Å ta godt vare på menneske med demens er ei viktig, men dyr og krevjande oppgåve. Etter kvart som befolkninga i vestlege samfunn blir eldre, vil også fleire oppleve å få ein eller annan form for demens.
Difor vil det vere viktig å kunne fange opp utvikling av demens så tidleg som råd, slik at ein kan kome i gang med tiltak som kan bremse utviklinga.
No har forskargrupper i München, New Mexico og Bergen i samarbeid utført ein studie som viser at teikn på demens er synlege i hjernen lenge før pasientane får nedsett funksjonsevne. Resultata blir publiserte i PNAS i desse dagar.
Svikt i nevrale nettverk
I studien blir ei gruppe friske og velfungerande eldre samanlikna med ei gruppe som opplever lett svikt i kognitive funksjonar, som til dømes minne. Tilstanden er kalla Mild Cognitive Impairment (MCI) og er kjent for ofte å utvikle seg til demens.
- Svikten er ikkje så ille at ein kan kalle dei sjuke. Det kan samanliknast med at ein kjenner at ein kjem til å bli forkjølt før ein har fått feber eller andre symptom. Ein berre veit at noko er i kjømda.
- På same måten opplever denne gruppa at noko ved minnet ikkje er heilt som før, fortel stipendiat Tom Eichele frå fMRI-gruppa ved Psykologisk fakultet og Haukeland universitetssjukehus.
Ved hjelp av strukturell og funksjonell MRI, har forskarane studert hjernen til forsøkspersonane.
I hjernen finst det forskjellige nevrale nettverk som dannar såkalla bakgrunnsaktivitet, og desse nettverka er svært aktive både når hjernen mottek stimuli, og når han kviler.
Ein veit at hjå pasientar med Alzheimers sjukdom, er desse nettverka prega av minka aktivitet og reduserte koplingar. Forskarane ville sjå om dei kunne oppdage liknande teikn hos pasientar som enno ikkje fått konstatert demens.
Celletap og degenerering
- Vi har studert pasientar i kvile, dei blir ikkje bedne om å utføre oppgåver. Å bli beden om å utføre ei oppgåve som ein kanskje er usikker på om ein greier å løyse, ville ført til ulike psykologiske effektar som kunne påverke dei reint biologiske målingane.
- Ved å studere hjernen i kvile, er vi meir sikre på at vi måler berre biologiske funksjonar, seier Eichele.
Funna viser at nokre område i desse nettverka har redusert grå substans. Det tyder på at dei tapar celler og at nevral degenerering allereie er i gang, sjølv om pasienten eller pårørande enno ikkje merkar tydelege symptom.
- Det vi fann i hjernane til desse pasientane, ville ikkje vore overraskande om dei var demente. Det er dei ikkje, men hjernen deira ser ut som om dei er det.
- Slik får vi ei åtvaring om kva som kjem, og ein kan førebu seg på det ved å starte terapi, peikar Eichele på.
Kan tvinge hjernen til å halde seg i form
- Dette er ei gruppeundersøking, og vi må sjå nærare på utslaget for enkeltpasientar før metoden kan brukast i diagnostisk samanheng. Slike analyser held vi på med no.
Annonse
- Når det er sagt, så trur vi at dette vil vere ein enkel og robust test som kan brukast rutinemessig i klinisk samanheng, seier professor Valentin Riedl ved Nevroradiologisk avdeling ved München tekniske universitet.
I tillegg til at testen tek kort tid, slepp ein å gjere seg avhengig av informasjon som pasienten sjølv må oppgje. Slik får ein meir objektiv informasjon.
Riedl peikar på at om lag 10 prosent av personar over 65 år har MCI. Av desse utviklar halvparten demens innan fem år. Innslaget av MCI i befolkninga aukar raskt etter 65 år.
Demens har dermed potensial til å bli eit stort samfunnsproblem. Blir det derimot oppdaga tidleg nok, kan kanskje hjernen trenast til å prøve å kompensere for tapet.
- Hjernen er organisert på ein måte som gjer at dersom nokre delar blir sett ut av spel, kan andre delar til ein viss grad kompensere for dette gjennom trening, fortel Eichele.
- Det er stor semje om at læring, intellektuell aktivitet og sosiale relasjonar tvingar nevrona i hjernen til å halde seg i form.
Koplar ulike data
Studien er gjennomført av eit tverrfagleg og internasjonalt mannskap, noko som i aukande grad er nødvendig for å kunne nytte dei ulike innfallsvinklane slik forsking krev.
Samarbeidet mellom laboratoria kom i gang etter ein workshop organisert av fMRI-gruppa i fjor haust.
- Vi meiner at ein viktig del av forsking på mental helse er å kunne kople saman ulike typer data, som funksjonelle og strukturelle bildedata, elektrofysiologi og nevropsykologi, opplyser Eichele.
- Fleire mentale sjukdommar har ein del felles symptom, til dømes kan ein finne symptom på demens ved alvorlege depresjonar og ved langvarig schizofreni.
- Ved å ta i bruk ulike modalitetar håpar vi etter kvart å kunne finne ut korleis dette kan sporast til grunnleggande nevrobiologiske markørar.