Mobbing på jobben utbreitt

- Mobbing på norske arbeidsplassar er like vanleg som mobbing blant elevar i skulen, seier professor Erling Roland frå Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I underkant av fem prosent av alle tilsette føler seg mobba eller trakassert på arbeidsplassen, ifølgje Roland.

Psykisk belasting

Å bli mobba anten det er på jobben eller på skulen kan etter kvart bryte ned ein person psykisk.

- Først opplever ein det som forferdeleg urettferdig. Etter lang nok tid byrjar ein å tru at ein sjølv er udugeleg. Det er ein svært destruktiv situasjon å vere i, seier Roland.

Verst frå sjefen

Etter at tidlegare internasjonal sekretær i LO, Ingunn Yssen retta skuldingar om mobbing mot LO-leiar Gerd-Liv Valla, har det vore stort fokus på mobbing på jobben i media.

- Det ein sjef seier og gjer blir ofte opplevd mykje sterkare enn det ein likestilt kollega seier og gjer, på godt og vondt, seier han og held fram:

- Dette bør ein sjef vere merksam på. Det skal ofte mindre til før ein oppfattar ord frå ein sjef som mobbing.

Roland poengterer samstundes at usanne skuldingar om mobbing også er farlege, og at ein sjef ofte kan bli veldig hardt ramma av usanne skuldingar.

Powered by Labrador CMS