Annonse

Norsk torsk på utsleppstoppen

I Nord-Noreg slepper fisketuristane ut igjen anslagsvis 66 prosent av torskefangsten. Dermed ligg Noreg heilt i tet i Europa; berre i England blir det sleppt ut meir torsk.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Svært mykje av torsken som fisketuristane får, hamnar tilbake i sjøen. (Foto: Martin Wiers)

Fang-og-slepp i Noreg

I hovudsak lovleg når fisken er levedyktig og utan skade.

Skjer først og fremst fordi fisken er for liten og/eller under minstemål.

Ein annan grunn kan vera at fisketuristane har fiska opp kvota på 15 kilo.

Vert rekna som dyrevenleg og bra for miljøet av mange fisketuristar og fritidsfiskarar.

Fisken kan få skade frå fiskekroken og opphaldet på land og døy direkte av skadane.

Fisken kan også døy etter ei stund av di den vert eit lett bytte for andre rovdyr.

Studiar i andre land viser at overlevinga aukar betydelig og kan være høg ved bruk av spesielt fiskeutstyr og riktig behandling av fisken.

Om studien

Omfattar artane torsk, laks, ål, lyr, havabbor og sjøaure. 

Størst talmateriale for torsk.

Det er samla inn tal for fritidsfiske (på stang) for dei ulike artane frå Noreg, Sverige, Danmark, England, Frankrike, Tyskland, Nederland, Polen og Portugal. For Noreg gjeld tala berre turistfisket då fritidsfisket ikkje er kartlagt.

Keno Ferter er hovudforfattar og har med seg 16 forfattarar frå ulike land.

For første gang er omfanget av fang-og-slepp (catch-and-release) i sjø i Europa systematisert og samanlikna.

Studien viser at i snitt blir godt over halvparten av dei europeiske fritidsfiskefangstane av torsk sleppt ut igjen.

Også for lyr, sjøaure og havabbor er det stort utslepp.

Overraskande stort omfang

– Vi visste frå før at det er varierande tradisjon for fang-og-slepp i Europa, men det var overraskande at omfanget var såpass stort i dei fleste av dei undersøkte landa, seier Keno Ferter.

Han er doktorgradsstipendiat på Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet og ein av forskarane bak på fang-og-slepp-studien, som nyleg er publisert i ICES Journal of Marine Science.

Ferter fortel at fritidsfiskarane slepper ut att fisken av grunnar som varierer frå art til art og frå land til land.

Reguleringar, som til dømes at fisken er under minstemål, er ei forklaring, men mange fritidsfiskarar praktiserer også frivillig fang-og-slepp av etiske grunnar. 

Mest utslepp i Nord-Noreg

Mens fritidsfiskarane i Polen tar vare på så godt som heile torskefangsten, er fisketuristane i Noreg i hin enden av skalaen. Her slepper fisketuristane ut seks av ti torskar.

Bare i England blir det sleppt ut meir torsk. Engelske fritidsfiskarar lar 70 prosent av torskefangsten gå tilbake i sjøen.

Ferter fortel at det er ein viss forskjell også innanfor Noregs grenser. Mens sleppraten er 62 prosent i sør, er den på 66 prosent nord i landet.

– Det er langt lettare å få fisk i Nord-Noreg, og dermed er det naturlig at det også er her det blir sleppt ut igjen mest fisk. Turistfiskarane får raskare fiska opp kvoten sin, og dei kan vera meir kresen og velja vekk fisken dei ikkje liker, forklarar  Ferter.

Kor mykje fisk overlever?

Sjølv om ein etter kvart har tal for kor mykje fisk fritidsfiskarane og fisketuristane slepper ut att, er det ikkje kjent kor mykje av denne fisken som faktisk overlever.

Dersom ein stor del av fisken døyr, vil det påverka det totale uttaket til fritidsfiskarane. Er overlevinga høg, betyr fang-og-slepp mindre for uttaket.

– Det er viktig for forskarane å vita omfanget både av fang-og-slepp og overlevingsraten hos fisken. I andre land vert fangsten til fritidsfiskarar – både utsleppet og fisken dei tar med seg til lands – kartlagt, men i Noreg har vi bare data for fisketuristar som er tilknytt organiserte turistfiskebedrifter.

– Når det gjelder det norske fritidsfisket generelt veit vi svært lite. Dermed er fangsttala frå heile det norske fritidsfisket svært usikre, og det går igjen utover uttaksestimata for dei norske artane, seier Ferter.

Betre retningslinjer

Ferter er i gang med merkeforsøk for å finna ut korleis torsk og annan fisk klarar seg etter at dei er sleppte fri. I tillegg undersøker han om det er fiskeutstyr som aukar sjansen for at fisken overlever.

Han peikar på at det er behov for informasjonsfoldarar etc. som viser fiskarane korleis fisken skal behandlast for å klara seg etter at den er sleppt ut igjen. Slike finst allereie i land som for eksempel USA og Australia.

Referanse:

Ferter m.fl: Unexpectedly high catch-and-release rates in European marine recreational fisheries: implications for science and management, ICES Journal of Marine Science, published online: July 21, 2013, doi: 10.1093/icesjms/fst104.

Powered by Labrador CMS