Både Veterinærinstituttet og Universitetet i Bergen håpar på tettare samarbeid om både forksing og utdaning innan fiskehelse. (Foto: Eivind Senneset / UiB)
Både Veterinærinstituttet og Universitetet i Bergen håpar på tettare samarbeid om både forksing og utdaning innan fiskehelse. (Foto: Eivind Senneset / UiB)

Veterinærinstituttet i Bergen opnar nye lokale

Torsdag 15. februar opna Veterinærinstiuttet dørene til dei nye lokala på Marineholmen i Bergen.

– Grunnen til at vi flyttar er at vi treng nærleiken til dei andre aktørane, både forsking og forvalting, til dømes Mattilsynet, seier Gaute Lenvik, administrerande direktør i Veterinærinstituttet.

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk forskingsinstitutt. Deira viktigaste funksjon er beredskap og kompetanseutvikling for å avverga helsetruslar mot fisk, dyr og menneske. Det statlege eigarskapet er lagt til Landbruks- og matdepartementet. Instituttet utfører også oppgåver for Nærings- og fiskeridepartementet. 

 Til no har instituttet hatt bergenslokale på Bontelabo. Direktøren ser positivt på dei nye og moderne lokala på Marineholmen, der over 150 verksemder og tusenvis av menneske har sitt daglege virke.