Seismologar tryggar oljeindustrien

Oljeindustrien er avhengig av å kunne vurdere risikoen for jordskjelv. Seismologane ved Universitetet i Bergen sit på den nødvendige kompetansen og utstyret. No signerer Oljeindustriens landsforening og Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk med base ved UiB ei langsiktig avtale om overvaking av seismisk aktivitet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Då leitinga etter olje tok til for fullt langs norskekysten på 60-talet, nytta oljeselskapa seismikk for å kartlegge forholda under havbotnen.

Allereie den gongen vart Jordskjelvsenteret i Bergen brukt som kompetansesenter, og mange av toppstillingane i oljesektoren vart bekledde av folk som var uteksaminerte frå institutta som i dag utgjer Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Banda mellom oljeindustrien og instituttet er framleis sterke. Heilt sidan midten av 90-talet, då Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk (NNSN) vart oppretta, har Oljeindustriens Landsforening (OLF) støtta drifta av senteret.

Med kontrakten OLF og NNSN signerer 7. mars, får imidlertid støtta ein heilt ny dimensjon. NNSN får no ein 5-årskontrakt, med moglegheit for fornying to gonger.

- Oljeindustrien viser med denne kontrakten ei verdsetting av og ei genuin interesse for grunnforskinga ved universitetet. Dei ser at denne forskinga utgjer sjølve grunnlaget for risikoberekningar av jordskjelv, seier Kuvvet Atakan, professor ved Institutt for geovitskap.

Kan fastslå risiko

Sjølv om Noreg ligg utanfor høgrisikosoner for jordskjelv, understrekar Atakan at ein likevel ikkje bør bagatellisere jordskjelvfaren.

- Det er ikkje berre oljeindustrien som har behov for å vite noko om risikoen for jordskjelv. Det er i nasjonen si interesse å forstå problem knytta til seismisk aktivitet, og i mange land er det ei statleg oppgåve å drive overvaking, seier han.

"Kuvvet Atakan, professor ved Institutt for geovitskap, ser den nye avtalen med Oljeindustriens Landsforening som eit uttrykk for at oljeindustrien ser klare verdiar i grunnforskinga ved universitetet."

Sjølv kjem Kuvvet Atakan frå Tyrkia, eit land som har ein langt større risiko for alvorlege jordskjelv grunna plasseringa tett opptil grensa mellom to jordskorpeplater.

Riskokartleggingar viser at Istanbul med 60 prosent sjanse vil bli råka av eit alvorleg jordskjelv i løpet av dei neste 30 åra. Høvet til å gjere slike berekningar viser kor avgjerande seismologien er for samfunnet ifølge Atakan.

- Det er ikkje så viktig å vite akkurat når eit jordskjelv vil finne stad, så lenge ein veit kvar det vil råke og med kor stor sannsynlegheit. Med ei så lang tidsramme, har tyrkiske myndigheiter tid til å setje i verk førebyggande tiltak, som mellom anna forsterking av offentlege bygg, seier Atakan.

- Samstundes er det sjølvsagt grenser for kor mykje sikring ein kan gjennomføre i ein by med ei stor bygningsmasse og eit høgt innbyggjartal, seier han.

Dynamisk vitskap

Slike risikoberekningar er nettopp eit uttrykk for det som gjer seismologien til eit spennande fagfelt ifølge Atakan.

- Grunnforskinga innan seismologien representerer kunnskap som er direkte overførbar til samfunnet. Naturen lever sitt eige liv, og vi må lære oss å leve i takt med den. Vi må sjå kva naturen prøver å fortelje oss, og ein god måte å gjere dette på er å observere jordskjelvaktivitet, seier Atakan.

Utan jordskjelv hadde vi hatt svært lite kunnskap om jorda sitt indre og jordskorpa ifølge seismologiprofessoren.

- Vi har ikkje teknologi til å bore djupare enn 15 km. Med tanke på at det er 6700 km inn til jorda si kjerne, er dette berre eit lite nålestikk. Jordskjelvbølgene passerer imidlertid gjennom heile jorda sitt indre, og dermed kan ein også kartlegge kjerna, seier han.

Powered by Labrador CMS