Bakgrunn: Selar - elegante i vatn og klumsete på land

Selar høyrer til ordenen Pinnipedia som betyr "finnefota". I våre kyststrøk finst to typar som er vanlege; steinkobbe og havert. Men kysten blir også besøkt av andre selartar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Selane blir gjerne sett som ein underorden til rovdyra (Carnivora). Dei er tilpassa til å dykke og å vere under vassoverflata i lang når dei leitar etter føde. Ein sel har eit tjukt lag av spekk under huda som tener som opplagsnæring og varmeisolering, på same måte som hos kvalane.

Dyra har ei hydrodynamisk kroppsform, og kan utfalde seg eineståande lett i sjøen. På land er dei heller klumsete.

Øyresel og ekte sel

Øyreselane (Otariidae) er ein familie som er kjenneteikna ved at dei har ytre øyrer og baklemmar som kan bli bøygde framover og blir brukt når dei er på land. Denne gruppa finst i Stillehavet og subantarktiske område, og altså ikkje på norskekysten. Til denne gruppa høyrer mellom anna pelssel og sjøløver.

Dei ekte selane (Phocidae) lever i kalde eller tempererte havområde. Dei har ikkje ytre øyrer, og lemmane kan ikkje bli bøygde framover. Dei kan difor berre røre seg på land ved å trekke og strekke kroppen eller ved siderørsler.

Av denne typen er det berre steinkobbe og havert som høyrer heime på norskekysten. Andre artar blant ekte sel er ringsel, grønlandssel og klappmyss.

Steinkobbe (Phoca vitulina)

Steinkobben, eller fjordselen, er i Europa utbreidd frå Kola til Portugal. Den finst i grunne farvatn langs heile norskekysten, både ved klippekystar, i djupe fjordar og ved sandbankar utanfor elveutløp. Arten finst også så langt nord som på Svalbard.

Som oftast er steinkobben grå på oversida og lys på undersida. Lyse flekkar på mørk botn finst hos hannar og omvendt hos hoer. Hovudskallen er flat, og steinkobben har ikkje like lang snute som haverten. Auge og øyre sit høgt. Dette gjer at dei kan puste og observerer nesten utan å løfte hovudet over vasskorpa.

Steinkobben kan også lukke både nasebor og øyre når den dukkar. Selane har ein krans av vêrhår rundt snuten, og med desse registrerer dei strøymingar i vatnet og trykkvariasjonar som oppstår for eksempel når ein fisk sym forbi i nærleiken.

Liten og sky

Steinkobben er sky, og opptrer i koloniar frå mindre enn ti til eit par hundre dyr. Førekomstar synast å vere bestemt av om det er passande holmar og skjer der dyra kan legge seg opp.

Det er telt opp rundt 6 500 steinkobber i Noreg i dag, og ein reknar med at bestanden er på rundt 10 000, men det er vanskeleg å få gode bestandsoversikter over sel. Bestandsoverslag basert på teljingar vil lett gi for lave anslag.

Steinkobben er ein av dei minste selane i norske farvatn. Hannen blir ca 155 cm, og hoselen blir ca 150 cm. Vaksne hannar veg opp til 100 kilo. Steinkobben kan bli opp mot 35 år gammal. Paringa skjer om sommaren, og selen føder berre ein unge om gongen, rundt St. Hans.

Steinkobben et berre fisk, og tek det som er tilgjengeleg. Av den grunn har den blitt omtalt som eit skadedyr. Steinkobben har til alle tider vore viktig for kystfolket, særleg fordi skinnet (spesielt frå unge dyr) har vore verdifullt. For 2001 blei det fastsett ei fellingskvote på 508 dyr, og 438 blei felt.

Havert (Halichorus grypus)

"Havert."

Haverten er større enn steinkobben, og hannar kan vege over 300 kg, mens hunnene veg opp mot 200 kg. Arten kan bli opp til 3,3 meter lang. Det er lett å skilje haverten frå steinkobben ved å sjå på profilen på hovudet.

Haverten ser ut til å mangle ei veldefinert panne, og nasen verkar difor ekstra lang. Det vitskaplege slektsnamnet betyr noko slikt som “grisen frå havet”.

I Noreg finst om lag 4 000 individ, og haverten er relativt vanleg frå Sør-Trøndelag og nordover. I motsetnad til steinkobben, som for det meste et torskefisk, ser haverten ut til å ha ein litt breiare diett. Den tek mange slags krepsdyr i tillegg til fisk, havsneglar og akkar. I enkelte tilfelle kan den også ta sjøfugl.

