Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Blir det skrei i Ålesund i år?

Det har gått nedover med skreien sør for Lofoten dei siste åra. I fjor fann forskarane for første gong ikkje ein einaste skrei i Borgundfjorden ved Ålesund.

Gammelt bide av fiskere i liten båt
I lange tider var vinterfisket etter torsk i Borgundfjorden det viktigaste fisket på Sunnmøre.
Publisert

Innsiget av skrei i Borgundfjorden er normalt i gang i februar. Torskefisket der har lange tradisjonar.

Men kor mykje skrei – gytemoden nordaustarktisk torsk – kjem det i år? Det er seniorforskar Kjell Harald Nedreaas ved Havforskningsinstituttet (HI) spent på.

– Vi har dokumentert innsiget sidan 2012. I fjor fann vi for første gong ikkje spor etter ein einaste skrei, seier han.

Egghåv og DNA-analyse

Forskarane fangar torskeegg ved fire stasjonar i gyteområdet i fjorden. Det gjer dei ved hjelp av egghåvar. Dei blir dratt vertikalt frå 50 meter og opp til overflata. Egga til torsken flyt opp mot overflata før dei klekker. 

Runde Miljøsenter samlar inn og grovsorterer egga. Deretter brukar forskarane DNA-analyse for å skilje torsk frå hyse og kysttorsk frå skrei.

I 2024 var det altså ikkje skreiegg korkje i håven eller blant gytefisk som det blei tatt øyresteinar eller genetiske prøvar av.

Pilane peiker nedover 

Forsvinningsnummeret på Sunnmøre føyer seg inn i ein klar trend. 

Som figuren under viser, har mengda skrei sør for Lofoten gått kraftig ned dei siste åra. 

Graf
Figuren er basert på rapportert totalfangst av torsk sør for Lofoten (mellom 62°–67°N). Fangsten er splitta på skrei og kysttorsk ved hjelp av biologiske stikkprøvar frå fangstane.

Nedreaas trekker fram storleiken på bestanden som ei viktig forklaring på nedgangen: 

– Er bestanden stor, vil han naturleg spreie seg over eit større område for å gyte. I 2010–2013 var det rekordhøge mengder skrei i Noreg generelt. Då såg vi også ein viss auke sør for Lofoten. Men viss ein bestand ikkje får nok påfyll av unge individ, vil han nødvendigvis bli mindre talrik etter kvart. 

Skrei-bonanza på Møre under 1. verdskrig

Ein annan viktig faktor er temperatur. Skreien vil helst ha ein gytetemperatur på 4–6°C. 

– Enkelt forklart vandrar skreien nordover når det blir varmare og sørover når det blir kaldare. Det var for eksempel meir skrei på Møre enn i Lofoten under ein særleg kald periode i starten av 1. verdskrig. Under ein veldig varm periode på 1930-talet gytte skreien heilt opp langs Finnmarkskysten, fortel forskaren.

Gammelt bilde av fiskebåter på rekke
Borgundfjordfisket har tradisjonelt hatt stor deltaking frå både fastbuande og tilreisande fiskarar. Det har ofte vore trongt om plassen.

Med pågåande global oppvarming reknar han med at vi må vere budde på mindre skrei i sørlege farvatn.

Har sett på forholdet mellom skrei og kysttorsk

Rett utanfor gyteområda i Borgundfjorden har forskarane tatt årvisse biologiske prøvar. Det har vore for å dokumentere kva fisk som går inn i fjorden og kor stor han er. 

Dette brukar dei i berekningar av mengda skrei og kysttorsk i fjorden.

– I det store biletet basert på data frå 2012–2022 er det ti gonger så mykje kysttorsk som skrei i Borgundfjorden, seier Nedreaas.

Hovudfunnet er like fullt at det vert mindre av begge fiskeslaga, både sør for Lofoten generelt og i Borgundfjorden spesielt.

Liten effekt av vern

På grunn av nedgangen i bestanden av kysttorsk blei det i 2009 innført restriksjonar på torskefisket i Borgundfjorden. 

I tillegg til å vere viktig for kysttorsken har fjorden ved Ålesund også vore eit viktig gyteområde for skrei sør for Lofoten.

Frå mars til mai er det berre lov med snørefiske i gyteområdet inne i fjorden. Etter 15 års vern må forskarane likevel konstatere at kysttorsken ikkje har tatt seg opp.

– Det kan jo vere mange årsaker til det, til dømes kan ope fiske utanfor verneområdet ha bremsa effekten, seier Nedreaas.

HI har tilrådd nye reguleringar

I fjor sommar tilrådde Det internasjonale råd for havforsking (ICES) ein reduksjon på nesten 75 prosent i kvoten for kysttorsk mellom 62 og 67°N. 

HI har i ein eigen rapport tatt til orde for regulering av torskefisket i eit større område. Det går langs kysten frå Sunnfjord i sør til Kristiansund i nord. 

Fiskebåter i fjord
Borgundfjorden under fisket i 2020.

Ifølge HI bør ein kanskje også sjå på ein eigen torskekvote for området frå 62°N til 67°N.

I 2022 tilrådde forskarane ved HI å auke minstemålet på torsken til 55 centimeter. Dette blei gjennomført i 2024. 

– Vi har dessutan foreslått å starte vernet litt tidlegare, for eksempel 15. februar, då vi ser at innsiget allereie er i gang, seier forskaren.

Går vinninga opp i spinninga?

Nedreaas fortel at mange yrkesfiskarar var svært kritiske til at det vart innført vern i 2009. No meiner han at stemninga er litt i ferd med å snu.

– Eg har sjølv fått mykje kjeft på folkemøte i Ålesund. Likevel opplever eg no at mange, også yrkesfiskarar, ser behov for sterkare vern. Det har sjølvsagt samanheng med at bestanden har gått kraftig ned, både av kysttorsk og skrei sør for 67°N, seier han.

Torsk i haug
Til tider har torskefangsten i Borgundfjorden vore eventyrleg, men sidan 2009 har det vore restriksjonar på fisket på grunn av kraftig nedgang i både skrei og kysttorsk. (Denne skreien er frå Lofoten, men får likevel duge som fotomodell.)

Han legg til at det elles har vore kritikk frå yrkesfiskarar om at vinninga går opp i spinninga sidan det framleis er lov med snørefiske i verneområdet. 

– Dei som fiskar liten torsk med snurrevad har særleg fått på pukkelen.

Fritidsfisket i Borgundfjorden er neppe problemet

Det samla turist- og fritidsfisket er antatt å stå for over halvparten av fiska torsk mellom 62° og 67°N. 

– Dette må difor takast meir omsyn til i berekningar og reguleringar enn ein hittil har gjort, seier Nedreaas.

I Borgundfjorden viser berekningar frå HI like fullt at fritidsfisket berre utgjer ein liten del av den totale årlege torskefangsten i Borgundfjorden. 

– I 2023 gjorde vi ein analyse basert på fangstrapportar og spørjeundersøking blant fritidsfiskarar. Han tyder på at fritidsfisket i verneområdet i gytetida dette året ikkje stod for meir enn ein tidel av den totale årsfangsten, seier Nedreaas.

Referanse:

Johanna Fall, Kjell Nedreaas mfl.: Kartlegging av menneskelig aktivitet på utvalgte gytefelt for kysttorsk nord for 62°N. Rapport fra havforskningen, 2024. Oppdatert 09.02.2025.

Powered by Labrador CMS