Sjøfolka og syfilisen

At sjøfolk hadde kvinner i kvar hamn var ikkje berre ei myte, det vitna alle tilfella av syfilis og gonoré om. Hjå legen møtte sjøfolka likevel forståing.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I 1939 var kring 40 000 norske menn på båtar i utanriksfart, tidligere kan talet ha vore endå høgare. Mange av desse kom heim med syfilis og gonoré.

Legar, friviljuge organisasjonar som Raude Krossen og sjømannsorganisasjonane jobba med tiltak for å hindre innførsel av smittsame sjukdommar til Noreg, men også for å tilby helsetenester for sjøfolk.

Helsetiltak retta mot sjøfolk

Elisabeth Koren ved Universitetet i Bergen tek doktorgrad på norske helsetiltak retta mot sjøfolk i utanriksfart frå 1890 til 1939. Koren seier til Hubro at legane var overraskande moderne og framsynte i tiltaka dei foreslo.

Mange legar hadde ei strengt medisinsk og smitteførebyggande tilnærming, der det moralske vart halde heilt utanfor.

- Det var ei viss forståing for at om ein er full og i dårleg selskap er det lett for at noko skjer, fortel Koren.

Ein av grunnane til at legane var såpass liberale var at sjøfolka var i utlandet. Fyll og utenomektskapelege seksuelle forhold hadde nok ikkje blitt tolerert på same måte i norske hamner.

Liberale sosialistar

- Ein kan skilje mellom den oppdragande tilnærminga, der sjøfolka skulle “lære” å ikkje gå til prostituerte, og ei tilnærming basert på rettighetar, seier historikaren.

Mellomkrigstida var ei brytningstid der ein del legar var opptekne av seksualopplysning.

Særleg dei sosialistiske legane var opptekne av dette, som eit ledd i ein politisk kamp for barneavgrensing og auka rett til å bestemme over eigen kropp. Dette kom mellom anna til uttrykk i Tidsskrift for seksuell opplysning der Karl Evang var redaktør.

Samstundes arbeidde organisasjonar som Raude Krossen for at sjøfolka skulle få betre helsestell, og det var eit sterkt fokus på rettane til sjøfolka.

Sport og spel

Medan kristne legar og kristne organisasjonar som jobba for sjøfolk fokuserte på at det var “synd” å gå til kvinner når ein var på sjøen, var mange legar meir opptekne av helsefaren det førte med seg.

- Men også dei progressive legane hadde nok bestemte oppfatningar om korleis sjøfolka burde leve. Det var mykje snakk om at ein måtte legge til rette for sport og spel, så dei skulle få “anna å tenke på”.

- Det er også interessant at berre kjønnssjukdommar blant underordna sjøfolk vart definert som eit problem. Kapteinen vart sett på som ein alliert med legane i å hjelpe sjøfolka til å motstå freistingane, ikkje ein som sjølv risikerte å bli smitta, seier Elisabeth Koren.

Burde treffe “skikkelege kvinner”

Koren fortel at det var ein del verdiar innplanta i mange av helsetiltaka. Mellom anna vart det lagt til rette for skipsbibliotek med “oppbyggeleg” litteratur.

Dei skulle ikkje lese for mykje om kjærleik eller krim, men heller om geografi og annan faktakunnskap.

Raude Krossen vedtok ei resolusjon om at kvinneorganisasjonane burde legge til rette for at sjømennene skulle omgåast kvinner på ein “naturleg og positiv måte”.

Dei skulle få betre kontakt med “skikkelege kvinner” når dei var i utanlandske hamner, ikkje for å ha sex med dei, men for å bli minna om kvinnene heime.

Preparatet Prokal

Koren prøver å avdekke dei kjønnsforestilingane som farga mykje av tiltaka og retorikken.

Frå før 2. verdskrig fanst preparatet Prokal som kunne forebygge smitte ved at ein vaska seg med middelet etter å ha hatt kjønnsleg omgang.

Nokre legar meinte at det burde vere tilgjengeleg om bord i alle båtar, og i 1938 ville Raude Krossen ha automatar med Prokal.

Nokre reieri bestilte automatar, men Det norske sjømannsforbundet var imot det sjølv om kjønnssjukdommar var svært vanleg hjå norske sjøfolk i utanriksfart.

Ufortent dårleg rykte

- Mitt inntrykk er at sjøfolka sjølve ikkje var så opptekne av at dette var eit problem. Dei ville framstå som skikkelege menn som ikkje oppsøkte prostituerte. Mange meinte også at yrkesgruppa hadde fått eit ufortent dårleg rykte, ikkje minst fordi ungdomsforbrytarar vart dømde til å reise til sjøs.

- Majoriteten av sjøfolka såg på seg sjølv som hardt arbeidande, skikkelege menn, seier Koren, og legg til at det har vore forska svært lite på dette emnet.

Ho veit berre om noko forsking gjort på sjøfolk i Liverpool. Også der var legane svært opptekne av å førebygge kjønssjukdomar, mens ein oversåg sjukdomar som tuberkulose, sjølv om det truleg var ein større helserisko for sjøfolka.

Koren skal seinare undersøke om det same var tilfelle i Noreg.

Powered by Labrador CMS