Fingerløysing erstattar mus

Ny teknologi gjer det lettare for born med cerebral parese å teikne.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei ny fingerløysing fra Høgskolen i Oslo (HiO) gjer det lettare for born med cerebral parese å teikne ved hjelp av pc og teikneprogram.

Fingerløysinga kan nyttast i staden for mus.

Treffer små punkt lettare

Alt du kan gjere på ein normal pc, kan du også gjere med fingerløysinga.

- Du kan for eksempel treffe små punkt lettare og meir nøyaktig, noko som gir løysinga eit breitt bruksområde. Du kan treffe ei lenke, sende e-post og anna, seier førsteamanuensis Kyrre Begnum ved HiO.

- Fingerløysinga kan brukast til å forstørre tastatur, som kan projiserast på skjermen.

Begnum står bak idéen til fingerløysinga, men han er utvikla videre saman med Johan Finstadsveen, Jonas Taftø Rødfoss og Petter Skolla, alle studentar i anvendt datateknologi.

- Vi bygde fingerløysinga i interaksjonslaben vår, brukte ein del tid på å eksperimentere, og fekk det til å funke, seier Begnum.

Får klump i halsen

- Det første vi tenkte på var born med hjerneskadar, med behov for motorikktrening, seier Johan Finstadsveen.

Born med cerebral parese har ofte stor grad av spastisitet og dårleg motorikk. Bruken av fingerløysinga gir motorisk trening.

- Vårt inntrykk er at fingerløysinga gir høg meistringskjensle for borna. ”No kan eg teikne som alle andre born”, var det einaste det handla om, seier Kyrre Begnum.

- Vi fekk klump i halsen då vi såg eit bilete av ei blomstereng som ei jente med cerebral parese har teikna takka vere dette hjelpemidlet. Det gav motivasjon til å arbeide vidare.

Jenta som prøvde fingerløysinga bruker henne no på skulen.

Infraraud lysdiode

I den nye fingerløysinga blir skjermbildet frå ein pc projisert på eit bord framfor barnet, som får ein hanske på fingeren med ein infraraud lysdiode som viser kvar barnet trykkjer på bordet.

Eit infraraudt kamera registrerer kvar dioden er, og bordet blir dermed som ein stor trykkskjerm. Kombinert med eit teikneprogram kan borna fingerteikne.

Elektronikken i fingerløysinga er svært enkel. Han inneheld ein krins, og fremst på fingeren er det ein knapp. Når knappen blir trykt inn, lyser ein diode, og lyset blir igjen fanga opp av eit infraraudt kamera på remoten.

Billig teknologi

- Med ekstra programvare kan vi omsetje eit lyspunkt til eit museklikk. Dermed kan fingeren bli ei mus som kan brukast på ei flate, seier Begnum.

Fingerløysinga er sett saman av komponentar som er billige eller gratis og lett tilgjengelege.

Alternativet til fingerløysinga er produkt med interaktive toutchflater, som er svært kostbare, lite fleksible og lite tilgjengelege.

Får designhjelp

- Vi kan ikkje nok om korleis fingerløysinga kan sjå ut. Studentar i produktdesign ved Høgskolen i Akershus lagar no prototypar, der det er teke omsyn til for eksempel utforming av knappar, hygieneaspektet og at løysinga skal vere robust.

- Vi kan berre teknologien, dei kan få oss til å lage dette betre, seier Begnum.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Oslo - Les mer

Powered by Labrador CMS