Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Forskar Vidar Haslum (i midten) besøker Øvre Holte i 1987 saman med Nils S. Vindland og Anna Holte. Nils kunne minnast mange namn i innmarka frå tida rundt 1920, då han var gardsgut der.

– Stadnamn er viktige for å forstå historia

Å ta vare på namna held historia levande og hjelper nye generasjonar å forstå ho, seier Vidar Haslum. Han har samla nærare 7.000 stadnamn i Birkenes i Agder.

Publisert

I dag kan me bruka telefonen vår til å markera stader på den andre sida av jordkloden med ein meters nøyaktigheit. Før i tida hadde ein berre stadnamna til å hjelpa seg.

Eit sørlandsk døme er eit grensedokument som vart laga i Kvinesdal i 1292. Dokumentet beskriv grensa mellom Eigeland og Gullestad, og fleire av stadnamna som blir brukte, er framleis kjende i dag.

– Om me ikkje tek vare på gamle stadnamn, vil ikkje innhaldet i slike historiske dokument vera begripeleg for kommande generasjonar, seier Vidar Haslum.

Haslum er forskar ved Institutt for nordisk og mediefag på Universitetet i Agder (UiA) og står bak boka Stedsnavn i Birkenes. Ho er gitt ut på Novus forlag som bind V i bygdebokserien frå same stad.

Haslum har samla inn kvart einaste stadnamn frå gardane på Birkenes, nærare 7.000 i talet. Det meste av innsamlinga gjorde han allereie i 1980-åra.

Namn i Kina, namn i Noreg

Stadnamn består oftast av eit hovudord og eit tillegg. Hovudordet seier gjerne noko om terrenget, medan tillegget kan vera plantar, dyr, retningsopplysningar eller personnamn.

Eit døme er Gaupemyr.

– Ei slik oppbygging er universell, men ho er lite utforska av språkforskarar. Det er store likskapstrekk mellom elles ulike språk. Om eg samla inn namn i til dømes Kina, ville eg ha funne den same oppbygginga der, seier Haslum.

Forskaren ser at mange av dei gamle namnetradisjonane er på veg bort. Særleg namn på åkrar og enger i innmark er trua.

– Før i tida, då ein gjette dyr og sanka høy til vinterfôr, og verkeleg måtte utnytta terrenget, var det viktig å namngi dei ulike stadene. No har me ofte ikkje desse behova lenger, seier Haslum.

Øvre Røynås er ein gamal ættegard som lenge blei driven på gamlemåten. Her hadde dei mange små jordlappane eigne namn, og som har halde seg i tradisjonen fram til våre dagar.

Erfaring frå orienteringsløp

I arbeidd med boka har Haslum snakka med over 200 lokalkjente i Birkenes. Dei fleste var fødd mellom 1895 og 1935.

– Når eg snakkar med folk, startar eg alltid med det som er lett å heimfesta, slik som bekker og vatn. Så tek me dei meir krevjande tinga etterpå, seier Haslum.

Før han snakkar med folk, sørger han for å ha gjort seg kjend i terrenget, slik at det blir lettare å føra ein samtale. Det hjelper også at han tidlegare har jobba i kartverket og har vore orienteringsløpar.

– Å festa namn til kartet kan vera krevjande av fleire grunnar. Kartet kan vera dårleg. Terrenget kan ha endra seg sidan informanten voks opp. Og det finst mange mennesketypar, ikkje alle er like enkle å snakka med. Det blir ei oppdagingsferd i eigen kultur, seier Haslum.

Arbeidet han har gjort, der han beskriv alle namna i området som har ein viss tradisjon, blir kalla for ei djupinnsamling.

Namna har gjerne oppstått før 1950, og dei fleste av dei er fleire hundre år gamle. Dette er namn som har vorte brukte i den munnlege tradisjonen.

Ein vitskapleg vandretur

Boka er eit vitskapleg arbeid. Samtidig var det viktig for Haslum at ho også skulle vera tilgjengeleg for eit vanleg publikum. Derfor er namna presenterte i ein samanheng folk kan kjenna igjen.

– Boka kan lesast som ein vandretur gjennom dei ulike gardane, der kjentfolka er med og kjem til orde her og der. Slik blir mykje av den opphavlege samanhengen bevart, og du får ein nærleik til korleis namna har vore brukt, seier Haslum.

Han tenkjer på namn som kulturminne som bør bevarast mest mogleg i den opphavlege samanhengen sin.

– Eg gir også opplysningar som ein vanlegvis ikkje finn i namnesamlingar. Dei eg har intervjua blir presenterte med fullt namn. Dei blir ikkje berre behandla som informantar, men som lokale ekspertar. Det er moro å henta kunnskapen til den jamne kvinna og mannen fram i lyset, seier Haslum.

Referanse:

Vidar Haslum: Stedsnavn i Birkenes. Novus forlag, 2022. Samandrag.

Powered by Labrador CMS