Det ser ikkje ut som det spelar noka rolle om ein et biff eller laks når ein skal gå ned i vekt. (Foto: Erlend A. Lorentzen, Havforskingsinstituttet)

Biff og laks gav den same slankeeffekten hos mus

Overvektige mus gjekk like mykje ned i vekt, uavhengig av om dei åt biff eller laks.

Tidlegare studiar med mus har vist at det er lettare å halde vekta når ein et fisk enn når ein et kjøt.

Studiane viste at mus som vart feita opp med biff, svinekjøt og kylling fekk over dobbelt så høg feittprosent som mus som fekk torsk eller laks.

No ville forskarar ved Havforskingsinstituttet (HI) kartlegge om fisk har same effekten når ein går ned i vekt.

Biff og laks ga likt vekttap

– Vi hadde venta å finne at det var lettare å slanke seg med laks enn med biff. Vi veit jo at kjøt fremjar fedme, men det ser ikkje ut som det spelar noka rolle når ein skal gå ned i vekt. Det er berre når ein går opp i vekt at proteinkjeldene spelar inn. Det seier Even Fjære, som er forskar ved HI.

I den nye studien vart alle musene først feita opp med sukker og feitt, før dei vart sette på to typar diettar med likt kaloriinnhald.

Den eine gruppa fekk ein mager diett av laks, og den andre gruppa fekk ein mager diett av entrecote. Ei kontrollgruppe heldt fram med å ete den kaloririke kosten.

I alle tre gruppene fekk halvparten av musene sjansen til å trene ved at dei fekk springe i løpehjul.

Til forskarane si overrasking gjekk alle gruppene som fekk ein kalorifattig diett ned i vekt, uavhengig av om dei åt laks eller biff, og uansett om dei trena eller ikkje.

– Når ein legg på seg er det kanskje skilnad på kva som går til lagring i kroppen og kva som blir brukt med ein gong. Fisk går i mindre grad til lagring i kroppen enn kjøt gjer. Når ein slankar seg, så tærer ein av lagera, og då spelar det mindre rolle om ein et kjøt eller fisk, for då går så lite til lagring uansett, seier Fjære.

Påverkar leverfeittet

Forskarane såg likevel nokre viktige skilnader mellom dei to typane diett. Eit typisk problem ved fedme er såkalla feittlever, og denne gjekk kraftigare tilbake hos dei som åt laks enn hos dei som åt biff.

– Med ein gong ein har laks i dietten er det mykje mindre feitt i levera enn hos dei som et entrecote, seier Fjære.

Forskarane såg også at musene som slanka seg med laks i dietten fekk størst endring i tarmfloraen. Fjære seier at dei ikkje har svaret på kva dette har å bety.

– Vi trur det heng saman med kor godt ein tek opp feitt frå dietten, men det har tydelegvis ikkje så mykje å seie når ein skal gå forholdsvis raskt ned i vekt. Det kunne vore spennande å sjå på effekten over tid.

Trening beskyttar mot diabetes

Studiane viste også at trening forsterka effekten av slankediettane, og at både musene som åt laks og dei som åt biff gjekk meir ned i vekt når dei fekk trene. Musa som heldt fram med å ete mykje feitt og sukker, gjekk på si side ikkje ned i vekt sjølv om dei trena.

Samtidig såg forskarane at alle som trena fekk mindre sjanse for å utvikle diabetes. Treninga ga betre insulinsensitivitet i alle gruppene, også hos dei som fekk kaloririk kost, og framleis var overvektige.

– Det ser ut som den største effekten av trening er at du får betre insulinsensitivitet, og at du dermed er betre beskytta mot å utvikle diabetes, seier Fjære.

Fleire muse-fakta:

Musene som fekk trene sprang i snitt heile 30 kilometer i løpet av ei veke.

Musene i studien er av typen «black 6» som liknar mest på menneske når det gjeld overvekt og fedme. Ein brukar desse musene for å studere overvekt, fedme og diabetes type 2 hos menneske.

Black 6 utviklar lett overvekt når dei får for mange kaloriar, og dei får mange av dei same følgjesjukdomane som menneske får ved overvekt og fedme.

Powered by Labrador CMS