Testar om elevane blir smartare av fysisk aktivitet

Skal det bli plass til meir fysisk aktivitet i skulen, så må gymmen inn i basisfaga. Då må forskarane dokumentere at aktivitet gjer elevane både friskare og smartare.

Elevane ved Trudvang skule i Sogndal har vore med på forskingsforsøk tidlegare. Tredjeklassing Siri Munthe Olsen er nå med på å teste ut om dagleg fysisk aktivitet gjer elevane smartare. (Foto: Katrine Sele, HiSF)

- For ti år sidan ville ein time dagleg fysisk aktivitet i skulen ha vore ein hårreisande tanke. Å stele frå timane i klasserommet kom ikkje på tale. Men no er tida inne for ei grunnleggjande endring i korleis vi tenkjer skule, meiner Geir Kåre Resaland, førsteamanuensis innan idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han har forska på feltet i ti år, og har blant anna vist at 60 minutt med dagleg fysisk aktivitet i skulen gjer store helsevinstar. Særlig for elevane med dårlegast utgangspunkt. 

I løpet av skuleåret 2014-2015 skal han teste ut hypotesen at fysisk aktivitet ikkje berre gjer barn friskare, men også smartare.

Forskings- og utviklingsprosjektet Active Smarter Kids (ASK) kostar kring 30 millionar, involverer 1200 femteklassingar i Sogn og Fjordane, 60 lærarar og meir enn 40 forskarar. Om hypotesen er rett, kan opplegget bli ein del av pensum i alle norske skular.

Kappspring mot 47

I den tidlegare studien var det elevar ved Trudvang skule i Sogndal som var prøvekaninar. 

Vi møter dei ein dag i april mens elevane i tredjeklasse har matematikk. Det skjer heilt utan stolar, bord eller bøker, og liknar meir på ein gymtime enn ein mattetime. 15 elevar står kring ei grasbane og held opp eit tal kvar, medan ei lita gruppe er samla i midten.

– Femti minus tre! roper ein lærar.

Ein augneblink med nøling og forvirring – så spring elevane mot han som held opp talet 47. Førstemann som kjem fram byter plass med guten. Slik held dei fram, i eit system som elevane tydelegvis har godt inne. Dei spring og reknar, reknar og spring, om kvarandre.

– Kjedeleg å sitte

I ein pause tek to jenter seg tid til å forklare kva dei gjer, og seie litt om kva dei synest om å lære matematikk på dette viset:

– Det er betre å lære noko ute enn å lære det inne, meiner Siri Munthe Olsen frå 3C.
– Vi får meir frisk luft slik, seier klassekameraten Ingvild Eikevik.
– Men korleis er det å lære ting samstundes med at de spring?
– Bra, for det er mykje gøyare. Å sitje på ein stol er kjedeleg og vondt! seier Ingvild.

Ikkje berre kjedeleg og vondt, men også farleg for helsa: Ifølgje WHO, Verdsorganisasjonen for helse, er fysisk inaktivitet i ferd med å bli det største offentlege helseproblemet i det 21. hundreåret.

– Å sitje i ro er ikkje bra for oss menneske. Barn skjønar dette intuitivt, og rører på seg heile tida, seier forskar Geiar Kåre Resaland. Her spring Jin Therese Schøyen (til høgre) og Ane Malen Myklebust rundt, midt i mattetimen. (Foto: Katrine Sele, HiSF)

Folkehelseinstituttet har lenge fremma rådet om at barn bør vere fysisk aktive i minst ein time kvar dag, og vaksne i ein halvtime. I mars i år blei tilrådinga utvida til å inkludere eit punkt om stillesitting. Tida brukt til stillesitting bør avgrensast, og stykkast opp med aktive periodar, heiter det no.

– Å sitje i ro er ikkje bra for oss menneske. Barn skjønar dette intuitivt, og rører på seg heile tida, påpeiker Resaland. Men hittil har skulen, med all stillesittinga i klasseromma, umedvite bidrege til å avlære dei denne grunnleggjande kroppslege kunnskapen.

Jamnar ut helseforskjellar

Per i dag er førebyggjande folkehelse ikkje nedfelt i skulens mandat, men det burde det vore, meiner rektor Bjarte Ramstad ved Trudvang skule i Sogndal.

I 2004-2007 var skulen prøvekanin i doktorgradsarbeidet til Resaland. Då innførte dei ein time med dagleg fysisk aktivitet for fjerde- og femteklassingane.

– Vi kunne ha avslutta prosjektet i 2007, då doktorgradsarbeidet var ferdig. Men vi var så nøgde med dei pedagogiske resultata at vi har halde fram med dette sidan. Erfaringa vår er at vi med ein auke i fysisk aktivitet får rolegare, sosialt flinkare elevar som er meir villige til å lære, seier rektoren.

Gjennom 14 år i skulevesenet har Ramstad sett dei sosiale forskjellane som finst i elevkulla. Korleis elevane som er råka av overvekt, dårleg motorikk eller svak fysisk form, ofte har andre problem i tillegg. Han har sett korleis det gjerne heng saman med situasjonen heime. Sosiale forskjellar blir reproduserte, både når det gjeld helse og utdanning.

