Dødeleg virus angrip skandinavisk sel på nytt

I 1988 utsletta eit virus halve populasjonen av steinkobbe i Vest-Europa, og no er same viruset tilbake. I Danmark er minst 250 sel døde, og innleiande testar tydar på at viruset har spreidd seg til Sverige.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Marinbiologar fryktar ein ny epidemi. Viruset heiter Phocine distemper virus (PDV), spreier seg raskt i steinkobbepopulasjonar, og angrip immunsystemet. Den mest vanlege dødsårsaka etter smitte er lungebetennelse.

For ein månad sidan blei det oppdaga mistenksame dødsfall blant steinkobber på øyene Anholt og Læsø i Kattegat mellom Danmark og Sverige. 17 av dei døde dyra blei undersøkt, og dei fleste hadde same symptom som dei som døde i 1988. Den gongen drap viruset 4 000 sel i Danmark.

Hvalerbestand felles med Sverige

- Vi kan ikkje gjere mykje for å hindre spreiing, for det finst ikkje vaksine eller behandling, seier Hans Henrik Dietz, forskningssjef ved det Danmarks Veterinærinstitut til New Scientist. Det einaste ein kan gjere er å fjerne døde dyr og avlive sjuke. Til forskning.no fortel han at ei ny oppteljing av døde dyr er på veg.

- I Hvaler-skjergarden i ytre Oslofjord må ein rekne med at vi har ein felles steinkobbebestand med Sverige. Blir denne ramma, er det overvegande sannsynleg at selpesten kjem inn på norsk side. Men det er usikkert om den vil spreie seg derifrå vidare til selbestandane på Vestlandet og vidare nordover, seier Arne Bjørge ved Havforskningsinstituttet. Han er forskingssjef ved Seksjon for ressursøkologi, og har doktorgrad på steinkobber.

10 000 steinkobber i Noreg

Fram til 1999 overvaka Havforskningsinstituttet kystselbestandane med flyteljingar, og det blei registrert ca 6 500 steinkobber i Noreg.

- Når ein reknar ut storleiken på bestandane i desse områda vil det seie at det finst ca 10 000 dyr. Men då er ikkje alle krikar og krokar av norskekysten undersøkt, seier Bjørge. Han kan fortelje at Danmark og Sverige i dag har eit betre overvakingssystem av kystsel enn Noreg.

- Dei nyttar framleis flyteljingar, som er ein rask måte å sjå endringar i bestanden på, fortel Bjørge. Under epidemien i 1988 var det slik det blei klart at over 60 prosent døydde ut.

- Dødelegheita heldt fram inn på norsk side av ytre Oslofjord. Langs sørlandskysten er det lite sel, og på Vestlandet herja pesten verst året etterpå. Ein fann også flekkvis spor etter viruset forbi Nord-Trøndelag, seier Bjørge.

Døde sel i Sverige

Sidan onsdag har minst 20 døde sel blitt skylt opp på land på sørvestkysten av Sverige, melder New Scientist.

- Vi er svært uroa no. Vi er førebudde på det verste, seier Anne Roos ved forskingsavdelinga til det svenske Naturhistoriska riksmuseet i Sverige. I dag er det rundt 15 000 steinkobber i havet utanfor Sverige og Danmark, og populasjonen er større enn den var før virusepedemien i 1988.

Ein av dei døde selane i Sverige har blitt obdusert, og ein har funne ut at selen døydde av alvorleg lungebetennelse, skriv New Scientist.

Opp imot 20 000 sel døydde i 1988

Selpestviruset blei først identifisert i 1988, då det drap mellom 17 000 og 20 000 sel på åtte månader nordvest i Europa. I dag kan enkelte sel som overlevde utbrotet vere immune mot viruset, men forskarane veit ikkje kor mange. Ein reknar med at 20 prosent hadde antistoff mot viruset i 1992, men dette talet vil vere mindre i dag.

- Distempervirus er til stades hos mange marine pattedyr. Det kan hende at eit utbrot hos sel blir utløyst når populasjonen kjem over eit visst tettleiksnivå, og viruset blir introdusert i populasjonar som ikkje er immune, seier Seamus Kennedy ved Northern Ireland Veterenary Sciences Division i Belfast. Laboratoriet hans var dei første til å identifisere viruset i 1988.

Betre å regulere bestanden med jakt?

- Dersom det bryt ut ein ny epidemi kan det bety det at meir enn halvparten av dyra blir slått ut. Det betyr også at dei er sjuke og har det vondt før dei døyr. Dersom det er ein samanheng mellom tettleik i populasjonen og sannsynligheit for slike sjukdomsutbrudd, er det kanskje meir hensiktsmessig å jakte for å halde tettleiken lågare. Dyra som døyr kan då bli utnytta som ein ressurs, seier Arne Bjørge.

I Noreg kan ein i dag få løyve til å jakte på steinkobbe.

Mobile dyr

Sel er mobile dyr, så smitten kan bli spreidd raskt. Men frå midten av juni og utover får selen ungar, og i august gjennomgår selen eit pelsskifte. Det vil seie at steinkobba er konsentrert i grupper eller koloniar, og det gir viruset gode kår. Samtidig er fordelen at selen ikkje vandrar like lange avstandar i denne perioden, så kanskje kan ein sleppe spreiing til isolerte koloniar.

Selpest kan ikkje smitte menneske eller andre dyr. Epidemien i 1988 døydde ut av seg sjølv etter å ha meir enn halvert bestanden av steinkobbe. Deretter vaks bestanden raskt til eit høgare nivå, før den no vert ramma igjen.

Uklart kven som har ansvar for opprydding

- Dersom massedødelegheit skulle forekomme - særleg no på forsommaren og i fellesferien - må ein i gong med oppryddingsarbeid for å ta hand om skrottane, seier Bjørge.

Verken ved Havforskningsinstituttet eller Fiskeridirektoratet kunne ein i dag gi svar på kven som har ansvaret for ein eventuell opprydningsaksjon.

Pressemelding frå Danmarks Veterinærinstitut

Les også: Verdens nordligste steinkobber under lupen

Powered by Labrador CMS