Denne makrellfileten er hardt ramma av parasitten Kudoa thyrsies. Kjøtet er blitt til graut. (Foto: Arne Levsen, Lucilla Giuletti)

Denne parasitten gjer fiskekjøtt om til flytande graut

Når vertane døyr, begynner dei mikroskopiske Kudoa-sporane å bryte ned fiskekjøttet. Resultatet kan du drikke med sugerøyr.

– Kudoa er ikkje farleg for menneske, eller for så vidt fisk mens han lever. Parasitten kan derimot vere ein trugsel for omdømmet til fisk og omsetting, fortel parasittolog Lucilla Giulietti.

Kudoa thyrsites er mikroskopiske myxosporidiar. Dei er bitte små sporar, tremenningane til nesledyr som maneter, korallar og sjøanemonar.

Kan sjå fin ut til fisken ligg på skjerebrettet

Sporane trenger inn i muskelvevet til fisk på måtar vitskapen ikkje kjenner til endå. Der ligg dei i dvale til fisken døyr. Då begynner Kudoa-parasitten å produsere enzym som «fordøyer» fiskekjøttet. Etter 24-36 timar er det gjort om til flytande masse, ein slimete fiskegraut.

– Utfordringa er at fisken ser heilt fin ut rett etter fangst. Han kan til og med rekke å nå fiskedisken og ein kunde før flytande-kjøtt-syndromet inntreff, fortel Giulietti.

Kunden vil i tilfellet få seg ei lite appetitteleg oppleving.

– I Peru ser dette ut til å gjelde så mykje som rundt halvparten av all lysing, ein vanleg fisk. Der trur mange at det er sånn fisk blir etter nokre timar, forklarar ho.

Illustrasjonen viser korleis kjøtet har blitt til graut. (Foto: Paolo Cipriani/HI)

Kan gjelde fleire tonn villfisk

I prøver av norske makrellfangstar gjennom 15 år finn havforskarane Kudoa-parasitten i opptil éin prosent av fiskane, eller éin av hundre.

– Kudoa er ein verdsomspennande parasitt som er kjent frå mange fiskeartar. Vi har sett det mest hos pelagisk fisk her i Noreg, som makrell. Men så er det også der vi har leita mest, seier Giulietti.

Etter initiativ frå fiskerinæringa er Havforskingsinstituttet med om bord på fleire fisketurar i året med kommersielle fiskebåtar for å leite etter mikrobar og parasittar i makrellfangstar.

Lucilla Giulietti er stipendiat ved Havforskingsinstituttet. (Foto: HI)

Blitt verken meir eller mindre

Mens andre parasittar nyt godt av klimaendringar og breier om seg i varmare vatn, har forskarane heldigvis ikkje registrert meir Kudoa i løpet av dei same 15 åra. Førekomsten har vore stabil.

– Men i 2002 var det store utbrot av ein type Kudoa i canadisk oppdrettslaks, med tilsvarande store økonomiske tap. Parasitten ser ut til å vere av same art som den vi finn i norsk makrell. På Island er det beskrive ein kudoa-art i rognkjeks som er reinsefisk i oppdrettsanlegg, fortel havforskar Giulietti.

– Flytande laksekjøtt er noko norsk laksenæring nødig ønsker å oppleve, og endå ein grunn til kartlegge denne parasitten, som vi i dag veit veldig lite om.

Graut er enkelt måltid?

Lucilla Giulietti er tilsett nettopp for å skrive doktorgrad om artsmangfaldet, smittesyklus, livet og utbreiinga til Kudoa. Over dei kommande åra skal ho saumfare sediment frå havbotnen for mikroskopiske sporar, gjere genetiske analysar og smitteforsøk med fisk. Ho begynner med blanke ark.

– Eitt av mange spørsmål vi har, er kva nytte Kudoa skulle ha i å gjere fiskekjøtt om til flytande masse. Ingenting er tilfeldig i evolusjon. Slike mekanismar er gjerne nedarva fordi dei hjelper parasitten å spreie seg vidare. I dette tilfellet kan det til dømes vere for at fisken blir enklare å fordøye for andre vertar dersom han smitter gjennom mat, avsluttar ho.

Fakta om Kudoa thyrsites

  • Parasittar av typen myxosporidier.
  • Mikroskopiske sporer som slektar på maneter.
  • Øydelegg fiskekjøt 24-36 timar etter sken døyr.
  • Biletet viser to Kudoa-sporer sett i fasekontrastmikroskop, 1000 gonger forstørra.
  • Dei re dråpeliknande strukturane er kalla polarkapslar og svarer til neslecellene i maneter. (Foto: Arne Levsen / Havforskningsinstituttet)
Powered by Labrador CMS