Annonse

Diabetesfaren og diabetesmoren

Kva skjer med mor og far si helse når barnet får diabetes? Doktorgradsstipendiat Anne Haugstvedt har intervjua 200 mødre og fedre om utfordringane ved å ha eit barn med diabetes.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Korleis opplever foreldre å få eit barn med diabetes? (Foto: iStockphoto)

Omfanget av diabetes type 1 har dobla seg i Noreg dei siste 20-30 åra.

Årleg blir det påvist omlag 300 nye tilfelle av diabetes hos barn i Noreg.

Diabetes type 1 er ein insulinmangelsjukdom, der insulinproduksjonen i kroppen har stoppa opp. Mangelsjukdomen inneber at insulin må tilførast kroppen, og at behandlinga er livsnødvendig.

Ein annan type diabetes, er diabetes type 2. Dette er ein livsstilssjukdom der insulinen i kroppen verkar for dårleg, og difor må tilførast gjennom behandling.

Barn som får diabetes i Noreg blir i hovudsak råka av mangelsjukdommen diabetes, og ikkje livsstilssjukdommen.

Aldri ein fridag

Doktorgradsstipendiat Anne Haugstvedt ved Høgskolen i Bergen ønskjer å finne ut korleis foreldre opplever og handterer at barnet deira får sjukdommen diabetes.

Tidlegare forsking viser at foreldre spelar ei viktig rolle i diabetesbehandlinga til barna.

Diabetes er ein krevjande sjukdom både for foreldre og barn, og sjukdommen inneber behandling resten av livet. Ein viktig del av behandlinga er jamlege målingar av blodsukker.

Haugstvedt har funne ut at ein tredjedel av foreldra måler blodsukkeret til barnet 4-6 gonger dagleg. I tillegg seier 30 prosent at dei står opp om natta, ein gong i veka, for å måle blodsukkeret til barnet.

Sjukdommen krev med andre ord mykje av foreldre, og inneber i praksis at ein aldri har ein fridag, heller ikkje om natta.

Påverkar foreldre si helse

Tidlegare forsking frå Noreg viser at endringar i barns helse har betydning for mors mentale helse.

Når det gjeld diabetes har studiar frå USA vist ein auka forekomst av mentale problem, som post traumatisk stress syndrom og depresjonar, hos foreldre til barn som blir råka av diabetes.

Mange foreldre opplever diagnosen som overveldande, og dei opplever bekymringar knytt til den omfattande behandlinga i kvardagen og til tankar om barnet si framtidige helse.

Difor vil Haugstvedt studere kva innverknad sosioøkonomiske, relasjonelle og psykososiale forhold har på meistring og handtering av diabetes hos barnet.

Haugstvedt vil blant anna finne ut korleis barnet si diabetesregulering blir påverka av forhold som familiesamansetjing, foreldre si utdanning og inntekt, foreldre si mentale helse og oppleving av sosial støtte.

Doktorgradsstipendiaten har samla inn data blant 103 mødre og 98 fedre som hadde barn på Barneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus mellom desember 2006 og januar 2007. Undersøkinga er gjort ved hjelp av spørjeskjema.  

Lite forsking på far

Til no er det gjort fleire studiar på mors oppleving av å ha eit barn med diabetes, men det er forska lite på fars oppleving av å ha eit sjukt barn.

Haugstvedt vil difor prøve å finne ut korleis fedre reagerer på å ha eit barn med diabetes. Nærare 100 fedre har latt seg intervjue av Haugstvedt om det å ha eit barn med diabetes.

Foreldre si oppleving av å ha eit barn med diabetes får også konsekvensar for helsepersonell.

Ny kunnskap om mor og far si oppleving av å ha eit barn med diabetes vil også vere viktig å få tak i for helsepersonell, som skal behandle barna og ha tett kontakt med foreldra.

Kjelder:

Sullivan-Bolyai S (2006): “Fathers`reflections on parenting young children with type 1 diabetes”, American Journal of Maternal Child Nursing, vol 31, 24-31

Sherifali D & Ciliska D, McMaster University, Canada (2006): “Parenting children with Diabetes and Belsky`s Determinants of Parenting Model: litteratur review”, Blackwell Publishing Ltd.

Nærde A, Tambs K, Mathiesen KS (2002): “Child related strain and maternal mental health: a longitudinell study”, Acta Psyciatr Scand, 105: 301-309.

Hoey Hetal (2006): “Parent and health professional perspectives in the management of adolescent with diabetes: Development of assessment instruments for internasjonal studies”, Quality of Life Research, 15: 1033-1042.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS