Annonse

Slik blir du ein stor statsminister

Å bli hugsa som ein stor statsmann er ikkje berre eit spørsmål om dyktigheit, men også om å vere på rett stad til rett tid. – Christian Michelsen er Noregs mest overvurderte statsminister, seier Gunnar Grendstad.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Christian Michelsen får den tvilsame æra av å vere Noregs mest overvurderte statsminister. (Foto: Wikimedia Commons)

Prediksjon av ettermæle

Grendstad og Holgersen har utarbeidd prediksjonsmodellen på bakgrunn av Kjell Cordtsen si statsminister-undersøkjing i 1997, der ekspertar i form av historikarar, statsvitarar og redaktørar vart bedne om å vurdere norske statsministrar.

Artikkelen ”Varighet og velstand. En prediksjonsmodell for omdømmet og ettermælet til de norske statsministrene i det 20. århundre” kjem på trykk i Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift 2009, nummer 2, i juni.

Christian Michelsen var norsk statsminister frå 1905 til 1907. Han losa landet gjennom fredsforhandlingar med Sverige og sat i førarsetet under unionsoppløysinga.

Han er også eit godt døme på at historiske omstende utanfor individet sin kontroll, eller rein og skjær flaks, kan ha noko å seie for ein statsminister sitt ettermæle.

Det meiner Gunnar Grendstad, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Varigheit og økonomi avgjer

Saman med journalist Jon Dagsland Holgersen har han henta ut systematikken i ekspertvurderingar av Noregs statsministrar og brukt dette til å predikere regjeringssjefane sitt ettermæle.

Her kjem Christian Michelsen ut som ein av statsministrane med best ettermæle gjennom tidene, berre slått av Einar Gerhardsen.

– Historikarar, statsvitarar og journalistar er svært samstemte når dei vert bedne om å vurdere virket til dei norske statsministrane opp gjennom historia.

- Vi har testa ut ulike hypoteser for å finne ut kva faktorar som gjer ekspertane så samstemte i sine vurderingar, seier Grendstad.

Statistisk sett er det to faktorar som er avgjerande for korleis statsministrane vert vurderte av si ettertid, ifølge Grendstad og Holgersen.

Kor lenge ein statsminister har fått sitje i embetet er ein av desse.

– Dersom ein statsminister skal bli sett som stor må han eller ho ha sete lengst mogleg, seier Grendstad.

Gerhardsen og Nygaardsvold er begge døme på statsministrar med lang fartstid som vert hylla av ettertida, medan Syse hamnar i den nedre enden av skalaen.

Han vert av fleire ekspertar vurdert slik nettopp med den grunngjevinga at han ikkje sat lenge som statsminister.

Einar Gerhardsen tar førsteplassen, med Michelsen som ein god nummer to på ettermæleskalaen. (Figur frå artikkel i Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift)

I tillegg til stayer-evne er det avgjerande for statsministrane sitt ettermæle at han eller ho har hatt dei økonomiske konjunkturane på si side, ifølge Grendstad.

I undersøkinga er gode økonomiske tider målt i arbeidsløyse, og samsvaret mellom periodar med låg arbeidsløyse og eit godt ettermæle for statsministrar er tydeleg.

- Faktorane varigheit og velstand forklarer over halvparten av all variasjon kring statsministrane sitt ettermæle, seier Grendstad som understrekar at dette styrkar modellen for ettermælet.

På rett stad til rett tid

Men Christian Michelsen er eit statistisk villskot. Han fell som den einaste statsministeren utanfor modellen. Ifølge Grendstad er det her tydinga av flaks kjem inn i biletet.

– Anten vert Michelsen overvurdert av ekspertane eller så vert han underpredikert i modellen, seier Grendstad.

Michelsen hamna midt i ein svært spesiell politisk situasjon og vart den første statsministeren i eit nytt og sjølvstendig Noreg. Ekspertane trekk alle fram hans rolle under unionsoppløysinga som eit særtrekk.

Men han er ikkje åleine om å ha vore på rett tid til rett stad. Ifølge Grendstad kan også John Lyng (1963) og Christopher Hornsrud (1928) ha fått eit løft gjennom historiske hendingar.

– Dei representerte begge ei ny tid, seier han.

Trass i at både Lyng og Hornsrud er å finne blant den øvre halvdelen i ettermælemodellen, ser ikkje deira popularitet ut til å ha gjeve etterfølgjarane noko drahjelp. Den har heller ikkje vore ei ulempe.

Grendstad og Holgersen har ikkje funne noko som tilseier at det å ’hoppe-etter-Wirkola’ er ei forklaring som kan brukast til å forklare ettermæle i norske forhold.

– Formuleringa om ’å leve i skuggen av Gerhardsen’ får ikkje støtte i denne modellen, seier Grendstad.

Stoltenberg midt på treet

Professor Gunnar Grendstad har i samarbeid med Jon Dagsland Holgersen predikert norske statsministrar sitt ettermæle. Jens Stoltenberg må finne seg i å hamne midt på treet. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

I ettermælemodellen hamnar Gerhardsen, Michelsen, Knudsen og Brundtland i ei klasse for seg sjølve.

Verken Bondevik eller Stoltenberg hadde sete som statsminister då ekspertvurderingane Grendstad og Holgersen har nytta som bakgrunn for modellen vart utførte i 1997.

Ved å ta utgangspunkt i varigheita på tida deira som statsminister, og å rekne ut arbeidsløysa i løpet av denne perioden, kan dei likevel nytte modellen for å framkaste ettermælet deira.

Og mest sannsynleg vil verken Bondevik eller Stoltenberg gå inn i historia som stjerner på statsministerhimmelen.

– Både Bondevik og Stoltenberg får eit ettermæle midt på treet, seier Grendstad.

Eit eventuelt gjenval av den raud-grøne regjeringa med Stoltenberg i førarsetet og økonomien på stell må til dersom den sitjande statsministeren skal ha håp om å kome ut som meir enn middels for ettertida.

Mer informasjon:

regjeringen.no: Norges regjeringer siden 1814

Wikipedia: Liste over Norges statsministre

Powered by Labrador CMS