Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Jotunheimen: Fjøset på bildet er frå Kvarbergsetra i Griningsdalen, avbilda i 1969 og i 2019 (fargebildet).

Unikt innblikk i seterlivet i Sjodalen før og no

Med eit rikt materiale frå 1969 om seterlivet i Sjodalen, som ligg midt mellom Besseggen og Glittertind, kan folkelivsgranskar samanlikne situasjonen den gong med vår tid.

For seterkartleggjar Kari Stensgaard i NIBIO vart det ein gyllen sjanse.

Saman med fotograf Oskar Puschmann reiste ho sommaren 2019 til Sjodalen i kanten av Jotunheimen.

Målet var å registrere og fotografere setermiljøa slik dei står i dag for å sjå dei i eit 50-års perspektiv - samanlikna med undersøkinga frå same område i 1969.

Mange av dei 700 bilda som vart tatt i 1969, vart i tillegg refotograferte og kartfesta i 2019.

Dette storslåtte naturområdet strekker seg nord-sør i Vågå kommune i Innlandet, med kjende namn som Gjendesheim og Besseggen i sør. Det undersøkte området er i øvre del av dalen med setrar som ligg rundt 1000 meter over havet.

Kvarbergstetra er ei av dei gamle vintersetrene i Sjodalen. Til venstre i bildet ser vi fjøs med «måsatrev» for lagring av reinlav. Stova – bustadhuset – til høgre midt i bildet.

Kulturhistorisk interesse

1960- og 70-talet var tida for storstilt vassdragsutbygging i Noreg. Samtidig fekk naturvern større merksemd i samfunnsdebatten, og var med når vurderinga gjaldt kraftutbygging og landskapsvern.

Slik var bakteppet for at Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE) tok initiativ til eit stort etnologisk feltarbeid i Sjodalen. Fjelldalen var aktuell for utbygging trass i mange gamle setrar, beiteområde og utmark populær til fritidsbruk. Det bør nemnast at Sjoa-vassdraget vart varig verna mot kraftutbygging i 1973.

– For oss var den grundige dokumentasjonen frå 1969 ein gyllen sjanse til å studere utvikling i seterbruk og miljø over tid, seier Stensgaar.

Stensgaard har gjennom fleire tiår samla og sett saman data om norske setermiljø og står mellom anna bak rapporten Hvordan står det til på setra? Registrering av setermiljøer i perioden 2009 – 2015.

– I Sjodalen har dei svært godt bevarte setermlijø. Slik var det i 1969 og slik er det framleis. Jamt over er mitt inntrykk at bygningane er i betre forfatning no enn bilda frå 50 år sidan kan tyde på.

For å ha ein målestokk å samanlikne med i notid, tok forskarane også med andre område i Gudbrandsdalen og Oppland som er kjende for aktive setermiljø.

Dei spesielle fjøsa med «måsåtrev» - opphøgd midtre del - er det kun tre igjen av. I denne delen av bygget lagra dei reinlav.

På hell alt i 1969

I 1969-undersøkinga skil dei mellom tre setertypar: Dei tradisjonelle setrane – der dei fleste er dokumentert til å vere etablert alt på 1600-talet med mangfald i bygningstypar tilpassa dei ulike oppgåvene i drifta. Desse var i bruk både til sommar- og vintersetring.

Etter andre verdskrig kom nysetrane – enklare setrar med nyrydda plass og færre funksjonar og bygningstypar enn dei tradisjonelle.

Til slutt kom fellessetrane – tidleg på 1960-talet. Desse var samdriftsanlegg, sette i gang for mjølkeproduksjon frå geit.

Allereie i rapporten frå 1969 fortel dei om eit tradisjonelt seterbruk på hell, men at aktiviteten var stor på nysetrene – knytt til både mjølkeproduksjon og grasproduksjon.

Femti år seinare fortel rapporten frå seterkartleggjar Stensgaard at bildet er til å kjenne igjen, men likevel endra:

– I 2019 er mjølkeproduksjon blitt for tungvint og uøkonomisk for andre enn fellessetrane. I 1969 var det ni setrar som dreiv mjølkeproduksjon på ku i tillegg til dei to fellessetrane som dreiv med geit. I dag er det berre desse to fellessetrane som driv mjølkeproduksjon – på geit. Medan det i 1969 var åtte bruk som deltok i fellessetrane, er det berre tre igjen i dag, seier ho.

Hu fortel at både i 1969 og i 2019 var det meir aktivitet på dei nyare setrane enn på dei tradisjonelle.

– For nysetrane, som er eigde av gardar med lite areal i bygda, er grasdyrking på setervollen enno viktig. På dei tradisjonelle setrane er det no mest beite og fritidsbruk.

På setra Grasvika var det 14 mjølkekyr i 1969. Dei beitte i utmarka på dagen. Her er dei komne til seters for å bli mjølka om kvelden. I 2019 var mjølkeproduksjonen slutt.

Stovene blir haldne ved like

Tradisjonell seterdrift har gått sterkt tilbake siste hundreåret. Setrar og seterområde er ute av bruk, eller dei blir brukte på nye måtar. Areal som tidlegare var opne, gror igjen, og verdfull bygningsarv er mange stader gått tapt eller er i ferd med å gå tapt.

– Derfor er meir kunnskap om setrane nødvendig, seier Stensgaard. Vi treng kunnskap for å bevisstgjere folk flest, og som grunnlag for å vurdere verkemiddelbruk innan landbruk og kulturminnevern.

