Kor mykje kan vi fiske?

Fiskekvotar blir avtalt i årlege fiskeriforhandlingar etter tilrådingar frå forskarar frå internasjonale komitear. Tidlegare har ikkje omsynet til gytebestanden vore utgangspunkt for tilrådingane, men frå 1998 blei "føre var-prinsippet" innført, med ei nedre grense for gytebestanden.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag vert fiskeria regulert gjennom konsesjonar, tal på båtar og reiskapstypar. Kor mykje som kan fiskast av kvar art vert regulert av kvoter, minstemål og områdeavgrensingar. Totale kvoter og fordelinga av desse på statar vert avtalt i årlege fiskeriforhandlingar.

Forhandlingsdelegasjonane støttar seg då på tilrådingar frå forskarane i Den internasjonale rådgjevande komiteen for fiskerireguleringar (ACFM). Forskarane baserer igjen sine råd på data både frå årlege forskningstokt og fangsdata frå fiskeria.

Gytebestanden med i reknestykket

Målet for forvaltninga og forskarar er å finne den optimale ressursutnyttinga der ein kan ta ut mest mogeleg fisk, men likevel ha ein bærekraftig bestand. Forskarane arbeider heile tida for å finne betre metodar for å nå dette målet.

Fiskedødelgheit

Den delen av dødelegheita som skuldast fiske. Denne er vanskeleg å estimere mellom anna på grunn av at liten fisk vert kasta ut att, og på grunn av dødelegheit ved kontakt med fiskereiskap. Fiskedødelegheita er som regel basert på den fisken som vert levert på land. Resten av den totale dødelegheita er rekna som naturleg dødelegheit.

Tidlegare har den fiskedødelegheita som gjer høgast utbytte (Fmax) vore utgangspunktet for tilrådingane frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES), men Fmax tek ikkje omsyn til gytebestanden. Fordi gytebestanden er viktig for rekrutteringa freistar ein å finne nye metodar som tek dette med i reknestykka.

Føre var-forvaltning

Rio-konferansen anbefalte i 1992 “føre var-prinsippet” for forvaltninga, og sidan har ICES arbeidd med å finne retningslinjer for korleis dette bli gjort i fiskeriforvaltninga. Konsekvensen ved samanbrot i fiskebestandar er store. Vi veit at det tok 25 år å byggje opp at bestanden av norsk vårgytande sild, og utanfor austkysten av Canada har ein etter 10 år med stopp i torskefisket ikkje sett teikn til vekst i bestanden.

I 1998 gjekk ICES over frå berre å gje klare kvoteråd dersom ein art var utanfor trygge biologiske grenser, til å gje råd i samsvar med føre var-kriteria. Forskarane har sett ei nedre grense for gytebestanden (Blim), og det er stor sjanse for dårleg rekruttering dersom ein kjem under denne.

Tryggleiksmargin

Tilsvarande har ein ei øvre grense for fiskedødleheit (Flim), der rekrutteringa vert dårleg dersom fisket vert høgare. Historiske data viser at det er vanskeleg å halde ved lag gytebestanden dersom ein tek ut meir enn ein tredel av fisken over fiskbar storleik. På grunn av naturlege variasjonar og uvissa omkring estimeringa av bestandane og fiskedødelegheita, må ein ha god tryggleiksmargin i høve til desse grensene.

Det kan verke ulogisk at ein ikkje skal fiske meir når den fiskbare bestanden er høg, men erfaring viser at på sikt kan dette straffe seg. Eit godt Lofotfiske tyder ikkje nødvendigvis at torskebestanden er bærekraftig dersom ein ikkje har mindre fisk til å erstatte den som vert fanga.

Det går seks til sju år frå ein torsk vert klekt til han er gytemoden, men han er med i den fiskbare delen av bestanden allereie frå tre til fire år. Vi risikere difor å fiske opp heile årsklasser utan at dei har gitt noko tilstott til rekrutteringa av ungfisk.

Overfiske

Bestanden av norsk-arktisk torsk har vore utanfor sikre biologiske grenser sidan 1991, og vi ser i ettertid at den har vore for hardt utnytta sidan 1992. Forskarane har hatt ein tendens i å overestimere gytebestanden mens kvotene som vert fastsett ligg over det som er tilrådd.

- Effekten av dette er at bestanden vart overutnytta rett etter den gode oppbyggjinsperioden på byrjinga av 90-talet, seier forskar ved Havforskingsinstituttet Asgeir Aglen i rapporten Havets ressurser 2002.

Torskebestanden i Nordsjøen under sikker grense

Aglen har også gjort utrekningar som viser at dersom fisket var halde på føre var-nivå gjennom heile 90-talet ville gytebestanden ha lege godt innanfor føre var-grensa i denne perioden. I staden for har overfisket auka, rekrutteringa er rekordlåg og gytebestanden på veg nedover.

Torsken i Nordsjøen er også langt utanfor dei biologisk sikre grensene. Gytebestande er på kring ein tredel av det som er rekna som føre var-grensa, og ein tilrår å redusere fisket så mykje som mogeleg. Ein ynskjer også ein plan for bygge opp att bestanden. Det er ikkje nok å redusere fisket, ein må også redusere bifangstar og utkast av torsk.

Powered by Labrador CMS