Nokon er positive, og andre er negative til Langfredagsavtalen i Nord-Irland. Bildet er frå 2013 og visar ei grafittitegning i Øst Belfast. (Foto: Reuters / NTB Scanpix)

Langfredagsavtalen i Nord-Irland er ein politisk suksess

Fredsavtalen mellom katolikkar og protestantar i 1998 gjorde slutt på omfattande vald og terror i Nord-Irland. – Men avtalen har på ingen måte ført katolikkar og protestantar nærare einannan, seier professor.

– Langfredagsavtalen i 1998 var på mange måtar ein ny fødsel for Nord-Irland, seier Charles Armstrong frå Universitetet i Agder.

– Han gjorde slutt på nærmare 30 år med omfattande vald og terror. Det har vore spreidd uro og valdshendingar etter avtalen også, men ikkje i det omfang som var før.

Armstrong er professor ved Universitetet i Agder (UiA) og saman med førstelektor Jan Erik Mustad og professor David Herbert er han redaktør av boka Arven etter Langfredagsavtalen.

Ulike syn på avtalen

– Det er ein lang tradisjon i den irske litteraturen for å skrive hyllingstekstar eller det motsette om politiske leiarar. Heller ikkje forfattarar av skjønnlitterære bøker er samde om kva Langfredagsavtalen i grunnen har betydd for provinsen, seier Armstrong.

Nokon er positive, og andre er negative til avtalen og utviklinga i etterkant.

– Det er påfallande mange murar og stengsler nær sagt over alt i Belfast og Londonderry. Avtalen har på ingen måte ført katolikkar og protestantar nærare einannan, men har snarare sytt for at dei lever kvar for seg, seier professor David Herbert.

Han brukar sine eigne erfaringar frå den tida han budde i Nord-Irland etter fredsavtalen.

Forskarane Jan Erik Mustad, David Herbert og Charles Armstrong gir ut bok om Langfredagsavtalen i Nord-Irland. (Foto: Atle Christiansen, UiA)

Avtalen delte folket

Jan Erik Mustad skriv i boka om partipolitiske endringar i Nord-Irland, og særleg endringane i Det demokratiske unionistpartiet (DUP) etter 1998.

Mustad stadfesta inntrykket Herbert hadde frå opphaldet i provinsen og viste til at tanken bak avtalen var at partane ikkje kunne bu og fungere saman.

– Dei måtte skiljast, og det er rundt 50 mur-gjerde i Nord-Irland i dag som skil partane frå einannan. Dei lever i fred med einannan, men dei lever ikkje saman, seier Mustad.

Han understreka at Langfredagsavtalen var og er ein segregeringsavtale. Partane er delt og bur i kvar sine område, og slik held dei seg frå einannan.

Ein suksessavtale

Likevel er avtalen ein siger.

Partane la vekk sine prioriterte ønskje og gjekk inn for ei mellomløysing. Avtalen kom i stand på langfredag, men dei tre forskarane peiker på at det kanskje hadde vore enda meir symbolsk korrekt om avtalen vart underteikna påskemorgon: Langfredagsavtalen var ein ny start for Nord-Irland.

Det har vore fred og delvis forsoning i Nord-Irland sidan avtalen i 1998 og fram til i dag, men det går stadig føre seg politiske og ideologiske kampar om fredsavtalen mellom protestantar og katolikkar.

– Langfredagsavtalen i 1998 er den største og viktigaste avtalen i Nord-Irland i nyare tid. Avtalen sette ein effektiv stoppar for den omfattande valden i Nord-Irland, seier Armstrong.

(Foto: Palgrave Macmillan)

Internasjonalt spel

Mustad minner også om at det var eit høgt spel om avtalen i Nord-Irland. President Clinton spelte ei viss rolle, men enda meir sentral var dåverande statsminister Tony Blair, frå det britiske arbeidarpartiet.

Statsministeren hadde ei nøkkelrolle. Avtalen vert rekna som ein av hans største politiske sigrar. Likevel har rolla til Blair vore omstridd og vert stadig diskutert. Også forskarane ved UiA går nærmare inn på dei positive og negative sidene ved Blair og hans arbeid med avtalen.

20 år med opp- og nedturar

– Det bur 1,8 millionar menneske i Nord-Irland, og dei har alle på eit eller anna vis vore involvert i vald, terror eller andre tvilsame handlingar, eller dei kjenner nokon som har det, seier Mustad.

Langfredagasavtalen gjekk til alle husstandar i Nord-Irland og vart stemt over. 70 prosent sa ja til avtalen, og sidan har det vore fred utan fordrageligheit. Det har nemleg vore opp- og nedturar, men sett under eitt vert avtalen rekna som ein suksess.

– Avtalen er ein suksess særleg fordi han gjorde slutt på den 30 år lange perioden frå 1968–1998 som vert kalla The Troubles og var prega av sterke motsetningar mellom katolikkar og protestantar og mykje vald og terror, seier Herbert.

Referanse:

Charles I. Armstrong, David Herbert og Jan Erik Mustad (red.): The Legacy of the Good Friday Agreement Northern Irish Politics, Culture and Art after 1998. Palgrave Macmillan. 2018. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS