Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Torsken i Oslofjorden er ein ung bestand av både fjordtorsk og nordsjøtorsk, viser ny forsking

Få store torsk igjen i Oslofjorden

Kysttorsken har også blitt færre enn dei var for nokre tiår tilbake.

Publisert

– På 1970- og 1980-talet var det masse torsk i alle slags storleikar i dette området. No ser vi ein sterk nedgang og få torsk som er større enn 30 centimeter, særleg i austlege delar av Skagerrak, seier Ann-Elin Wårøy Synnes.

Ho viser til forskingsprosjektet sitt gjennomført i Færder og Ytre Hvaler nasjonalpark i Oslofjorden dei tre siste åra.

Wårøy Synnes er forskingsteknikar ved Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal. Ho har nyleg tatt doktorgrad med forskinga på torsken.

– Dei største torskane er viktige ettersom dei har best evne til å reprodusere seg, seier forskaren.

I forskinga har Wårøy Synnes sett nærmare på kva type torsk som finst i Oslofjorden og korleis vi kan få han tilbake igjen.

– Om torsken blir borte, vil det ha store konsekvensar for resten av fiskesamfunnet i fjordane, seier Synnes, seier Ann-Elin Wårøy Synnes.

Rekruttering av torsk

Rekrutteringa av torsk til Oslofjorden er svært variabel frå år til år. Enkelte år er det sterke årsklassar. Dei ser ut til å vere dominerte av torskeyngel som kjem drivande frå delar av Skagerrak eller Nordsjøen.

Det har blitt gjort fleire studiar på årets yngel av torsk som kjem utanfrå Oslofjorden. Nokre studiar peiker på at dei bruker kystområda til oppvekstområde, for deretter å vende tilbake til gyteområda i Nordsjøen eller Skagerrak.

Forskinga til Wårøy Synnes er gjennomført i 2017 til 2019. Ho analyserte genane på torsken som blei fanga i desse områda. Ho fekk tak i torsken ved hjelp av 930 ruser.

Ho diagnostiserte torsken, undersøkte om lokale populasjonar framleis finst og om dei produserer rekruttar til området. I tillegg sa innhaldet i rusane noko om kva som finst i området.

– Torsken i området viste seg å vere både fjordtorsk og nordsjøtorsk. Lokale populasjonar finst framleis og dei produserer rekruttar til området, men dei er unge, seier Wårøy Synnes.

Eldre torsk forsvinn

Dei fleste torskane frå rusane viste seg å vere mellom 0-3 år gamle. Synnes fann nesten ingen eldre torsk der.

Det kan sjå ut som torsken forsvinn når den nærmar seg tre år. Det kan vere mange grunnar til dette ifølgje Synnes.

Først og fremst er dødelegheita høg, det vil seie at fiskeri og andre kjelde til dødelegheit er høge. Enkelte følgjer havstraumane til andre område, klima og miljø påverkar.

– Dei eldste er oftast størst og mest reproduktive. Eldre torsk er også viktige for å bevare artsamansettinga og halde populasjonen av mindre predatorar nede. Dei har ei nøkkelrolle i økosystemet, så dei må vi prøve å få til å bli i området, seier Synnes.

Moglege bevaringsområde

Det er lite som kan bli gjort med temperaturen i havet og at fisk svømmer vekk til andre havområde og fjordar. Ifølgje Synnes må vi regulere det vi har kontroll over.

– Vi ser at om vi vernar område som er gode gyteplassar og innfører fiskeforbod i enkelte område, så kan dette potensielt hjelpe for å auke torskepopulasjonen, både i storleik og mengde, seier ho.

Slik tenkjer forskarane at dei kan restaurere økosystemet, der målet er å få det tilbake i ei litt sunnare forfatning.

I Tvedestrandsfjorden har det vore innført restriksjonar på fiske sida 2012. Synnes har samanlikna torsken i Oslofjorden med torsk fanga i bevaringsområdet i Tvedestrandsfjorden.

Torsken her viste seg å vere mykje større enn dei ho fanga i Oslofjorden. Grunnen til dette er at der får torsken vere i fred og får tid til å vokse seg stor.

Liten torsk fra Oslofjorden.

Viktig for mange

Forskinga til Synnes er ein del av arbeidet i forskingssenteret Centre for Coastal Research på Universitetet i Agder. Dei siste åra har forskarane på senteret mellom anna vore oppteken av torskebestanden. For det blir stadig mindre torsk. Dei forsøker å finne ut av kvifor den forsvinn.

– Torsken er ein såkalla nøkkelart. Om den blir borte, vil det ha store konsekvensar for resten av fiskesamfunnet i fjordane, seier Synnes.

Når større predatorar, slik som stor torsk, forsvinn frå eit økosystem ser forskarane også at andelen av dei mindre predatorane aukar. Ein predator er dyr som lever av å spise byttedyr.

Dette forplantar seg nedover i næringskjeda og endrar samansettinga av artane i økosystemet. Til dømes har dei sett at når torske- og steinbittpopulasjonen på Vestlandet forsvann, så auka populasjonen av kråkebollar. Dette førte igjen til at tareskogane blei beita ned, og områda blei til ein marin ørken.

Strengt og stengt torskefiske

Forskarane veit er at torsken ikkje liker varmt vann. Klimaendringar gir ein havtemperatur på 16-17 grader, noko som gjer at torsken trekker nedover i havdjupet.

Der finst det ikkje like mykje mat som nærare overflata. Samstundes er torskebestandane i Oslofjorden sårbare for overfiske frå botntråling og fritidsfiskarar.

– Vår viktigaste jobb er å hente inn kunnskap om artane i havet langs kysten. Ved å forstå kva som skjer kan vi delvis forhindre eller forsinke kva som skjer. Torsken er truga og ein kan forhindre det som skjer ved å vite meir om kva som skjer, seier ho.

I år blei det innført nye reglar på torskefiske langs Skagerrakkysten. Dette inneber at alt fiske av torsk er forbydd innanfor grunnlinja frå Telemark til svenskegrensa. I tillegg er det innført eit totalforbod for fiske i 14 gyteområde frå Lindesnes til svenskegrensa under gytesesongen for torsk.

Desse strenge restriksjonane vil forhåpentlegvis hjelpe kysttorskpopulasjonane langs Skagerrakkysten.

Wårøy Synnes peiker på at det framleis er håp for å bevare torsken ettersom det er noko torsk igjen.

– Vi må berre forvalte det vi har igjen på ein betre måte, seier ho.

Feltarbeidet til Synnes er finansiert av Havforskningsinstituttet og Norges forskingsråd, gjennom Regionalt Forskningsfond Oslofjordfondet.

Referanse:

Ann-Elin Wårøy Synnes: Seascape ecology of Atlantic cod (Gadus morhua) in coastal Skagerrak: population structure, connectivity, and role in fish assemblage. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2020. (Nettside på UiA om avhandlingen)

Powered by Labrador CMS