Forskarskepsis mot Wikipedia

Wikipedia er blant dei ti mest søkte nettstadane i verda. Likevel er mange norske forskarar skeptiske til å skrive artiklar for nettleksikonet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ti tilfeldig utvalde forskarar har vorte intervjua om sitt forhold til Wikipedia i nettmagasinet vox publica ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Mange av forskarane er positive til det nettbaserte oppslagsverket, men fleirtalet har likevel ikkje lagt ut eigenproduserte artiklar.

– Ein del er usikre på om det er riktig av forskarar å bruke tid på denne formidlingsforma, seier Dag Elgesem, professor i IKT og samfunn ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Få feil

Wikipedia vart starta av IT-gründeren Jimbo Wales og hans partnerar i 2001. Opprinneleg hadde han planar om å lage eit ordinært leksikon, men resultatet vart ei kollektiv løysing der kven som helst kan legge ut artiklar om ulike tema.

Wikipedia sine reglar for publisering vert i all hovudsak utført av ei lauseleg organisert gruppe med Wikipedia-eldsjelar.

– Tanken bak Wikipedia er å dra nytte av den samla kunnskapen til ei stor mengd menneske, seier Elgesem.

Sjølv er han ikkje i tvil om at den kollektive modellen fungerer. Den engelske versjonen av Wikipedia har ifølge Elgesem over to og ein halv million oppslagsord.

I ei undersøkjing i Nature vart Wikipedia testa mot Encyclopedia Britannica og kom ganske godt ut, sjølv om undersøkjinga er omdiskutert. I ein tilsvarande test i Tyskland viste det seg også at Wikipedia inneheldt svært få feil.

Kvaliteten på den norske utgåva av nettleksikonet er imidlertid mykje meir ujamn ifølge Elgesem.

Saknar kvalitet

Dag Elgesem, professor i IKT og samfunn ved Institutt for informasjons- og medievitskap, meiner at den kollektive modellen til nettleksikonet Wikipedia fungerer. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Og ifølge forskarane vox publica har intervjua, er det heller ikke feilaktige opplysingar som er det største ankepunktet mot Wikipedia. Frå deira synsvinkel er problemet heller at artiklane er for lite utfyllande og av for dårleg kvalitet.

– I samanheng med intervjua har forskarane fått vurdere kvar sin Wikipedia-artikkel innanfor sitt fagfelt, og karakteren hamnar nokonlunde midt på treet hjå dei fleste. Forskarane meiner i mange tilfelle at informasjonen er for dårleg. Det er rett og slett ikkje slik dei ville ha skrive det sjølv, seier Elgesem.

Til trass for at forskarane meiner at informasjonen er for dårleg, går dei fleste av dei likevel ikkje inn og legg til eller endrar på artiklar i Wikipedia ifølge Elgesem. Somme av dei gjev likevel uttrykk for at det er svært fristande.

Vil bruke masterstudentar

Elgesem trur ikkje at det er ei realistisk målsetjing å få forskarar flest til å skrive eigne tekstar for Wikipedia, men derimot at det bør vere mogleg å få forskarar til å korrigere tekstar andre har skrive og sørge for å gjere informasjonen meir fullstendig.

– Eg har meir tru på at ein til dømes kan oppfordre masterstudentar til å legge inn nye artiklar, noko også fleire av forskarane nemner, seier han.

Han meiner likevel at Wikipedia har eit stort potensiale når det gjeld å få fleire av brukarane innan akademia til å legge ut eigenproduserte tekstar.

– Mange forskarar mistar nok interessa for å legge ut eigne artiklar fordi andre kan gå inn og endre på dei i ettertid. Likevel trur eg at når dei først får augene opp for at dette er ein kanal ut i verda med mange brukarar, så vil det i seg sjølv vere motivasjon nok til å engasjere seg, seier han.

Inngangsport til kunnskap

(Foto: iStockphoto)

Elgesem er likevel samd med forskarane som meiner at Wikipedia ikkje bør vere ein primærkanal for forskingsformidling. Først og fremst er Wikipeda ein inngangsport til vidare informasjon om tema ein er interesserte i.

– Folk er klar over at artiklane i Wikipedia ikkje har vore gjennom nokon sentral kvalitetskontroll, seier han.

Han peikar samstundes på at kjeldekritikk har kome inn som ein større del av undervisninga i skuleverket. Artiklane i Wikipedia skal vere korte og poengterte.

Det er ikkje rom for kvalifiseringar, argumentasjon og diskusjon av alternative syn, noko som i seg sjølv kan vere eit problem i høve til vitskaplege kriterier. Men til ein viss grad må forskarar berre lære seg å godta at det skal vere slik, ifølge Elgesem.

– I Wikipedia er det ikkje nødvendigvis komplette avhandlingar som er det riktige. Det viktige er at opplysningane er korrekte og at ein kan finne gode lenker til annan informasjon om temaet. Forskarane har eit formidlingsansvar, og må godta at det her skal vere kjappe og konsise tekstar, seier han.

Powered by Labrador CMS