Ord som sjuk og frisk betyr ikkje heilt det same for alle. Nokre meiner at dei er sjuke når dei er slappe og nasen renn, andre vil ikkje kalle seg sjuke om dei er forkjøla eller kastar opp.
Kunnskapssenteret for helsetjenesten iFolkehelseinstituttet
I ei ny brukarundersøking frå Kunnskapssenteret kjem det fram at folk forstår ulikt fleire vanlege ord som handlar om helsestatus.
I tillegg til ord som sjuk og frisk, kan meiningsinnhaldet sprike mye ved ord som sjeldan eller alvorleg infeksjonssjukdom, og ved ord som legeundersøking og medisin.
- Når helsepersonell lagar spørjeskjema og brosjyrar, må dei ha i tankane at folk kan leggje ulike tydingar i viktige ord, seier Johanne Kjøllesdal, forskar ved Kunnskapssenteret og prosjektleiar for undersøkinga.
- Ved å teste ut korleis folk forstår spørsmåla før vi tek i bruk spørjeskjema eller brosjyrar, kan vi hindre gale svar.
Det spørjeskjemaet som Kunnskapssenteret har testa, er eit skjema som blodgivarar må fylle ut den dagen dei gir blod. Skjemaet må dei fylle ut før dei har ein samtale med kvalifisert helsepersonell.
Denne samtalen dreier seg om svara i skjemaet og avgjer om dei får gi blod den dagen.
- Feil svar treng derfor ikkje vere eit problem, gitt at det blir avdekka i samtalen, seier Kjøllesdal.
- Det er ein føresetnad for å gi blod at givaren har forstått spørjeskjemaet, slik at helsepersonellet som godkjenner blodgivaren, kan stole på opplysningane som er gitt. Hovudfunna i dette prosjektet tyder derfor på at det trengst justeringar i blodgivarskjemaet, seier ho.
Kognitive intervju
Frå før har vi lite systematisk kunnskap om kor vidt blodgivarskjemaet fangar opp det som blodbanken faktisk ønskjer å få svar på. Dette ville derfor Helsedirektoratet få testa, og dei bad Kunnskapssenteret om å gjennomføre ei brukarundersøking.
For å løyse oppgåva valde Kunnskapssenteret blant anna såkalla kognitive intervju. Det er ein metode som kan vere tenleg til å avdekke problem som folk har med spørsmåla i eit spørjeskjema.
Femten personar som planla å gi blod, vart oppfordra til å skrive ned kommentarar undervegs mens dei fylte ut spørjeskjemaet. Etterpå vart dei grundig intervjua av forskarane.
Var spørsmåla vanskelege å forstå? Kva meinte dei om utforminga av skjemaet? Var det lett å finne svaralternativ som passa? Hadde dei vore usikre på kva dei skulle svare?
Forskarane brukte ein intervjuguide der 18 spørsmål frå skjemaet var plukka ut for meir testing. Dette var spørsmål som tilsette ved blodbankane hadde sagt at dei oftast opplevde at blodgivarane misforstår.
Kva betyr legeundersøking for deg?
Eit av spørsmåla i blodgivarskjemaet lyder slik: ”Har du i løpet av de siste seks måneder vært til legeundersøkelser eller på sykehus, eller fått behandling for noen sykdom?”
Åtte meinte at legeundersøking inneber å ha vore hos lege i ein eller annan samanheng.
Nesten like mange meinte at det ikkje reknast for legeundersøking dersom dei har vore hos lege for rutinekontroll, for vanleg legeundersøking, for å få resept eller for rekvisisjon. Det må vere meir alvorleg for å reknast som legeundersøking, meinte dei.
Annonse
Er lungebetennelse ein alvorleg infeksjonssjukdom?
Eit anna spørsmål blodgivarane må svare ja eller nei på, lyder slik: ”Har du i løpet av de siste to år hatt sjeldne eller alvorlige infeksjonssykdommer?”
Testpersonane måtte forklare forskarane kva dei tolka som sjeldan eller alvorleg infeksjonssjukdom. Noen meinte at det er sjukdommar som ikkje er utbreidde i Noreg, at ein ville vore ofte hos legen og gått på medisinar eller at ein var sjuk over lengre tid.
Éin person meinte svaret var ja dersom ein hadde hatt infeksjon generelt, betennelse og verk. Fleire tenkte berre på sjeldne sjukdommar som svineinfluensa, fugleinfluensa, tuberkulose, hepatitt, syfilis, malaria og andre tropesjukdommar.
Vurderinga av lungebetennelse sprikte mye. Fem personar rekna det som ein alvorleg infeksjonssjukdom, mens sju meinte at det ikkje var alvorleg.
Av dei ni som nemnde influensa som ein infeksjonssjukdom, meinte åtte at det ikkje skulle reknast som alvorleg.
Tre personar kommenterte at dette spørsmålet var vanskeleg. Éin av desse sa det hadde vore betre med eksempel på sjukdommar.
Nyttige funn for heile helsetenesta
- Desse funna bør alle vi som driv med kommunikasjon i helsetenesta merke oss, seier Magne Nylenna, direktør ved Kunnskapssenteret.
- Vi må aldri ta for gitt at folk forstår orda slik vi sjølv gjer.
- Vi har ikkje vurdert konkrete endringar i blodgjevarskjemaet, men blodgivarane har sjølve kome med nyttige framlegg. Å innføre eit standardisert, elektronisk spørjeskjema er eit døme. Eit anna er å bruke ”veit ikkje” som svaralternativ på mange av spørsmåla.
- Det viktige er at endringar i skjemaet blir testa gjennom nye intervju blant blodgivarane før endringane blir sette i verk.
Annonse
Inspirasjon
- Dette prinsippet bør gjelde alle spørjeskjema som helsetenesta utviklar, påpeker Nylenna.
- Då tenkjer eg ikkje berre på skjema for pasientar. Det er like viktig at skjema som skal brukast i kommunikasjonen mellom ulike tenester, er testa av brukarane før dei blir sette ut i livet.
- Det er sannsynleg at det du sjølv trur er eintydig språk, kan bli misforstått i andre delar av tenesta. Vi har ei utfordring her som ikkje minst samhandlingsreforma må ta tak i. La denne undersøkinga vere ein inspirasjon, seier Nylenna.