Ho forklarer setrane som eineståande tidsvitne til levesett og ressursbruk i tidlegare jordbruks-generasjonar. Var det så noko som møtte dei i 2019 som var uventa eller overraskande?

– Eg kan neppe seie eg vart overraska, for mykje var i tråd med forventningane. Som til dømes at Sjodalen har svært godt bevarte setermiljø, noko vi fekk dokumentert.

Sjølv om setereksperten ikkje vart overraska, synest ho det er interessant at same utvikling skjer i Sjodalen som i andre delar av landet: Når husa mister funksjonen, blir dei ikkje tatt vare på. Og så går dei tapt.

– Det betyr at talet på bygningar som fjøs, eldhus, stall og løe går jamt nedover, medan bustadhusa – stovene – blir haldne ved like fordi dei er i bruk – gjerne som fritidsbustader. Mangfaldet i gamle setrar og bygningstypar er likevel uvanleg bra i Sjodalen samanlikna med andre delar av landet, også samanlikna med referanseområda, seier ho.

Dessutan er det lite innblanding av nye hus. Typisk for setrar mange stader i landet er det at hyttene har tatt over for seterhus. Slik er det ikkje i Sjodalen. Der er hytter haldne utanfor setertuna.

Kari Stensgaard ved den same grinda på Grasvika som er på 1969-bildet over. Tidlegare var areala nedtrakka og opne. No gror dei til med bjørk, furu og vierkratt tett inntil gjerdet.

Fire fakta på tampen

Undersøkinga viser at setrane i Sjodalen er for ein større del i bruk enn dei i to utvalde referanseområde andre stader i Oppland. Det gjeld for slått, beite, mjølkeproduksjon og fritidsbruk.

Relativt få setrar er heilt ute av bruk. Det vil seie at dei verken har drift eller fritidsbruk. I dei to referanseområda er høvesvis 10 prosent og 5 prosent ute av bruk, i Sjodalen er det 8,5 prosent.

– Det er spesielt eldhus og fjøs på dei tradisjonelle setrane som er blitt borte den siste femtiårsperioden. Fleire løer og stallar forsvann tidlegare. I refotografia er resultatet av færre beitedyr i områda rundt setrane tydeleg. Setertun og setervoll ligg no som lysopningar i ein tilveksande skog, seier Kari Stensgaar.

Sau på beite i Stuttgongen med området Hindseter i bakgrunnen. Fleire av setrane i 1969- og 2019-undersøkinga ligg der. (Foto: Kari Stensgaard)
Seterkartleggjar Kari Stensgaard i prat med Pål Grev, grunneigar og barnebarn av Pål Mo som var ei sentral kjelde for etnologane i 1969-arbeidet. Her sit dei på eit flak reinlav som for 100 år sidan var viktig fôr. (Foto: Oskar Puschmann)
Geograf og fotograf Oskar Puschmann tar bilde av det eine av tre fjøs som er igjen av det gamle slaget med den opphøgde midtdelen – «måsåtrev» - brukt til tining og lagring av reinlav. Truleg er låvebrua tatt ned for å bli restaurert og sett opp igjen. (Foto: Kari Stensgaard)
Pål Mo som eigde Mosbesstrond, setra vi ser i bakgrunnen, var ei viktig kjelde for arbeidet i 1969. Her viser barnebarnet Pål Grev geograf og fotograf Oskar Puschmann kor og korleis dei samla inn måså, reinlav, i eldre tid. Mykje lav vart henta frå området på andre sida av vatnet her. (Foto: Kari Stensgaard)

Referansar:

Kari Stensgaard: Setrene i Sjodalen 50 år etter. Feltarbeid i 1969 og 2019. NIBIO rapport; 6(120), 2020.

Kari Stensgaard: Hvordan står det til på setra? Registrering av setermiljøer i perioden 2009–2015. NIBIO Rapport;3(88), 2017.

Kari Stensgaard: Hvordan står det til på setra? Seterstuer. NIBIO POP, 2019.

Kari Stensgaard: HVORDAN STÅR DET TIL PÅ SETRA? Bruken av setrene i dag, NIBIO POP;5(9), 2019.

Kari Stensgaard: Hvordan står det til på setra? Bygningsmiljøer. NIBIO POP;3(29) 2017.

Om prosjektet

Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE) finansierte Etnologisk feltarbeid i Sjodalen – sommeren 1969.

Undersøkinga vart utført av etnologar frå Institutt for folkelivsgransking ved Universitetet i Oslo og konservatorar frå De Sandvigske Samlinger på Lillehammer.

Eit stort materiale av kulturhistorisk verdi vart til – med oppmålingar, teikningar og skildringar av hus, tun, båtar og bruer.

Etnolog Arne Lie Christensen var prosjektleiar. Fotograf Arthur Sand dokumenterte arbeidet med 700 svart-kvitt bilde.

Intervju med 28 personer blei gjennomført, dei aller fleste av desse var født før 1900. Seterdrift og anna utmarksbruk er skildra i notid (1969) og bakover.

Rapporten frå arbeidet er trykt i tre opplag, alle er utselde. Originalmaterialet er i dag å finna ved Universitetet i Oslo, Institutt for kulturstudier og orientalske språk (UiO, IKOS).

Tilsvarande arbeid vart og gjort i andre område rundt Jotunheimen og Breheimen.

Powered by Labrador CMS