Himmel eller helvete på bygda?

Ungdom som veks opp på landet er delt i synet på bygda. Dei som reiser ut ser isolasjon og stagnasjon. Dei som blir igjen ser moglegheiter.

Published

Det seier førsteamanuensis Eli Fosso ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, som har forska på bygdeungdom og deira syn på bygda som bustad.

Forteljingane ho har funne er mangfoldige, men likevel skil to dominante syn seg ut, eitt positivt og eit negativt.

- Ungdom som har vakse opp i utkantkommunar er overraskande konsistente i haldningane sine. Dei som har bestemt seg for å bli og skape seg eit liv der dei har vakse opp, omtalar bygda på ein svært positiv måte. Medan dei som reiser nesten alltid har meir negative tankar - også til dels om dei unge som blir att der, seier Fosso som ikkje hadde trudd ho skulle finne ein så sterk grad av “oss og dei andre”-tenkning hjå desse ungdommane.

“Dei som er att her har ikkje teke noko utdanning. Dei går rett i arbeid. Vi ser ikkje akkurat opp til dei” er eit typisk utsagn frå dei som skal reise om dei som blir att på bygdene.

Fortel om deg sjølv

Geografen har samla inn skulestilar frå og gjennomført intervju med elevar i vidaregåande skule i fleire kommunar i distriktetet. Dei har det til felles at dei er dominert av tradisjonelle næringar.

Fosso har gjort dette som del av eit prosjekt kalt “Moderne ungdommers liv og konstruksjon av marginale steder”. Elevane har både skrive og fortalt om “seg sjølv i fortid, notid og framtid”.

Geografen har fokusert på denne aldersgruppa fordi dei er på eit punkt i livet då dei skal velje vegen vidare - både i form av utdanning eller arbeid og dei skal flytte eller bli.

I følgje Fosso interesserer ho seg for dei menneskelege aspekta ved flytting, heller enn det strukturelle og kvantitative. Ho har nytta metodar som mellom anna er sentrale innanfor britisk bygdeforskingstradisjon og prøvd å forstå flytting som ein biografisk prosess og som ei “livsreise”.

- Ungdom konstruerar eigen identitet gjennom flytting, gjennom å reise “heimefrå” til noko anna, gjennom å ta avstand frå det som har vore og prøve å finne noko nytt. Flytting er aldri ei her og no avgjerd. Det handlar meir om identitet og identitetsskaping enn om strukturelle trekk i samfunnet.

Moglegheitenes stad

Koblinga av sosial identitet og stadsidentitet er sterk. Dei unge som skal bli er stort sett ungdom som har valt yrkesfagleg studieretning i det vidaregåande skulesystemet.

Dei som skal bli trekk fram det gode skuletilbodet, det gode ungdomsmiljøet, låg arbeidsløyse, gode arbeidsmoglegheiter og eit godt bumiljø som faktorar dei verdset høgt på oppvektsstaden.

Dei som skal reise ut derimot, omtalar bygda som ein stad for begrensningar, som ein isolert stad utan utviklingsmoglegheit og med liten sjanse for å få interessant arbeid.

Kort sagt er bygdekonteksten ein uegna stad for utvikling av “moderne identitetar”.

- Eg tolkar dette som at dei unge berre ser rom for visse identitetar og aktivitetar på bygda, seier Fosso.

Ho meiner dei som reiser ut ikkje ser noko å bygge identiteten sin på i bygda, dei vil til dømes “ikkje bli som dei bufaste” og heller ikkje vil dei “kopiera foreldra sitt liv”. Dei konstruerer dermed staden som noko ubevegeleg og forankra i fortida.

Ifølgje Fosso byrjar ofte forteljingane om kven dei unge vil bli, med forteljingar om kven dei ikkje vil vere. Å reisa ut for å bli noka anna - ofte reiser dei til ein større stad - er derfor ikkje berre ei geografisk forflytting, men handlar og om sosial mobilitet og unge sine mentale reiser.

Å skape ei forteljing

Forteljingane om bygda og dei som blir der bygger ofte på kjente myter og framstår som eit karikert bilete av røynda, mellom anna har dei i liten grad teke opp i seg at også bygda er ein stad i endring - både kva angår næringsliv, kvardagsliv og identitetar.

- Gjennom arbeidet har eg blant anna sett at i dei unge sine forteljingar om å flytte, både brukast og gjenskapast dei mest dominante forestillingane om kva bygda og byen er, seier Eli Fosso.