Annonse

Kvalitet, ikkje solidaritet bak internasjonalisering

Strategiar om internasjonalisering ved norske høgskolar og universitet har kvalitetsheving som mål, medan klassiske ideal som fred og solidaritet er lite til stades.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: David Zadig/SIU)

Kvalitetsheving er hovudgrunnen til at institusjonane ønskjer internasjonalisering.

Då går ein i stor grad ut frå at internasjonalisering gjev høve for kvalitetsutvikling gjennom samanlikning, og at eit internasjonalt omdøme i seg sjølv er eit kvalitetsstempel.

Dette går også igjen i sektormål frå Kunnskapsdepartementet, der det blant anna heiter at institusjonane skal tilby utdanning og forsking på høgt internasjonalt nivå.

Det viser ein rapport frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som tek føre seg dei overordna internasjonale strategidokumenta ved 36 norske universitet og høgskolar.

– Me har sett på korleis institusjonane skriv om internasjonalitet i overordna strategidokument. Det er overraskande stor variasjon i korleis dei nærmar seg internasjonalisering, men felles er at strategiane speglar nasjonale politiske målsettingar, fortel utreiar Margrete Søvik ved SIU.

Strategiane nemner også samfunnsoppdrag og ressursar som viktige grunnar. Ei dominerande tilnærming er at internasjonalisering styrkar institusjonane sin posisjon i konkurransen om talent og ressursar, og gjev dei i stand til å levera kompetanse til eit globalt kunnskapssamfunn. 

– Solidaritet, fred og danning, klassiske tilnærmingar til internasjonalisering av utdanning og forsking, er lite til stades i strategiane, påpeiker Søvik.

– Dette speglar også utviklinga i andre land, der økonomi stadig er meir sentralt når ein snakkar om kvifor institusjonar skal samarbeida over landegrensene.

Omdøme og krav

Rapporten viser også at institusjonane vektlegg blant anna mobilitet, undervisning på engelsk, samarbeid og fellesgrader som viktige verkemiddel for internasjonalisering av utdanning, medan nettverk og mobilitet går igjen når det gjeld forsking.

I rapporten vert institusjonane delte i to hovudgrupper: Dei som tydeleg brukar strategien som omdømebygging, og dei som truleg har utforma strategien spesifikt retta mot styresmaktene.

– Strategiane ber lite preg av å vera interne styringsdokument. Det skal likevel seiast at rapporten berre tek føre seg dei sentrale strategidokumenta. Me har ikkje gått i djupna på korleis strategiane og handlingsplanane faktisk vert brukte ved institusjonane, understrekar Søvik.

Samfunnsansvar

Medan dei store universiteta har det å vera ein global aktør som motivasjon for internasjonalisering, ser mange av høgskolane det som eit samfunnsansvar å løfta det lokale samfunnet og næringslivet gjennom å knyta regionen tettare til utlandet.

Døme på dette er Høgskolen i Lillehammer, som skriv « gjennom samhandling med utenlandske aktører skal høgskolen bidra til internasjonalisering i regionen.»

Dei fire eldste universiteta, Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø, har ambisjonar om å bidra til å løysa globale utfordringar innan til dømes klima og helse gjennom internasjonalisering.

Universitetet i Oslo skriv blant anna at «UiO ønsker å ta et tydeligere ansvar for å bidra til å møte de utfordringer verden står overfor.»

Prioriterer Russland

Geografiske prioriteringar følgjer i stor grad nasjonale satsingar og tilgjengelege finansieringskjelder. Europa er gjennomgåande som geografisk samarbeidsområde, men eit unntak er dei nordnorske institusjonane, som tydeleg prioriterer Russland.

Det er naturleg at desse samarbeider med Russland, meiner Dag Stenvoll, som står bak SIU-rapporten saman med Søvik.

– Både geografisk og politisk ligg det til rette for samarbeid med Russland. I tillegg finst det mange finansieringsordningar for slikt samarbeid, til dømes hos SIU og Norges forskningsråd, seier Stenvoll.

Powered by Labrador CMS