Naturens eige fyrverkeri

Når det lynar på bakken hos oss, kan det også lyne oppover i atmosfæren. I sakte film kan ein sjå at lyna ikkje er ein strek, men lysande kuler. Sjå film av dei omvendte lyna!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Lyn er ekstremt vanleg, i snitt lynar det kvart 45 sekund ein stad på jorda, seier Nikolai Østgaard.

Han er professor i romfysikk på UiB, og forskar på kva som skjer over toreskyene. I løpet av dei siste tiåra har forskarane blitt klar over at det også lyner i atmosfæren samstundes med at det lyner nede på bakken hjå oss.

Dei blå jettene oppstår frå toppen av tordenskya og opp til dei nedste delane av atmosfæren. Dei raude åndene vert oftare sett høgare oppe, opp mot ionosfæren. Alvene er ringar av bølger som rører seg utover i ionosfæren, omtrent som ringar i vatn.

Lyna i atmosfæren, dei omvendte lyna, er av romfysikarane kalla blå jetter, raude ånder og alvar.

I fjor klarte den amerikanske romforskaren Hans C. Stenbaek-Nielsen, professor ved University of Alaska Fairbanks, å feste eit omvendt lyn, ei raud ånd, til film.

Dei omvendte lyna er optiske fenomen ein kan sjå med det blotte auga. Problemet er berre at det varer berre nokre millisekund.

Det er så kort at me knapt klarer å registrere det. Til samanlikning varer lyna me ser på bakken i nokre hundre millisekund.

For å fange det omvendte lynet, av romfysikarane kalla ei raud ånd, brukte Stenbaek-Nielsen eit superraskt kamera. Det tar 20 000 bilete per sekund, medan eit vanleg filmkamera tar 25 bilete i sekundet.

– Her ser me at lynet består av lysande kuler i staden for strekar slik me vanligvis ser lynet, seier Østgaard.

Lynobservasjon

Dei mørke områda viser kvar det var flest lynnedslag i 1997. (Illustrasjon: NASA/MSFC)

For å observere dei omvendte lyna, må ein sjå over skyene.

Ei rekke stader rundt om i verda finnest utkikkspostar der ein nettopp kan sjå både over og under toreveret.

På ein slik utkikkspost sat professor Stenbaek-Nielsen i fjor då han fekk festa lyna til film.

Det er over kontinenta, kring ekvator, det lyner mest. Toreveret byggjer seg opp når fuktig luft kjem inn over varme landområde.

– Dei elektriske felta vert danna når skyene får oppdrift, mest oppdrift får dei der det er varmt. I Skandinavia er me ikkje så lynutsette, seier Nikolai Østgaard.

I Colorado i USA finnest det stader der ein kan observere toreveret som kjem innover ”the great plains”, det store deltaet som utgjer store deler av det nordamerikanske kontinentet. Også i Pyreneene i Spania og Frankrike finnest det gode utkikkspostar.

– Den beste staden for observasjon er nok i Afrika. Men fordi det er så ustabilt der, er det det er få som vil reise dit med så dyrt utstyr, seier Østgaard.

Mystiske gammaglimt

Collage av stillbilete frå professor Nielsen sin film av ei raud ånd. Collagen vart brukt som cover på internasjonale tidsskriftet Geophysical Research Letters i juni 2007. Nikolai Østgaard er redaktør for romfysikk i tidsskriftet. (Illustrasjon frå Geophysical Research Letters)

I tillegg til dei omvendte lyna, har forskarane oppdaga at det også går gammastråling frå jorda under torever. Det er gammaglimta Nikolai Østgaard først og framst forskar på.

– Me veit ikkje heilt korleis gammaglimta verker enno. Til no har me berre to måleserier av gammaglimta, seier Østgaard.

Dei to måleseriane stammar frå to satellittar som eigentleg skulle måle noko heilt anna. Den første, gammastråledetektoren BATSE, frå 1991, skulle måle galaktiske gammaglimt. Den registrerte 70 glimt på ni år.

Då detektoren oppdaga dei første glimta, trudde forskarane først at det var noko gale med instrumentet. Den neste måleserien er frå satellitten RHESSI som målte røntgenutbrot på sola. Den har målt 800 glimt på ti år.

– Me vil sende opp eit måleinstrument som er enda finare justert. Kanskje vil me då sjå 10 000 glimt på ti år, seier Østgaard.

Romfysikarane han leier på UiB er med i eit stort eksperiment i regi av ESA, den europeiske romorganisasjonen. I 2012 skal ESA sende opp ein instrumentpakke opp til romstasjonen Columbus.

Følsomme instrument

Dei byggjer ein del av instrumenta som i 2012 skal sendast opp i verdsrommet for å måle gammaglimt og ta bilete av det som føregår over toreveret. Frå venstre stipendiat Yngve Skogseide, Nikolai Østgaard og Kjetil Ullaland. (Foto: Gudrun Sylte)

Instrumenta skal måle gammaglimta på jorda. Ein del av måleinstrumenta er no i ferd med å bli sett saman på UiB.

Inne på eit rom på institutt for fysikk og teknologi, sit stipendiat Yngve Skogseide og førsteamanuensis i mikroelektronikk, Kjetil Ullaland, og set saman den følsomme elektronikken. Problemet dei må løyse no, er signala frå samfunnet rundt.

– Instrumentet er så følsomt at signal og støy frå samfunnet rundt forstyrrer målingane. Eit klassisk problem for oss er radiosendaren på Ulriken, seier Ullaland.

Powered by Labrador CMS