Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Sjå animasjon av ferda til åtte av laksane. (Video: Havforskningsinstituttet)

Sjekk villaksen sin ville tur i havet

I fjor vår sette havforskarane satellittmerke på villaksar i Sør-Norge. No har dei ringt heim.

Forskarar merkte i fjor 16 villaksar i Etneelva i Sunnhordland. Dette var såkalla vinterstøingar. Det vil seie at dei har gytt om hausten, levd på sparebluss i elva om vinteren før dei set kursen til havs for å ete seg feite.

– Frå tidlegare forsøk veit vi at fisk merkt i Nord-Norge gjer vandringar langt nord i Atlanterhavet, til arktiske farvatn. No ville vi samanlikne med laks frå elver i Sør-Norge, seier Audun Rikardsen, forskar ved UiT Noregs arktiske universitet.

Forskarar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Havforskingsinstituttet deltok og i forsøka.

Merka som er spora her, er dei åtte som hang på laksane i meir enn 30 dagar. Dei andre løyste seg ut for tidleg til å gi tilstrekkeleg med data.

«Søring» er dårleg namn

Og ganske sikkert, «søringane» var ikkje mindre vandringsvillige. Søring viste seg også å vere eit upassande kallenamn på laks frå elver i Sør-Norge. Video og bilder viser resultat frå åtte av laksane:

Laksen som svømte lengst nord, har svømt imponerande 1698 kilometer på 140 dagar. Laksen som dykka djupast ved heilt nede på heile 570 meters djup.

Laksane startar utvandringa frå Vestlandet i mai og set kursen nordvest forbi Shetland. I starten av juli nærmar nokre av dei seg Island før dei fortset nordover.

På seinsommaren har tre fiskar framleis merkene sine, og dei held seg litt att og fram i havet mellom Grønland, Island og Jan Mayen.

Reiserutene er berekna på bakgrunn av trykk, temperatur og lys.

Tekniker Sofie Knutar frå Havforskingsinstituttet slipper ut laks i Etne.

Elektronisk merke sender data

Forskarane festa eit elektronisk merke, eit såkalla satellittmerke eller popup-merke, utanpå laksen. Merkene sender posisjon og ulike data til satellittar, slik at informasjonen blir tilgjengeleg for forskarane. Slik kan dei sjå ei presis vandringsrute.

– Merka er kostbare, derfor har vi berre merkt ei handfull fisk. Men kunnskapen vi får igjen er utruleg verdifull. Vi veit mykje om laksen sitt liv i elva, men lite om kva den opplever i det store havet, seier havforskar Vidar Wennevik.

Det overordna spørsmålet er kva som påverkar overlevinga til laksen i havet. Kva rovdyr blir den utsett for, og kva beiter den på? Det vil forskarane finne ut av for å sette myndigheitene i stand til å forvalte laksen best mogleg.

– For å svare på dette, må vi først vite kor i verda laksen held seg. Vi har også merkt 16 laks i Nidelva i Arendal, og ventar tilsvarande kart for desse, seier Eva B. Thorstad, forskar ved NINA og prosjektleiar for Atlantic salmon at sea – SeaSalar.

SeaSalar er eit samarbeid mellom NINA, Havforskingsinstituttet, UiT Noregs arktiske universitet og ei rekke andre institusjonar. Målet er å få meir kunnskap om kva som påverkar villaksen sin vekst og overleving i havet.

Fakta om satelittmerke/popup-merke

  • GPS fungerer ikkje under vatn, derfor må forskarane bruke popup-merkene.
  • Fungerer som ein ferdsskrivar.
  • Loggar data om lys, trykk, klokkeslett og temperatur.
  • Løsnar etter ei gitt tid eller viss fisken ligg heilt i ro over ein periode.
  • I overflata sender den informasjon heim via satellitt.
  • Eit komplisert reknestykke gir den mest sannsynlege reiseruta.

Fakta om villaks

  • Norske elver er gyte- og oppvekstområde for mesteparten av den atlantiske villaksen.
  • Om lag 500 000 laks kjem tilbake til Norskekysten for å gyte i elvane kvart år.
  • Laksen klekker i elva og lever der til den er 10-15 centimeter.
  • Då blir den til smolt som trekker ut mot havet for å ete seg feit.
  • Ein del laks blir kjønnsmoden etter eitt år, og vender tilbake til opphavselva for å gyte.
  • Andre blir i havet to eller fleire år før dei returnerer.
  • Ein del av laksen døyr etter gytinga, men nokre av dei klarer seg, og kan gyte fleire gonger.
Powered by Labrador CMS