– Meir og meir tenkjer eg at desse ulikskapane er slikt som skulen kan og bør gjere noko med. Doktorgradsarbeidet til Resaland viste tydeleg at det er mogleg å utjamne helseforskjellar, seier Ramstad.

I prosjektet såg Resaland på kva dagleg fysisk aktivitet hadde å seie for blodtrykk og andre fysiske mål som heng saman med risikoen for hjarte- og karsjukdommar. I utgangpunktet hadde opptil 25 prosent av elevane verdiar som tilsa ein auka risiko for slike sjukdommar.

På slutten av forskningsprosjektet og to år med dagleg fysisk aktivitet på Trudvang, hadde bildet endra seg kraftig. Den svakaste kvartilen i elevgruppa var alle heva opp over fareterskelen, og ingen hadde lenger auka risiko for hjarte- og karsjukdommar. Den største framgangen viste seg hos dei elevane som hadde dårlegast utgangspunkt.

Helsefarleg rikdom

– I hovudet mitt er det ikkje fnugg av tvil. Det er i skulen vi må setje inn tiltaka om vi vil førebyggje dei store livsstilssjukdommane, seier Resaland.

Han peikar på at Norge ikkje ligg spesielt godt an helsemessig, i europeisk målestokk. I likskap med Saudi-Arabia, ein annan rik oljenasjon, ligg vi høgt når det gjeld diabetes type 2. Mykje tydar på at det å vere rik, ikkje er spesielt bra for helsa.

Ruben Aron Leirdal i 3C har sans for forskingsprosjektet han er med i. Forskarane peiker på at dei må ha lærarane med seg på laget om dei skal lukkast med å integrere fysisk aktivitet i dei andre faga. (Foto: Katrine Sele, HiSF)

Skjermbasert underhaldning, auken i bilismen, meir urbaniserte nærmiljø, lite tid til frileik, auka tid i institusjon og meir frykt for alskens utandørs farar, er seks sentrale faktorar som bidreg til at tiåringar i Noreg rører seg langt mindre enn før, meiner Resaland.

– Med ei så sterk tru på fysisk aktivitet, er det ikkje ei fare for å leite berre etter det svaret du sjølv vil ha om samanhengen mellom fysisk aktivitet og læring? 

– Solid vitskapleg metode sikrar oss mot dette. Vi brukar objektive mål og statistisk analyse for å følgje utviklinga i helsa og trivselen til barna. Læringa blir målt gjennom nasjonale prøver, i samarbeid med utdanningsdirektoratet.

Kva om det fører til avskrekking?

Då ASK-studien blei presentert under konferansen The Complexity of Obesity tidlegare i juni, fekk Resaland spørsmålet: Kva om barna opplever timane med fysisk aktivitet i skulen som berre tvang og eit ork? Kva om det fører til avskrekking, heller enn livslange, gode vanar? Tunge eller usunne barn blir raskt marginaliserte under klassiske gymtimar, blei det påpeikt.

– Prosjektet er fantastisk, og det er berre å håpe at dette er eit skritt mot å integrere folkehelsetenking i skulen. Samtidig må vi passe på å ikkje stille forskingsspørsmålet for smalt, og late det berre handle om skuleresultat og biomedisinske resultat. Vi må også vere merksame på kva som skjer i liva til barna vidare, sa den engelske fedmeforskaren Harry Rutter.

At fysisk aktivitet er bra for barna på svært mange plan, er det ikkje nokon tvil om. Men det vesentlege er å finne ut kva som skal til for å få dei til å integrere dette i liva sine på sikt. Det er det som er vanskeleg.

Denne utfordringa ser Resaland. Difor er utviklingsdelen av prosjektet minst like viktig som å få svar på forskingsspørsmåla, meiner han.

– Berre ved å jobbe tett med skulefolk, vil det vere mogleg å utvikle gode opplegg som fremmer læring som også tek omsyn til at barn er ulike. Det er krevjande, men verdt det, meiner han. 

Ikkje eit aktivt folkeslag lenger

– Vi er komne dit at den einaste berekraftige strategien for å bøte på folkehelseutfordringane er ei massiv satsing på førebygging, meiner han.

Seksåringane følgjer omtrent tilrådinga frå helsestyresmaktene om ein time med dagleg fysisk aktivitet. Men sidan går det jamt nedover, og berre tre av ti vaksne greier å følgje tilrådinga om å røre på seg ein halvtime kvar dag. Nordmenn er ikkje eit aktivt folkeslag lenger, men ein nasjon der majoriteten av vaksne lever eit stillesitjande liv.

– Styresmaktene har tidlegare innført knallharde tiltak i kampen mot tobakk og alkohol. Vi er faktisk blant dei flinkaste landa i verda på dette. No er det på tide vi tek like sterkt tak i fysisk inaktivitet, meiner Resaland.

