Torsken utradert i Skagerrak og Kattegatt

Den lokale torsken i Skagerrak og Kattegatt er nærmast utrydda, og berre eit fullstendig fiskestopp kan redde restane, hevdar svenske fiskeriforskarar. Dei trur torsken kan kome til å gløyme gyteplassane i desse områda.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved Havfiskelaboratoriet i Lysekil i Sverige blir situasjonen samanlikna med kollapsen av torskebestanden utanfor den nordamerikanske austkysten for nokre år sidan. Rovfiske førte til at torsken og andre fiskeslag forsvann heilt.

Fullstendig fiskestopp

- Berre eit fullstendig fiskestopp kan redde restane som framleis gyter på nokre av bankane i Kattegatt, seier fiskebiolog Henrik Svädeng til Sydsvenska Dagbladet. Han arbeider ved Havfiskelaboratoriet, som nyleg har avslutta eit toårig forskingsprosjekt om torsk.

Forskarane har prøvetråla fleire plassar langs den svenske vestkysten og i Kattegatt. Om vinteren og våren fann dei nesten ingen ting, og om hausten fann dei berre småtorsk, skriv tekblad.no.

Småtorsk frå Nordsjøen og Øresund

Forskarane trur småtorsken dei fann om våren stammar frå egg og larvar ført inn med straumar frå Nordsjøen og sannsynlegvis også frå Øresund. Dei feitar seg opp til ein storleik på 15-20 cm lengde, og blir dei ikkje fanga i nota, så reiser dei tilbake der dei kom frå.

Minnet om gyteplassane forsvinn

Sidan torsken alltid reiser tilbake til gytestaden til foreldra, og Skagerrak og Kattegatt nærmast er tømt for fisk, trur forskarane at arten ikkje lenger har noko minne om desse gyteplassane.

Britiske forskarar har tidlegare studert torskens heimekjære oppførsel ved å følgje vandringa av enkeltindivid frå sør på Englandskysten til fiskebankane i Nordsjøen. Forskarane ved Havfiskelaboratoriet vil gjere same type studie frå i haust og to år framover. Dei vil merke eit par hundre torsk.

Powered by Labrador CMS