Annonse

Meir sitering med åpen publisering

Redaktør erfarer at elektroniske og fritt tilgjengelege vitskaplege tidsskrift blir fortare og oftare siterte enn dei papirbaserte og private tidsskrifta.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Internett gir høve til publisering av vitskaplege artiklar utanfor dei dyre tidsskrifta, men kva då med kvalitetssikring og fagfellevurdering? (Foto: Shutterstock)

Nico Keilman, som er demograf og professor ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo, overtok som redaktør for det internettbaserte tidsskriftet Demographic Research (DR) i 2006.

Han har stort sett gode erfaringar med denne moderne publiseringsmåten. DR blir utgitt av Max Planck-instituttet for demografisk forsking i Rostock og er eit gratis Open Access-tidsskrift med fagfellevurderingar.

– All kontakt mellom redaksjonen, forfattarane og fagfellane som vurderer artiklar, skjer elektronisk. Fagfellane får tilsendt manus via e-post og skriv sine kommentarar via ei nettside.

– Deretter blir dei godkjende artiklane publiserte i tur og orden. Dette fører mellom anna til at publiseringsfarten aukar, fortel Keilman.

Tilgang også for fattige forskarar

– Det var ikkje gratisprinsippet som var viktigast då tidsskriftet vart etablert, men prinsippet kan likevel ikkje undervurderast.

– Det er for eksempel veldig viktig at demograf-kollegaene våre ved universitet og forskingsinstitutt i utviklingsland, som ikkje har tilgang til kostbare tidsskrift, kan få tilgang til ferske forskingsresultat, seier Keilman.

Nico Keilman

Max Planck-instituttet finansierer cirka to årsverk i året på tidsskriftet, og Keilman legg inn éin dag i veka.

– Det betyr at eg får mindre tid til å skrive eigne vitskaplege artiklar, men det er jo slik systemet fungerer. Då eg var ung forskar, hadde eg stor nytte av det som var skrive av meir erfarne kollegaer, og no er det hyggeleg å kunne gi litt tilbake.

– Dessutan held ein seg godt oppdatert ved å ha ei slik stilling. Men det er naturlegvis ikkje høve til å bruke resultat ein blir kjend med gjennom ein redaktørjobb eller ei fagfellevurdering, før dei er publiserte, seier han.

Publiserer etter kvart

Tidsskriftet mottek 200–250 manuskript kvart år, og Keilman sorterer ut dei artiklane som klart er for svake. Dei som kjem gjennom det første nålauget, blir sende til fagfellevurdering, og til slutt blir ca. 70–80 artiklar publiserte kvart år.

– Vi publiserer artiklane etter kvart så snart dei er aksepterte, men i tillegg trykkjer vi samleutgåver i eit lite opplag. Det er framleis ein del bibliotek som vil ha årgangar på papir, forklarer han.

Professor Keilman oppfattar Open Access-publisering som eit godt alternativ til den tradisjonelle, privatåtte og kostbare publiseringa.

– Det har også vorte meir og meir vanleg at forskarar legg ut førebels resultat i form av working papers. Eg veit ikkje korleis dei kommersielle forlaga skal møte denne utfordringa, men det er tydeleg at Internett har skapt gode alternative publiseringsformer, seier Keilman.

– Finst det nokon ulemper?

– Nei, kva skulle det vere? Vi gjorde ei evaluering i 2007, og den viste at DR har fått ei sterk stilling innanfor sitt fagfelt. Siteringsindeksane og «impact-faktoren» til dei nettbaserte tidsskrifta er fullt på høgd med andre tidsskrift.

– Eg for min del tilhøyrer rett nok ein generasjon som elskar å sitje med ei avis, og i starten vegra eg meg litt for å lese artiklar berre på skjermen. Men no går det greitt. Ein må jo tenkje litt på trea òg!

Lenke:

 Demographic Research (DR)

Powered by Labrador CMS