Slik har du aldri sett Kvam før

Slik ser Kvam sentrum ut når vi fjernar all vegetasjon og alle bustader. Gjennom 11.000 år har elva frå sidedalen Veikledalen bygd opp ei stor vifte med avsettingar frå flom og flomskred. Sist veke vart Kvam enno ein gong råka av flom.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Figur 1 syner korleis Kvam-vifta ser ut i skuggelagte laserdata (målestokk 1:15.000), og korleis denne geologiske formasjonen skiljer seg ut frå terrenget rundt. (Foto: Foto; NGU/Kartverket)

Førre veke vart tettstaden i Gudbrandsdalen svært hardt råka av vårflom for andre gong på tre år. Bebuarane vart evakuerte og ei rekkje hus vart heilt øydelagte av jord- og vannmassar.

Landskapet

- Forbygging av bekkar og elvar stabiliserer løpa, men hendingane sist veke syner at det ikkje er lett å spå kva som skjer når dei virkeleg store flommane kjem. Med geologiske briller er det ikkje vanskeleg å sjå at nokre stader er meir utsett for naturkreftene enn andre, seier forskar Anders Romundset ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

250 bebuarar vart evakuerte då elvene Storåa og Veslåa gjekk over sine bredder og flomma over Kvam sentrum for vel ei veke sidan. I dag er tettstaden eit nedslåande - men like fullt eit svært godt - døme på korleis geologiske prosessar virkar og arbeider med landskapet vårt. Vatn grev ut, transporterer og legg frå seg enorme mengder sand, grus og stein.

Figur 2 gjev eit nærare laserbilete (målestokk 1:4000) av den store vifteforma, der to aktive bekkefar (Storåa og Veslåa) trer tydeleg fram, medan det elles er vegar og planerte hustomter som dominerer finmosaikken. Foto: NGU/Kartverket

I vifteform

NGU startar i år kartlegging av lausmassane i Vinstra-området, der også Kvam blir dekt. Arbeidet er del av den systematiske, landsdekkande kartlegginga til NGU og skjer uavhengig av flomkatastrofen på Kvam. Hendingane syner likevel relevansen av geologisk kartlegging og kunnskap.

- Der ein trong sidedal munnar ut i eit større og slakare dalføre, mistar vatnet frå sidedalen mykje av transportkapasiteten sin og materialet blir spreidd ut og samla i ei vifteform. Dette er ein vanleg situasjon i Gudbrandsdalen, fortel Romundset.

Det er behandling av laserdata frå Kartverket som kan få fram dette avkledde landskapet, fritt for vegetasjon og bustader.

Laser frå fly

Den geologiske kartlegginga skjer hovudsakleg i felt og ved hjelp av flybilete, men i seinare år har geologane ved NGU også nytta laserdata som blir innsamla frå fly. Slike data gjev eit svært detaljert bilete av bakken.

- Vi startar opp dette arbeidet i år og reknar med å ha kartbladet Vinstra ferdig etter 2-3 feltsesongar. Det nye kartet blir da tilgjengeleg for alle frå NGU si nettside,  avsluttar Romundset.

Figur 3 viser eit anna døme på ei laserskanna flomvifte litt lenger sør i Gudbransdalen, der elva Augla renn ut i Lågen frå ein liten og bratt sidedal, ikkje ulikt Veikla ved Kvam. Her har det ikkje vore nokon form for elveforbygging og vatnet har fått spreie seg som det vil. Alle bekkefara og nedskjeringar etter større og mindre flommar syner korleis ei aktiv vifte ser ut. Foto: NGU/Kartverket

Powered by Labrador CMS