Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Fiske er gir levebrød til store delar av folk langs kysten av vest-Afrika. Her frå Elmina i Ghana.

Svakare atlantisk Niño under global oppvarming

Stillehavets El Niño-prosessar har ein veslebror i det tropiske Atlanterhavet. Denne endrar nedbør og fiskeri langs Afrikas vestkyst og blir sterkt påverka av global oppvarming.

Publisert

Det tropiske Atlanterhavet er avgrensa av den brasilianske kystlina i vest og i aust av den afrikanske kystlina.

Ettersom havet speler ei stor rolle i klimasystemet og lokale vêrsystem, vil endringar i havet ofte påverke vêret lokalt – i tillegg til å påverke økosystem og dermed også folk som lever av fiskeriressursane.

El Niño og La Niña-episodar er slike hendingar som både påverkar vêr og fiskeri. El Niño er ein tilstand med uvanleg høg overflatetemperatur i det sentrale og østlege Stillehavet nær ekvator, mens La Niña er ein tilstand med uvanleg låg overflatetemperatur.

Sjølve namnet El Niño og La Niña er det fiskarar som står bak. Forskarar nyttar mest namnet ENSO (El Niño-Southern Oscillation).

Den atlantiske nino er mindre kjent enn storebroren i Stillehavet. Han er òg mindre forska på. No har forskarar for første gong undersøkt korleis den atlantiske «ninoen» blir påverka av global oppvarming.

Resultatet publisert i det vitskapelege tidsskriftet Nature Climate Change viser ein tydeleg nedgang i variasjonar i overflatetemperaturar.

Lokale effektar av atlantisk Niño

  • Guineabukta: Uvanleg høye overflatetemperaturar i havet gir meir regn i landa langs Guineabukta og mindre regn over Sahel-regionen. Under La Niña-hendingar er effekten motsett, lavare overflatetemperatur gir mindre regn i Guineabukta og meir regn i Sahel.
  • Fiskeri – særleg for den vestafrikanske kystlina: Ein atlantisk niño gir mindre kontakt mellom overflatelaget og dei djupare laga i havet. Derfor vil oppvelling av kaldare og meir næringsrikt vatn frå djupet og opp i overflata ha mindre effekt. Mindre næring til dei øvre laga gir mindre produksjon i det marine økosystemet.
  • Langs den brasilianske kysten på den andre sida av det sørlege Atlanterhavet blir ikkje lokalt vêr, nedbør og fiskeri i like stor grad påverka av niño-hendingar.
Illustrasjonen viser hvordan havtemperaturen drastisk går ned mellom 100–1.000 meters dybde.

Mindre variasjon i overflatetemperaturane i havet

I den nye studien har forskarane undersøkt fleire klimamodellar. Resultatet viser ein nedgang på så mykje som 24–48 prosent i variasjonen av overflatetemperatur. Dette er ved slutten av hundreåret, rekna i det høgaste utsleppsscenariet.

I følge forskar Lander Crespo ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforskning, gir studien gode indikasjonar på venta endringar i den atlantiske niño.

– Vi vart overraska over å finne såpass robuste endringar i variasjonar i det tropiske atlanterhav. Den framtidige svekkinga av atlantisk niño er stor nok til at me kan vente endringar i havsirkulasjon og atmosfæresirkulasjon, med konsekvensar for lokalt fiskeri, så vel som endringar i tørke og nedbørsmønster, seier Crespo.

Han peiker på at ein no må undersøke kva desse endringane vil bety for klimasystemet og også for konsekvensar for samfunnet.

Svakare kopling mellom overflata og djupare lag i havet

I ei varmare framtid vil overflatetemperaturane langs ekvator i det austlege Atlanterhavet auke raskare enn lengre nede i dei djupare vasslaga.

Dette gjeld spesielt for Guineabukta langs vestkysten av Afrika.

Nedover i vasslaga vil det ein kallar termoklinen bli djupare – dette er eit lag der temperaturen endrar seg raskt med djupet. I dette tilfellet markerer det skilnaden mellom temperatur over og under 20°–23° C.

Med ein djupare termoklin vert det større avstand mellom overflatelaget og dei djupare vasslaga. Overflatelaget blir dermed mindre sensitivt til endringar i dei djupare vasslaga, som temperatur og oppvelling av næringsstoff.

Når oppvelling av næringsstoff ikkje når opp i overflata, vil dette påverke produksjonen i det marine økosystemet, noko som for samfunnet kan vise seg att i dårlegare fiske.

El Niño og La Niña

El Niño er ein tilstand med uvanleg høg overflatetemperatur i det sentrale og østlege Stillehavet nær ekvator, mens La Niña er ein tilstand med uvanleg låg overflatetemperatur. Begge episodane påverkar vêret over mykje av jorda og gir utslag på den globale middeltemperaturen. Vekslinga mellom El Niño og La Niña heng saman med forandringar i vindmønsteret i den tropiske delen av Stillehavet.

Saman blir dei samankopla vekslingane i atmosfære- og havforhold kalla for ENSO, ei forkorting for El Niño Southern Oscillation. ENSO er den sterkaste av dei naturlege vêr- og klimavariasjonane på planeten frå år til år.

Kilde: Store norske leksikon

Referanse:

Lander R. Crespo mfl.: Weakening of the Atlantic Niño variability under global warming. Nature Climate Change, 2022. Doi.org/10.1038/s41558-022-01453-y

Powered by Labrador CMS