligg lengst, er vekstsesongen kortast. Men her kan dyr finne mat når annan vegetasjon er i ferd med å miste vokster og kvalitet.

Fjellbeitet betyr fleire dyr

Ein av dei som sender dyra sine til fjells, er sauebonde Svein Misje. Han driv eit småbruk på øya Misje i Øygarden, nordvest for Bergen.

– Eg kunne ikkje hatt meir enn vel halvparten så mange dyr om eg skulle klart meg med fôrgrunnlaget eg sjølv har her på øya, seier han.

Misje er ein av 23 medlemmer i Ytre Midthordland beitelag som til saman har 1700-1800 dyr. Vel 1700 sau vart sleppte i det eine av dei to områda NIBIO kartla i fjor.

I år er sauesleppet forseinka med to-tre veker. Misje sine sauer vart køyrde til fjells i månadsskiftet juni-juli. Flokken hans er på vel 80 dyr, små og store, og halvparten reiser til fjells.

Flinke til å finne mat

Ifølgje Misje er utmarksbeitet til sauene hans variert og tidvis ‘skrint,’ men sauene er flinke å finne mat der han finst. Dei vert sleppte på rundt 400 moh. og går opp i 700-1000 moh. Der vandrar dei og driv matauk gjennom sommaren.

– Sauen vil vandre, veit du. Slik er det med dyra anten dei vert sleppte i prima beiteområde eller skrinnare terreng. Korleis dei legg på seg vil variere og jamne seg ut. Sjølv er eg vel nøgd med tilveksten på sauene som har vore til fjells.

Misje har køyrt sauene sine til det same fjellbeitet, ti mil innover i landet til Samnanger og Kvitingen-området, sidan 1993. Det har han tenkt å halde fram med.

– Det handlar ikkje berre om kjøtvekt. Det handlar også om trivsel – både for dyra og meg som bonde, legg sauebonden til.

Han kunne sikkert lagt til at det handlar om fornuftig ressursutnytting. I enkelte areal er det berre sau og anna småfe som kan omsette til mat.

KVAR GÅR BEITEDYRA? Svaret finn du i Kilden på http://kilden.nibio.no. Klikk på kartlaget: Beitelag. Der ligg ferske tal for sau, lam, geit og storfe som vart sleppte på utmarksbeite i ulike delar av landet i 2019. Namn på beitelaga med geografisk plassering er også teikna inn. I Noreg var det 749 beitelag i 2019. Til saman hadde laga 1,44 mill. sau, 85 500 storfe og 16 000 geit. Basis for tala er søknadar innsendt til stønadsordninga Organisert beitebruk (OBB). Tilslutninga til OBB varierer frå 95 % av sauen i Oppland og til 40 % i Rogaland. (Foto: Kjersti Kildahl)
Yngve Rekdal tek pause i beitekartlegginga. (Foto: Geir Harald Strand)
Sauebonde Svein Misje i Øygarden. (Foto: Kjersti Kildahl)
Kystlynghei pregar utmarksbeitet Misje har tilgang på nær garden. I ei rute på 1 m2 viser han fram røsslyng, krekling, klokkelyng, blokkebær og blåbærlyng. (Foto: Kjersti Kildahl)
Utsyn mot vest frå utmarksbeitet som sauene til Misje har i heimeområdet sitt. Kystlynghei utgjer det meste av beitet. (Foto: Kjersti Kildahl)

Eit landskap forma av bruk

For beitekartleggjar Yngve Rekdal i NIBIO er beiteområda i fjella på Vestlandet døme på at ressursutnytting og landskapsskjøtsel går hand i hand. Bonusen er kulturlandskapet vi ofte tenkjer på som ‘vår natur.’

– I mange av dei viktigaste reisemåla, som Lofoten og fjordane på Vestlandet, er landskapet i endring på grunn av lågt haustingstrykk. Skal dagens landskap haldast i hevd, krevst god kultivering av utmarka, høgt dyretal og lang beitesesong, seier han.

Rekdal legg særleg vekt på at tidleg slepp er viktig for at dyra skal ete mest mogleg av knoppar og skot slik at tre, buskar og bregnar blir hemma i vekst.

Slik gir beitespesialisten ei oppskrift mot attgroing og eit vink til det politiske målet om «bedre utnytting av beitearealer i inn- og utmark».

Referanse:

Yngve Rekdal og Michael Angeloff: Fjellbeite i midtre delar av Hordaland. Rapport frå synfaring av beiteområda Beinhellaren og Kvitingen. NIBIO Rapport, 2020.

Dei overordna måla i norsk landbrukspolitikk

Landbrukspolitikken har fire overordna mål. Desse er: Matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Eit samla storting står bak måla som er nedfelt i landbruksmeldinga "Endring og utvikling— En fremtidsrettet jordbruksproduksjon" (Meld. St. 11 (2016–2017)).

Dette er henta frå landbruksmeldinga:

  • "Aktiv drift i landbruket utvikler kulturlandskapet og holder det ved like slik at ressursgrunnlaget, naturtyper og areal med høyt naturmangfold også blir ivaretatt. Eksempler på dette er naturtyper som slåttemark, naturbeiter og kystlynghei som er avhengig av beitebruk og slått for å hindre gjengroing."
  • "Samtidig må det grasbaserte husdyrholdet økes i grasområdene, med vekt på bedre grovfôr og bedre utnytting av beitearealer i inn- og utmark."
  • "Ved behandlingen av de siste årenes jordbruksoppgjør har Stortinget lagt vekt på at økt produksjon, så langt som mulig, skal skje med grunnlag i norske ressurser."
Powered by Labrador CMS