Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - Les mer

Oppskrifta på gode matvanar

Ha frukt og grønt tilgjengeleg for borna, og ta dei med på matlaging og innkjøp. Slik skapar du gode matvanar.
19.3 2012 05:00


 

Strenge reglar for kva dei får lov til å ete og ikkje, skal du derimot unngå. Det kan faktisk gjera borna mindre sunne.

Dette er nokre av råda frå ernæringsfysiolog Elisabeth Lind Melbye ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho har forska på kva som fungerer – og ikkje – når foreldre skal lære born sunne matvanar.

Ifølgje Folkehelseinstituttet har talet på born med overvekt auka jamt og trutt dei siste tretti åra. Om lag kvar femte åtteåring i Noreg slit med overvekt eller fedme.

Samstundes får norske born i seg langt mindre frukt og grønt kvar dag enn det som er tilrådd.

Studie av 800 born

Melbye er uroa over utviklinga og vil no ha foreldra på banen i kampen mot overvekt.

I doktorgradsarbeidet sitt har ho nemlig sett nærare på den nøkkelrolla foreldre speler, og på den påverknaden dei har på matvanane til borna.

I alt har 18 skular i kommunane Sandnes og Gjesdal vore med i studien. Om lag 800 born i aldersgruppa 10 til 12 år og foreldra deira har teke del i ei spørjeundersøking. Av dei som vart spurde var 85 prosent mødrer, 12 prosent fedrar og resten andre omsorgspersonar.

Av alle borna som deltok i studien, svarte 72 prosent at dei fekk i seg frukt kvar dag. 58 prosent svarte at dei fekk i seg grønsaker kvar dag.

Fram med fruktfatet


Å skape sunne matvanar hjå born er noko foreldre må jobbe aktivt med frå borna er heilt små. Ein god start er å sleppe borna til på kjøkkenet, meiner UiS-forskar Elisabeth Lind Melbye, som her lagar middag saman med borna sine, Lea Sofie og Wiljar.

Studien til Melbye tek tak i nokre mytar om kva som er gode strategiar for å få born til ete sunt. Oppskrifta på å skape gode matvanar summerer forskaren opp slik:

– Det viktigaste foreldre kan gjere, er å ha sunn mat tilgjengeleg for barnet. Borna skal kunne forsyne seg av den sunne maten når dei sjølve vil, seier Melbye, som meiner verdien av den fysiske tilrettelegginga i heimen lenge har vore undervurdert.

På same vis må foreldre også vere nøgde med at usunn mat ikkje er like tilgjengeleg, utanom på laurdagar. Fram med fruktfatet, vekk med godteskuffen, oppmodar ho.

– I tillegg til at borna blir eksponerte for sunn mat, bør dei også få ta del i matlaginga og i planlegginga av måltida, seier UiS-forskaren.

– Lat borna skjere opp grønsaker og hjelpe til på kjøkkenet. Få dei med på innkjøp i butikken, og er dei store nok, kan du også diskutere med dei kva sunn mat er, og kvifor det er bra for kroppen.

Forboden frukt freistar

Eit viktig poeng for Melbye er at borna tidleg skal få eit godt forhold til mat. Og då må ikkje foreldra vere for strenge.

– Born av foreldre som er urimeleg strenge og restriktive med kva barnet får lov til å ete, har ofte ein hang til usunn mat. Dermed får dei i seg mindre av den sunne maten, og det er jo eit paradoks, seier Melbye.

– Forboden frukt freistar, legg ho til.

Melbye meiner tidlegare forsking på matvanane til born har lagt for mykje vekt på restriksjonar frå foreldra og korleis dei har kontrollert kva og kor mykje barnet skal ete.

Difor har ho teke med ei rekkje andre typar matrelatert foreldreåtferd i forskinga si. Til dømes har ho sett på kva det har å seie at foreldra oppmuntrar borna til å ete sunt, og kva det har å seie at foreldra har sunn mat lett tilgjengeleg i heimen.