Ligg på dei ytterste skjer

Haverten har også lokale namn som gråsel, storkobbe og havkobbe. I Nord-Atlanteren finst den i tre ulike bestandar: På austkysten av Canada, langs vestkysten av Europa frå Frankrike til Kola inkludert England, skottland, Shetland, Færøyane og Island. Det finst også ein mindre bestand i Østersjøen.

I Noreg likar haverten seg best på dei ytterste skjera, men om vinteren kan den trekke inn i fjordane. Spesielt unge dyr kan vandre ein del langs kysten. Dei tettaste førekomstane er i Rogaland, på Møre og i Trøndelag.

Over 300 kilo

Hannen blir opp til 2,5 meter, og veg då meir enn 300 kilo - altså mykje større enn steinkobben. Den er lett å kjenne att på den lange og spisse snuten. Den er lysegrå med mørke flekkar, og nokre gongar meir einsfarga brunsvart.

Frå august samlar haverten seg i skjergarden, og får ungar i oktober-november. Hoene parar seg med ein gong etterpå. Ungane diar i 2-3 veker, og doblar då fødselsvekta på 15 kilo. Dei har kvit pels og held seg på same lokaliteten i fleire veker. Etter paringa reiser haverten frå ungen, og kjem tilbake 3-4 månader seinare og gjennomgår hårfelling.

I 2001 blei det felt 176 havert. Skinnet til denne selen er mindre verdifullt enn skinnet til steinkobben.

"Grønlandssel."

Steinkobbe og havert er vamlege kystsel i Noreg, medan grønlandssel, klappmyss og kvalross er selartar som kjem innom kysten som tilfeldige gjestar. Ringsel, eller snadd, finst også stadbunden.

Ringsel (Phoca hispida)

Dette er ein arktisk sel som er mindre enn steinkobben. Den er gråbrun eller gråsvart på oversida, med avlange lyse ringar meda undersida er lys. Den blir sjeldan meir enn 1,5 meter.

I motsetnad til steinkobben er denne selen svært nysgjerrig. Ringselen er hovudsakleg knytt til polarisen i Arktis, men også i fjordar i Nord-Noreg finst ringsel meir eller mindre fast.

Grønlandssel (Phoca groenlandica)

Grønlandssel finst i det vestlege Atlanterhav mellom Grønland og Canada, i Barentshavet og i Kvitsjøen. Ungane blir født ved Newfounland, i Vesterisen og i Kvitsjøen. Ein reknar med at det totalt er nærmare 2 millionar dyr i desse områda.

Enkelte år kan Grønlandsselen kome inn til kysten i Finnmark. Dette er dyr som er på vandring frå Kvitsjøen.

Klappmyss (Cystophora cristata)

Klappmyss er ein stor sel som kan bli 2,5 meter lang og vege opp til 400 kilo. Den finst i området mellom Canada og Grønland, og kastar ungane ved Newfoundland. Den andre delen av bestanden er i havområdet mellom Spitsbergen, Jan Mayen, Island og Grønland (Vesterisen).

Ungane blir født på drivisen ved Jan Mayen. Klappmyss er i lange periodar på næringsvandring i Norskehavet og kan også bli observert langs norskekysten.

Kvalross (Odobenus rosmarus)

Kvalrossen er den største selen i nordlege farvatn. Den kan bli 3 meter lang og vege meir enn 1 200 kilo. Dette er ein ishavssel som har vore utsett for ein øydeleggande fangst. Den har ei sirkumpolar utbreiing med ein totalbestand på meir enn 200 000 dyr, og er knytt til grunt farvatn.

Kvalrossen finst på Aust-Grønland, på Spitsbergen og aust i Barentshavet. Her er bestanden på meir enn 2 000 dyr. Kvalrossen er sosial, og klumpar seg saman i flokkar. Den er lett å kjenne att på den store kroppen og dei store støyttennene. Kvalrossen føder ungar kvart tredje år, og ungen diar opp til to år.

Av og til kan kvalross bli observert på norskekysten. Kvalrossen har vore freda sidan 1953, men bestanden er framleis mykje lågare enn den var tidlegare.

Kjelder:

kystsone.no
Norsk zoologiforening

Powered by Labrador CMS