Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nordlandsforskning - les mer.

Alle historiene deltakarane i undersøkinga fortalde om å kome ut, handla også om å kome inn i eit skeivt fellesskap. (Illustrasjon: Angyalosi Beata / Shutterstock / NTB scanpix).

Løfter fram utfordringar i skeive liv

Ein ny forskingsrapport løfter fram felles erfaringar og utfordringar som pregar liva til skeive i Noreg.

Publisert

Rapporten Skeive livsløp er basert på livshistorieintervju med nesten 100 skeive i ulike aldrar og med ulik bakgrunn. Omgrepet skeiv omfattar ei rekke ulike identitetskategoriar og rommar både lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønnpersonar.

– Gjev det likevel meining å snakka om skeive som ei gruppe? Både ja og nei. I denne rapporten løfter me fram nokre overordna tema og erfaringar som me meiner er felles på tvers av dei mange forskjellane, seier Helga Eggebø, seniorforskar ved Nordlandsforskning og medforfattar av rapporten.

Fem sentrale hendingar

Rapporten viser blant anna at ikkje alle skeive føler seg komfortable med kategorien dei har fått tildelt. Folk som har blitt intervjua, gjev uttrykk for at ingen av omgrepa stemmer heilt med personen dei føler at dei er.

– For andre stemmer omgrepet godt og har ein viktig funksjon. Til dømes kan ordet lesbisk for nokre skape moglegheiter til å forstå seg sjølv, bli forstått av andre og finna eit fellesskap, seier Eggebø.

Forskarane har identifisert fem særskilt viktige hendingar i skeive livsløp:

1. Å føle seg annleis.
2. Bli utsett for hatytringar, diskriminering, mobbing og vald.
3. Oppleve seksuell krenking og skeiv identitetsdanning.
4. Å kome ut og å kome inn.
5. Forhandlingar om normative familieliv.

– Alle informantane, uavhengig av kvar dei er oppvaksne og når dei er født, har vekst opp i eit samfunn der heterofili har vore normalen, seier Elisabeth Stubberud, forskar ved likestillingssenteret KUN og medforfattar av rapporten.

– Eit fellestrekk for mange av dei vi har intervjua, er dermed følelsen av å vera annleis, seier ho.

Ein lite undersøkt samanheng

Ei anna sentral erfaring i liva til mange skeive er å bli utsett for hatytringar, diskriminering, mobbing og vald.

– Ein slik risiko gjer at mange opplever ei frykt for å vere til stades på visse arenaer og i visse situasjonar. Frykta kan gjere at mange skeive ikkje har moglegheita til å delta i samfunnet på like vilkår som heterofile og cis-personar, seier Stubberud.

Erfaringar med seksuell krenking er også noko mange skeive har til felles. Forskarane trur det finst ein samanheng mellom slike opplevingar og identitetsdanning.

– Barn og unge som står aleine i utforskinga av seksualitet og identitet, kan vere i ein særskilt utsett posisjon når det kjem til seksuelle krenkingar. Vi trur det er verd å utforske nærmare korleis seksuelle krenkingar heng saman med det å utvikle ein skeiv identitet, seier Stubberud.

Fellestrekk og ulikhetar

Å kome ut som skeiv er utvilsamt ei viktig hending i eit livsløp. Forskarane opplevde at alle historiene deltakarane fortalde om å kome ut, også handla om å kome inn i eit skeivt fellesskap.

– Det viktigaste med slike fellesskap, handlar om å finne ein stad, med menneske som har liknande erfaringar som deg, kor ein kan vere normal i sit eige liv, seier Stubberud.

Den siste hendinga forskarane peika ut som sentral, er korleis dei skeive stillar seg til forventingane om eit familieliv som inneberer å få seg ungar med ein partnar av motsett kjønn.

Sjølv om felles erfaringar blir trekt fram i rapporten er ikkje kompleksiteten i materialet gløymt bort.

– Me viser også breidda i ulike erfaringar og korleis forskjellar i erfaringar heng saman med alder, sosial bakgrunn, religion, innvandrarbakgrunn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og så bortetter, seier Eggebø.

Referanse:

Helga Eggebø, Elisabeth Stubberud og Norman Anderssen: Skeive livsløp. En kvalitativ studie av levekår og sammensatte identiteter blant lhbtis-personer i Norge. Rapport fra Nordlandsforskning, 2019. (pdf)

Powered by Labrador CMS