Lyngplanter er rike på nektar og difor populære blant insekta. Klokkelyng - Erica tetralix - er vanleg i lyngheiar langs atlanterhavskysten. Den grøne posen hindrar insekt i å suge nektar frå plantekjertlane i 24 timar. Metoden sikrar at nektarmålinga blir nøyaktig.  (Foto: Mathilde Baude)
Lyngplanter er rike på nektar og difor populære blant insekta. Klokkelyng - Erica tetralix - er vanleg i lyngheiar langs atlanterhavskysten. Den grøne posen hindrar insekt i å suge nektar frå plantekjertlane i 24 timar. Metoden sikrar at nektarmålinga blir nøyaktig. (Foto: Mathilde Baude)

Færre blomstrar til biene

Fire blomsterartar står for halvparten av all nektaren i Storbritannia. Funnet overraskar forskarane.

Publisert

Om prosjektet

Forskingsprosjektet AgriLand - Linking agriculture and land use change to pollinator populations vart utført av forskarar ved universiteta i Leeds, Bristol og Reading og to britiske institutt som svarar NINA og Bioforsk: Centre for Ecology and Hydrology (CEH) og Food and Environment Research Agency (FERA).
Mark Gillespie var ein av deltakarane. Gillespie er økolog og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Studien var finansiert av det britiske forskingsprogrammet Insect Pollinators Initiative på til saman 10 millionar britiske pund. (https://wiki.ceh.ac.uk/display/ukipi/Home)
Nature publiserte forskarane sin artikkel om nektar i Storbritannia 4. februar 2016.

«Where have all the flowers gone?» syng Pete Seeger i protestvisa frå 1955.

Mens Seeger stod på barrikadane, gjekk landbruket gjennom eit kraftig løft. Slåmaskiner, traktorar og skurtreskarar gjorde det lettare å utnytte kvar flekk med dyrkbar jord. Slik vart det stadig lengre mellom duvande enger og rufsete skogholt. Ny forsking tyder på at landbruket har forsynt seg for kraftig av matfatet til dei livsviktige, men sårbare biene. 22 blomsterartar står for 90 prosent av nektaren – og berre fire blomsterartar står for halvparten.

Feltarbeid på dyrka mark. Slike område har færrast blomster av alle stadene biene ferdast. Forskarane trur industrialiseringa av landbruket kan vere ein av grunnane til at det vart mindre nektar i Storbritannia mellom 1930 og 1978. (Foto: Mathilde Baude)
Feltarbeid på dyrka mark. Slike område har færrast blomster av alle stadene biene ferdast. Forskarane trur industrialiseringa av landbruket kan vere ein av grunnane til at det vart mindre nektar i Storbritannia mellom 1930 og 1978. (Foto: Mathilde Baude)

Forskarane som har kartlagt kor mykje nektar som finst i heile Storbritannia, vart overraska over kor få blomsterartar biene får maten sin frå.

– At såpass få blomsterartar står for halvparten av all nektar, inneber ein stor risiko for biene, seier Mark Gillespie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som var med på prosjektet.

Timinga kan bli feil

Nektar er for bier det brødskiva er for nordmenn. Men sjølv ein brødelskande nordmann treng variasjon: ein dag kneipp, ein dag grovbrød eller til og med litt loff. Slik er det også med biene. Men medan vi kan fryse ned brød til ein annan gong, er biene prisgitt det som til kvar tid blomstrar.

Problemet blir tydeleg når ein ser på dei fire artane som viste seg å stå for halve nektarmengda i Storbritannia. Blomstrene er kvitkløver, myrtistel, røsslyng og purpurlyng. Sjølv om dei to lyngplantene er veldig rike på nektar, er dei utan blomstrar til august eller september. Forskarane er dessutan urolege for at klimaendringane skal flytte på blomstringstidspunktet til viktige planter.

– Dermed kan vi oppleve at det ikkje finst nok blomstrar til biene i alle delar av sommarhalvåret, seier Gillespie.

