Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Shiferaw Jenberie forskar på laks på laboratoriet.

Ny innsikt i korleis laksen forsvarar seg mot virus

Forskarane veit ikkje nok om laksens immunforsvar. Slik kunnskap er nødvendig for å lage effektive vaksinar.

Publisert

Virussjukdommar i laks er ei av de største utfordringane for oppdrettsnæringa. Effektive vaksinar vil gjere fiskevelferda betre.

Shiferaw Jenberie ved Noregs fiskerihøgskule, UiT forskar på korleis B-cellene i laksens immunforsvar blir påverka under virusinfeksjon.

B-celler er ein viktig del av immunforsvaret hos menneske, dyr og fisk. Dei er ein type kvit blodcelle som produserer antistoff.

Antistoff er molekyl som kjenner igjen, merker og uskadeleggjer mikroorganismar. Antistoffa verkar i blod og vev, men ikkje inne i celler.

Når eit virus er inne i cellene, klarer ikkje antistoffa å finne viruset like lett.

B-cellene blir aktive

Ein vaksine aktiverer B-celler til å produsere store mengder antistoff som kjenner igjen mikroorganismene før dei gjer skade.

Jenberie har funne nye metodar for å studera B-cellenes funksjonar. Laksens B-celler er svært viktige i forsvaret mot virusinfeksjonar.

Doktorgradsarbeidet har gitt ny kunnskap om korleis B-celler i laksens immunforsvar blir påverka under virusinfeksjon, og det er etablert nye metodar for å studera B-cellenes funksjonar.

– Ved vaksinering eller under ein infeksjon vil B-celler aktiverast og bli til celler som skil ut antistoff. Antistoffa hindrar virus i å spreia seg i kroppen til laksen og vernar mot framtidige infeksjonar av det same viruset, forklarer Jenberie.

Påverkar vernet

Dei fleste vaksinar som blir brukte i norsk fiskeoppdrett, blir injiserte i bukhola. Hittil har det mangla kunnskap om korleis B-celler blir påverka og reagerer lokalt i bukhola. Forskarane har heller ikkje visst korleis dei lokale verknadene påverkar framtidig vern.

– Vi må derfor auka kunnskapen om laksens B-celler for å kunne vidareutvikla og forbetra vaksinane i framtida, seier Jenberie.

Ein av problemsjukdommane hos oppdrettslaks er utbrot av pankreassjukdom. Sjukdommen blir forårsaka av eit virus kalla salmonid alfavirus (SAV).

Jenberie og kollegaer har brukt dette viruset for å studera samspelet mellom B-celler lokalt i bukhola og i andre immunologiske vev, som nyre og milt.

– Resultata våre viser at ved SAV-infeksjon aukar talet B-celler som skil ut antistoff i bukhola, og dei er til stades der i lang tid. I andre immunologiske vev er responsen til B-cellene meir avgrensa, seier Jenberie.

Jenberie framhevar at vidare forsking må til for å avdekka tydinga av lokale B-celleresponsar for vernande immunitet.

Referanse:

Shiferaw Jenberie: «Atlantic salmon B cells – local and systemic responses to intraperitoneally administered salmonid alphavirus», doktorgradsavhandling, UiT, 2020.

Powered by Labrador CMS