Direkte og indirekte påverknad


 

I studien sin har Melbye med ein modell frå sosialpsykologien. Med hjelp av den har ho også sett nærare på borna sine eigne avgjersleprosessar når det gjeld inntak av mat.

– Sjølv om foreldra oppmuntrar barnet til å ete sunt, må barnet sjølv oppleve at det både har moglegheiter til og intensjonar om å ete sunt, forklarer Melbye.

Difor bør målet vere å skape eit sunt heimemiljø der sunn og variert mat og gode matopplevingar er hovudingrediensar.

– Jo fleire gode matopplevingar, jo betre. Her kan foreldra påverke barnet direkte med å leggje til rette for at barnet kan ta eigne, sunne val innanfor gitte rammer, konstaterer Melbye.

I studien sin har ho altså kartlagt korleis nokre typar foreldreåtferd, slik som oppmuntring, verkar indirekte på matvanane til borna gjennom borna sine eigne tankar og avgjersler, medan andre typar foreldreåtferd verkar direkte, slik som fysisk tilrettelegging.

Førebygging framfor alt

Foreldre speler med andre ord ei heilt sentral rolle når gode matvanar skal skapast hjå barnet. For å få bukt med den aukande overvekta hjå norske born, treng borna difor meir enn eit fruktmåltid i barnehagen eller på skulen, meiner Melbye.

– Kva med tilbod om ernærings- og matlagingskurs til alle foreldre, i regi av helsestasjonane? føreslår UiS-forskaren.

For gode vanar må skapast så tidleg som mogleg, helst før barnet kjem i tenåra. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser nemleg at så mykje som ein av fire nordmenn over 16 år var overvektige i 2008.

– Når ein først har blitt overvektig som barn, er sjansen langt større for at ein blir verande overvektig også som vaksen. Og i ungdomsåra mistar foreldra fort den nøkkelrolla dei har hatt, seier Melbye, før ho skundar seg å leggje til:

– Men det er sjølvsagt aldri for seint å snu ein vane frå dårleg til god. 

Referanser:

Melbye, Øgaard & Øverby: Validation of the Comprehensive Feeding Practices Questionnaire with parents of 10-to-12-year-oldsBMC Medical Research Methodology 2011, 11:113, doi:10.1186/1471-2288-11-113.

Melbye, Øverby & Øgaard: Child consumption of fruit and vegetables: the roles of child cognitions and parental feeding practices, Public Health Nutrition, 2011 Oct 17:1-9, doi: 10.1017/S1368980011002679.

Bakgrunn:

26. april disputerer Elisabeth Lind Melbye for doktorgraden ved Universitetet i Stavanger. Tittelen på avhandlingen er “Mat-relaterte foreldre-barn interaksjoner: betydningen av barns kognisjoner og foreldres matrelaterte atferd for barns inntak av sunne matvarer”.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Slik skaper du gode matopplevingar frå borna er små

Tilby borna ulike typar mat frå dei er små, og lat dei ta og kjenne på maten.

Tilby borna ny mat fleire gonger og be dei smake.

Snakk om maten og kva han smake.

Snakk om korleis sunn mat er bra for kroppen.

Ha alltid sunn mat tilgjengeleg og synleg for borna i heimen.

Oppmuntre borna til å ete sunn mat.

Ver tydelege og gode oppdragarar også når det gjeld mat.

Ikkje bruk mat som belønning eller trøst.

Bestem kva borna skal ete, men lat borna bestemme kor mykje dei vil ete.

Gjer familiemåltidet til eit høgdepunkt i kvardagen for heile familien.

Tilby barnet ei handfull frukt eller grønt til kvart måltid.

Lat godteri vere lov på laurdagar og til fest.

Overvekt blant norsk born

I Noreg har 17 prosent av gutane og 22 prosent av jentene i åtteårsalderen overvekt eller fedme.

Blant 15-åringar er det samla talet for begge kjønn på om lag 14 prosent.

Blant born og unge har det vore ein jamn auke i talet på overvektige dei siste 30 åra.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)