Integrert i andre fag

Endringa må skje på skulens premissar og passe inn i skulens mandat, som er å oppfylle opplæringslova, påpeiker forskarane Øyvind Glosvik (til høgre) og Geir Kåre Resaland. (Foto: Katrine Sele, HiSF)

Trass alvoret i situasjonen, og dei mange gode argumenta: Å innføre ein time dagleg fysisk aktivitet i grunnskulen er langt ifrå ei enkel oppgåve. Skulen er eit system, påpeiker dosent i organisasjonsfag Øyvind Glosvik, ein av forskarane i ASK-studien. Og for å påverke dette systemet, må ein handle på lag med det.

Først og fremst må endringa skje på skulens premiss, og passe inn i skulens mandat, som er å oppfylle opplæringslova. Med andre ord: Det blir viktig å bevise at fysisk aktivitet ikkje berre gjer barna sunnare, men også fremmer læring. 

– Viss ikkje lærarane har tru på endringa, så vil prosjektet mislykkast. Vi må ha med oss pedagogane, seier Glosvik.

Timeplanen er full

Rolla hans i prosjektet er å sjå på korleis kunnskapen som kjem fram gjennom ASK-studien, kan omsetjast i handling. Gitt at det finst ein samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar, er det tre ting som må skje for at denne kunnskapen blir integrert i skulevesenet:

• Kunnskapen må bli skriven inn i kunnskapen om læring som finst frå før av – komme med i lærebøker og faglege artiklar.
• Ein må utvikle nye undervisningsprogram med fysisk aktivitet som metode.
• Ein må byggje dette inn i den praktiske skulekvardagen.

Timeplanen for grunnskulen er alt full – det er ikkje slik at lærarane har ledige timar til overs til ekstra fysisk aktivitet. Difor må fysisk aktivitet bli innebygd i faga som finst frå før av, som eitt av fleire pedagogiske metodeval. I form av slikt som glosestafettar og matematiske lagspel i det fri, mellom anna.

– Men kvifor er det skulen som må ta på seg å syte for at barn er fysisk aktive? Har ikkje lærarane og skulen meir enn nok frå før av med å lære barna basisfaga?

– Berre i skulen kan vi nå ut til alle barn. Også dei svakaste. Ei rekkje internasjonale studium peikar dessutan mot at barn som får meir fysisk aktivitet i skulen, på kostnad av dei tradisjonelle faga, ikkje blir svakare i faga – heller tvert imot. Dei rapporterer også om høgare grad av trivsel og mindre psykiske problem, seier Geir Kåre Resaland.

Ei samfunnsendring

I løpet av det siste året har Trudvang skule motteke besøk frå kring 160 lærarar, rektorar og skulebyråkratar frå heile landet, som også ønskjer å ta tak i fysisk aktivitet og førebygging.

Den store interessa kan peike mot at Skule-Noreg er klar for endringar på dette feltet.

Sylling skule i Lier er ein av dei som har blitt inspirert av Trudvang, og innført 60 minutt dagleg fysisk aktivitet for alle elevar frå 1. til 10. Klasse. Også der har dei vore nøgde med korleis dette har fungert.

At Sogndal har opplevd å liggje som den fjerde beste kommunen i landet på nasjonale prøvar i matematikk og norsk frå 2008-2012, styrkjer trua på at opplegget er bra for læring.

Likevel: Forskingsresultata må på plass før ei gjennomgripande endring kan skje i heile landet. Sjølv om internasjonale studiar peikar mot at det finst ein samanheng mellom fysisk form og korleis hjernen fungerer, er desse studiane ikkje solide nok. Det trengst objektive mål av fysisk aktivitet, betre teoretisk rammeverk og betre statistiske analysar.

– Å gjennomføre dette er eit omfattande tverrfagleg prosjekt, der skuleverket i Sogn og Fjordane har sagt seg villig til å fungere som laboratorium, seier prosjektleiaren for ASK-studien, Sigmund Anderssen frå Norges Idrettshøgskole.

58 skular

Logistikken, som Resaland har ansvaret for, er komplisert: 58 skular er involverte. 28 av desse skal introdusere ein times dagleg fysisk aktivitet for femteklassingane. Den andre halvparten er kontrollgruppe som held på dagens nivå – to gonger 45 minutt med fysisk aktivitet i veka.

Det blir omfattande målingar av elevane før og etter prosjektet. Dei skal følgjast opp på skuleprestasjonar, trivsel, fysisk aktivitet, blodverdiar, muskelstyrke og motorikk, mellom anna.

– Eg håpar vi i Sogn og Fjordane kan lage ein modell saman som heile Skule-Noreg kan ta i bruk. At skulen får ansvar for førebyggjande folkehelse, er avgjerande for om vi vil greie å gjere noko med dei tyngste helseproblema i samfunnet vårt, seier han.

Referanser: 

Resaland, Geir Kåre: Cardiorespiratory fitness and cardiovascular disease risk factors in children - Effects of a two-year school-based daily physical intervention. The Sogndal school-intervention study. Doktoravhandling ved Norges idrettshøgskole, 2010. Samandrag

Powered by Labrador CMS