Å telje blåklokker

Det var ei omfattande øving å komme fram til nektartala. Forskarane tok utgangspunkt i ei årleg, nasjonal oversikt som viser kor mange prosent kvar blomsterart utgjer i naturområde der biene trivst. Satelittbilete gav svaret på kva naturområde som faktisk fanst på bakken, landet over. Artsrikdomen varierer mykje mellom desse landskapa.

Kartet viser... (Foto: (Illustrasjon: Mathilde Baude))
Kartet viser... (Foto: (Illustrasjon: Mathilde Baude))

Dyrka mark har aller minst å tilby biene, medan til dømes lyngheier er fulle av nektar i blomstringa, ifølgje Gillespie.

No hadde forskarane eit overslag over kor mykje du finn av til dømes blåklokker i Storbritannia. Siste steg var å sjekke nektarinnhaldet i kvar blomsterart. Forskarane starta med 400 artar, trekte ifrå dei som greier seg utan bier og sat att med 200. Sjølve feltarbeidet var å samle nektarprøvar frå 175 av blomsterartane. No hadde dei anslått summen av all britisk nektar, men talet viste seg å vere lågare enn forskarane venta.

Snudde i 1978

Det store biletet vart tydeleg for forskarane: Frå 1930 blei det stadig mindre nektar å finne. Med færre blomsterartar vart matfatet òg meir einsidig. Heilt til nedgangen slakka av rundt 1978 – utan at forskarane har slått fast kva som endra seg.

Gillespie har ein teori:

– Kanskje hadde vi i etterkrigsåra forsynt oss så kraftig av det britiske landskapet at det meste av jord var blitt utnytta innan 70-talet. Med andre ord: Botnen var nådd.

Utan at det finst tilsvarande studiar om Noreg, veit vi at landbruket her til lands har vore gjennom den same moderniseringa. Sjølv om vi har fleire fjell, dalar og utilgjengelege område der blomstrane kan stå i fred, er det sannsynleg at utviklinga har vore lik.

– Også her er nok matfatet til biene blitt mindre, både fordi vi har dyrka marka hardare og fordi vi har mista mange av dei blomsterrike kulturlandskapa som vart skjøtta på gamlemåten, seier Stein Joar Hegland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Lat buskaset stå

Forskarane tok nektarprøvar av 175 blomsterartar. Prøvane var nødvendige for å slå fast kor mykje nektar som finst insektpollinerte blomstrar. Nektar er ein viktig del av maten til bier og andre insekt som bestøvar blomstrar. (Foto: Mathilde Baude)
Forskarane tok nektarprøvar av 175 blomsterartar. Prøvane var nødvendige for å slå fast kor mykje nektar som finst insektpollinerte blomstrar. Nektar er ein viktig del av maten til bier og andre insekt som bestøvar blomstrar. (Foto: Mathilde Baude)

Å ta vare på bier, humler og andre pollinerande insekt er i vinden i dag. Rapportane om bidød skremmer, og det er blitt vanlegare å plante freistande roser og fargesterk klematis i hagen, for biene sin del. Medvitne bønder set kanskje att striper med urørt eng så det skal finnast litt å ete for dei flygande insekta der òg.

Forskarane fann ut at nektarmengda hadde lege på same nivå frå 1978 til 2000. Frå 2000 til 2007 kunne dei spore ein svak auke. Sjølv om forskarane ikkje har studert årsakene til den forsiktige betringa, understrekar Gillespie at alt folk gjer for biene har mykje å seie for nærområdet.

– Den svake betringa heng kanskje òg saman med at vi gradvis er blitt meir medvitne om ulempene ved knallhard utnytting av jorda, seier Gillespie. Han peikar på positive utviklingstrekk som økologiske dyrkingsmåtar og vern av til dømes lyngheier.

Men siste ord er på ingen måte sagt om blomstrane og dei gåtefulle biene.

– Vi veit framleis ikkje sikkert om det var færre blomstrar som gav oss færre bier eller omvendt – at biene forsvann først, seier forskaren.

Referanse: 

Mathilde Baude, mfl. Historical nectar assessment reveals the fall and rise of floral resources in Britain, Nature 530, februar 2016.doi:10.1038/nature16532. Sammendrag.