Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges geologiske undersøkelse - les mer.

Her ser vi både utløysingsområdet for fjellskredet høgt oppe i fjellsida og samstundes avsetningane etter skredet.

Luftsjokk aukar skadane ved fjellskred

Ekstremt kraftige luftstraumer med småbitar av knust berg kan drepe og felle trær heile tre kilometer unna sjølve skredet.

Slike luftsjokk kan altså gjere store fjellskred endå meir øydeleggjande.

– Sjølv om nokre ekstreme luftstraumar har vore dødelege, er det gjort lite forsking på å dokumentera deira destruktive potensial. Farevurderingane ved fjellskred tar heller ikkje omsyn til dei, seier skredforskar Ivanna Penna ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Sterke som ein tropisk orkan

Saman med kollegar har Penna analysert luftsjokk, såkalte «airblasts», over heile verda.

Ho har også tatt med ei tidlegare ikkje-rapportert hending i Yumthang-dalen i den indiske delen av Himalaya i 2015. Ved å nytta data frå både bakke- og flyundersøkjingar, kartla dei øydelegginga frå dei ekstreme luftstraumane som følgde fjellskredet i Yumthang.

Over 1000 trær fall under dette skredet. Forskarane berekna den maksimale vindhastigheita til heile 385 kilometer i timen, ein luftstraum så sterk som kraftige tropiske orkanar.

Biletet syner øydeleggingane av skogen etter fjellskredet i Yumthang.

Luftstraumen vert sterkare i tronge dalar

Dei farlegaste luftstraumane følgjer fjellskred i svært bratte fjellsider og tronge dalar. Luftstraumen vert sterkare og hardare i smale passasjer enn i dei breie, opne dalane.

– Vi undersøkte kva forhold ein stor skråningskollaps må oppfylle for å utløyse ein kraftig luftstraum. Vi etablerte samstundes ei forståing mellom den moglege energien i eit skred med omfanget av ein «airblast».

– Eit skred med tusen eller millionar kubikkmeter masse som fell frå stor høgde frigjer enormt med energi, sørgjer for findeling av bergartar og gir ei valdsam forskuving av luft, seier Ivanna Penna.

NGU-forskarane John Dehls, Reginald Hermanns og Ivanna Penna i Sikkim i India, kor Yumthang-skredet gjekk i 2015.

Må verte ein del av farevurderinga

Ho meiner at steinskred og fjellskred er så farlege at det er naudsynt òg å vurdere det ekstreme lufttrykket:

– Ei vurdering av sannsyn og konsekvensar av «airblast» må verte ein del av farevurderinga ved fjell- og steinskred, når vi finn ustabilitet i svært bratte skråningar.

Referanse:

Ivanna M. Penna mfl: Airblasts caused by large slope collapses, GSA Bulletin, 2020. https://doi.org/10.1130/B35531.1 Sammendrag

Powered by Labrador CMS