Vi snudde i tide

Også på åttitalet var den norsk-arktiske torsken i krise. - Vi var for optimistiske, og bure ha teke omsyn til både miljøfaktorar og samspel med andre artar, seier professor Øyvind Ulltang. Heldigvis vart fisket redusert og vi redda bestanden. I Canada gjekk det ikkje like bra. Etter ti år med stengt torskefiske er det framleis ikkje utsikter til betring der.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vi hadde ein låg bestand av norsk-arktisk torsk på byrjinga av åttitalet, men heldt fisket oppe fordi ungfisktokta viste at vi hadde sterke årsklasser i både 1983, 1984 og 1985, seier professor i fiskeribiologi ved Universitetet i Bergen Øyvind Ulltang.

Prognosane for optimistiske

Det skulle likevel vise seg at dei optimistiske prognosane slo feil. Berre 83-årsklassen var sterk då den kom inn i den fiskbare delen av bestanden. Då loddebestanden kollapsa og den viktigaste matkjelda forsvann måtte torsken ete sine yngre brør og systrer.

- Lite lodde gjer dårlegare vekst for torsken. Fordi fisken var så liten førte dette til at ei kasta ut mykje undermåls fisk, seier Ulltang. Fisk som vert fanga og kasta ut døyr, men dette vert ikkje registrert av fangststatistikken. Den inneheld berre fangsten som vert levert på land. Set ein fangstdata for lågt vert bestanden overestimert fordi ein ikkje har registrert all fisken som er daud.

Pessimist

Då torskebestanden kollapsa på åttitalet sat Ulltang i Den internasjonale rådgjevande komiteen for fiskerireguleringar, og vedgår at dei vart litt overraska over utviklinga.

- Eigentleg fekk vi eit varsel då vi såg den dårlege loddebestanden, men vi tok korkje omsyn til andre artar eller miljøforholda kring fisken når ein gav råd på den tida, seier Ulltang. No prøver ein mellom anna å sjå på mattilgong for torsken og temperatur. Låg temperatur og lite mat gjer låg vekst for torskeyngelen.

Kraftig kutt hjalp

I 1989 var bestanden blitt så låg at ein kutta kraftig ned på fiskeria. Det hjelpte, og fordi den gode 1983-årsklassen akkurat var klare til å gyte vart bestanden raskt større.

- Vi fekk nokre få år med vellukka regulering av fisket, men så vart fiskepresset igjen for stort, seier Ulltang. Grunnen til den raske auken i bestanden var lite fiske, god vekst og god rekruttering. Utover på nittitalet gjekk vart loddebestanden låg og difor veksten dårlegare, rekrutteringa gjekk også nedover. No er torsken utanfor trygge biologiske grenser og ein ser at den har vore for hardt utnytta sidan 1992.

Pessimistiske forskarar

Mange forskarar er pessimistisk på vegne av den norsk-arktiske torsken, men dei trur at det framleis er tid til å snu dersom politikarane får opp augene for det som held på å skje. Sjølv om Ulltang innrømmer at ein visste for lite og gav dårlege råd på midten av åttitalet kan ein ikkje legge skulda på forskarane denne gongen.

- Kvotene er sett for høgt. Mykje høgare enn det som er tilrådd, seier han.

Tømde havet

I Canada har torskefisket vore stengd sidan 1992, fyrst i to år, og sidan inntil vidare. Det er framleis ikkje teikn til at bestanden er på veg attende.

- Vi trudde ikkje at torskebestanden kunne kollapse, men det kunne den og den kunnskapen kom litt for seint, seier forskar Tara Marshall ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Ho trur ikkje vi nokon gong fullt og heilt vil forstå kva som var årsaka til samanbrotet, heller ikkje kva som vil skje i framtida, sjølv om forskarane utviklar metodane sine.

Marshall arbeidde med sin doktorgrad i Halifax på byrjinga av 90-talet, og fekk sett det som skjedde utanfor Newfoundland på nært hald.

- Det var ei tid med mykje omvelting og forskarane fekk mykje kritikk. Ein av konsekvensane var at forskarane forsto at dei ikkje hadde gode nok metodar sine, og starta å sjå seg om etter nye, seier ho.

No er biologien til fisken ein mykje viktigare del av forvaltninga, og ein ser meir på samanhengane i havet, men Marshall meiner det er langt fram.

Meir biologi

- Det finnest ingen enkle løysingar Vi kan ikkje sjå på ein art isolert når dei lever i lag med andre. Vi må mellom anna sjå på kvaliteten til fisken ikkje berre mengda, seier ho. Forskaren har arbeidd med samanhengen mellom tilstanden og storleiken til mora og talet på egg ho produserer. Ei gytemoden torskedame med høg vekt er forventa å gyte meir enn ei med lågare vekt.

Dessverre har ein ikkje vore flinke til å samle inn data for vekt og andre ting som kan seie noko om kor fruktbar fisken er. Det vanskar arbeidet og data som ein historisk ikkje har sett på og difor ikkje har samla inn kan tenkjast å spele ei viktig rolle.

- I Barentshavet er ein ganske heldige fordi russarane i lang tid ha sett på leverindeksen til torsken, som kan seie noko om kvaliteten og kondisjonen til fisken, seier Marshall og framhevar at utan historia til det som har skjedd med ein bestand kan ein heller ikkje seie noko om framtida.

Powered by Labrador CMS