Ser Europa frå aust og vest

– Alle har behov for kulturell sjølvrespekt, seier forfattaren Amin Maalouf, talsmann for eit mangfaldig Europa og eit Midtausten modellert etter EU.

Published
- Den europeiske unionen er eit eksperiment som ikkje kan samanliknast med noko anna i verda. Difor må det lukkast, seier forfattaren Amin Maalouf. (Foto: Tordis Marie Espeland)
- Den europeiske unionen er eit eksperiment som ikkje kan samanliknast med noko anna i verda. Difor må det lukkast, seier forfattaren Amin Maalouf. (Foto: Tordis Marie Espeland)

Amin Maalouf

Maalouf er forfattar, fødd i 1949 og oppvaksen i ein kristen arabisk familie i Libanon. Han er i dag busett i Paris. I bøkene sine nyttar Maalouf gjerne historia som bakteppe for møte mellom kulturar og religionar.

I 2008 leia han arbeidet med rapporten ”A Rewarding Challenge” om språk og identitet, på oppdrag frå Europakommisjonen. Rapporten har undertittelen “How the multiplicity of languages could strengthen Europe”.

Våren 2009 gav Maalouf ut boka ”Le dérèglement du monde” (Ei verd i utakt). 

Amin Maalouf skriv både romanar og sakprosa, og i 2008 leia han arbeidet med rapporten ”A Rewarding Challenge” om språk og identitet, på oppdrag frå Europakommisjonen.

Kulturell sjølvrespekt

– I rapporten vert det slått fast at språk og kultur heng saman, og at ein ved å ta vare på språk kan sikra kulturell identitet. Kva rolle har språk i integrering av innvandrarar til Europa?

– Først av alt meiner eg at ein innvandrar er nøydd å læra seg språket i det landet han kjem til, for å integrerast best mulig. Dette er naudsynt for å få ei kjensle av landet, av kulturen og til dømes av det politiske systemet.

– Samstundes må ein hugsa at ein immigrant først og fremst er ein emigrant frå eit anna land. Han har som alle andre eit behov for å bevara det eg kallar ”kulturell sjølvrespekt”. Immigranten er eit mellomledd for sitt gamle og nye land, poengterer den libanesiske fritenkjaren.

– Menneske har behov for å kjenna at morsmålet deira er respektert, og at omverda har interesser for kulturen dei kjem frå. I arbeidet med denne rapporten var oppgåva vår å finna ut korleis språk kan spela ei viktig rolle i utviklinga av eit europeisk fellesskap også i framtida.

Adoptivspråk?

Rapporten lanserer fleire idear, og eitt av hovudforslaga er ideen om eit personleg adoptivspråk.

– EU har allereie ein visjon om at alle i Europa bør læra to framandspråk i tillegg til sitt eige morsmål, presiserer Maalouf.

– Vårt forslag er at det første framandspråket får statusen ”personleg adoptivspråk”. I tillegg til å læra språket, skal ein også læra om språkets kultur og historie. På denne måten vil det i kvart europeisk land vera personar som til saman meistrar dei fleste språka i Europa, inkludert innvandra språk, som kan undervisast i av immigrantar.

– Men er ikkje dette ein utopisk språkdraum?

– Tankane rundt eit personleg adoptivspråk er idear som må arbeidast vidare med, men nettbasert overføring kunne vore eit godt hjelpemiddel i undervisninga. Eg møter ofte argumentet om at dersom ein kan engelsk så treng ein ingen andre språk.

– Men i dag, dersom du har engelsk på cv-en din, fortel det ingenting, konstaterer ein litt oppgitt Maalouf.

To perspektiv

– I vår tabloide kvardag er det lett å generalisera – å sjå på ein person utelukkande som kristen, muslim eller for den del europear, afrikanar. Sjølv er du kristen arabar, frå Midtausten og frå Europa. Er me for sneversynte i vår definisjon av identitet?

– Identiteten til ein person er bygd opp av blant anna opphav, tru, reiser og utdanning. Me er sett saman av så mykje, og ein definerer seg ikkje berre ved eitt aspekt. Eg har tru på inkludering, ikkje utelating, når det handlar om identitet. Dette gjeld også språk.

– Personleg vil eg gjerne ta med alle språka som er viktige for meg: Arabisk, som er morsmålet mitt, fransk, språket til det landet eg bur i, og engelsk, som er viktig både i familien min og som eit kunnskapsspråk, i tillegg til landa eg har eit forhold til – Libanon, Frankrike og ikkje minst, Europa.

– Alle desse kulturane, ideane, språka – alt dette har forma meg. Eg er ikkje villig til å redusera identiteten min til å verta meir einsarta, seier mannen som kjem både frå aust og vest.

(Illustrasjon: iStockphoto)
(Illustrasjon: iStockphoto)

– Du lever midt i Europa, men kjem frå Libanon, og dermed frå eit anna kontinent. Korleis ser utviklinga av det europeiske fellesskapet ut frå utsida?

– Det stemmer nok at eg har to perspektiv på Europa. I Midtausten er det stadig meir konfliktar. Det som Europa klarte etter dei to verdskrigane, å overvinna konfliktane, er noko me enno ikkje ser glimt av i min heimeregion.

– Det er vel difor eg ser med spenning på den europeiske modellen - for meg tyder Europa håp.