Denne varmepumpa kan vare i 10 000 år

Forskarar prøver no ut ei heilt ny varmepumpe. Medan dei vi brukar i dag ryk etter ti til tjue år, vil den nye vare nesten evig.

Publisert

Straumsparing

Termoelektriske varmepumper gjer bruk av materiale som produserer straum når dei blir utsette for temperaturskilnader.

Salet av varmepumpene vi bruker i dag, tok for alvor av frå 2003. Då var det lite nedbør, og straumen var
dyr. Difor installerte mange varmepumpe for å spare straum. I 2003 blei det installert til saman 55 000
varmepumper i Noreg.

I dag er det installert varmepumper i meir enn 500 000 norske heimar.

(Kjelder: Store norske leksikon, Norsk varmepumpeforening)

Den nye varmepumpa består av mange miniatyrvarmepumper som er så små som ein kubikkmillimeter.

For å varme opp eit hus trengst det fleire tusen slike. Dei blir sette saman til større einingar som kan vere høge og tynne eller korte og breie.

– Dei viktigaste fordelane med den nye varmepumpa er at du kan regulere form og storleik, og at ho er meir haldbar enn varmepumpene i dag. Ho er òg meir miljøvennleg, seier doktor i fysikk Jan Kåre Bording, som er sjefsingeniør ved Universitetet i Stavanger.

Saman med professor i materialteknologi Vidar Hansen på same stad arbeider han med å utvikle den nye varmepumpa, som er termoelektrisk. Dei forskar på kva ulemper og fordelar ho har samanlikna med dei varmepumpene vi bruker i dag.

Prosjektet er eit samarbeid med Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo. Forskarane kan ikkje seie sikkert når varmepumpa kjem til å vere ferdig utvikla og klar til å lanserast på marknaden.

Varmepumpa som varer

Jan Kåre Bording viser fram den nye varmepumpa. Nyvinningen er mykje meir miljøvennleg enn dei som er i bruk i dag. (Foto: Elisabeth Tønnessen)
Jan Kåre Bording viser fram den nye varmepumpa. Nyvinningen er mykje meir miljøvennleg enn dei som er i bruk i dag. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Dei nye varmepumpene har lang levetid.

– Varmepumpa er særs haldbar. Ho har fleire miniatyrvarmepumper, og desse har ein veldig enkel konstruksjon. Medan varmepumpene vi bruker i dag har fleire delar, har desse miniatyrvarmepumpene berre éin metalldel.

– Den enkle konstruksjonen gjer at du unngår slitasje. Vi festar vifter på dei, som må skiftast, men sjølve varmepumpa kjem til å halde seg og vere like effektiv etter 10 000 år, seier Bording.

Varmepumpene vi bruker i dag, blir dårlegare allereie etter eitt år. Då bør du ha ettersyn på dei, og det kostar 1500 kroner for ei luft-til-luft-varmepumpe. Etter 10–20 år ryk større delar av varmepumpa, som for eksempel kompressoren.

Tusen pumper i eitt hus

Med dei små varmepumpene kan ein byggje større einingar. Forskarane ser òg for seg at det kan gå an å plassere fleire tusen av dei små varmepumpene ulike stader i huset.

Ei miniatyrvarmepumpe er ein kubikkmillimeter stor. (Foto: Elisabeth Tønnessen)
Ei miniatyrvarmepumpe er ein kubikkmillimeter stor. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

– Vi veit frå gamle dagar at vi ikkje vil ha ein stor vedomn midt i huset. Det er betre med fleire, mindre varmekjelder, seier Vidar Hansen.

I første omgang vil likevel forskarane lage einingar som kan plasserast ein eller to stader i huset. Dei nye varmepumpene gir stor fleksibilitet når det gjeld kvar i huset du vil plassere dei. Det vil vere ein fordel å ha dei på plassar der det er ekstra kaldt.

– Til dømes kan det vere lurt å leggje dei i golvet, slik at ein får golvvarme i rommet. Då vil varmepumpa få stor overflate, noko som gjer at ho produserer meir varme, seier Bording.

Dagleg leiar i Norsk varmepumpeforening Bård Baardsen ønskjer den nye varmepumpa velkomen.

– Varmepumpene har ikkje endra seg så mykje i løpet av åra. Den første kom i drift for 150 år sidan. Om det skjer noko revolusjonerande med dei, er det ei stor nyheit, seier han.

Ulovlege gassar

Dei nye varmepumpene blir meir miljøvennlege enn dei som er i bruk i dag. Eit problem med dei er nemleg at dei kan leke kjølegass. Kjølegassen er som regel ein freongass, som øydelegg ozonlaget.

Problemet med kjølegass slepp du med termoelektriske varmepumper, sidan gassen er erstatta med rein straum.

– Vi har sett at fleire av gassane som har vore brukte i varmepumper, har blitt ulovlege, til dømes gassen Freon 12. Etter kvart kan gassane som er i bruk i dag, også bli ulovlege, slik at vi ikkje lenger kan bruke varmepumpene vi har i dag, seier Bording.

Produserer straum på månen

Termoelektrisk materiale kan òg brukast til å produsere straum. I dag blir det gjort til dømes på månen. Straumen blir brukt i alt frå romstasjonar til bilar.

– Termoelektrisitet har i lang tid blitt brukt til å produsere straum, seier Bording.

Fysikarane har lenge kjent til at ein kan nytte termoelektrisitet til å pumpe varme.

– Fenomenet termoelektrisitet har vore kjent i meir enn hundre år. Likevel er det først no vi prøver ut korleis vi kan bruke fenomenet til å pumpe varme i hus, seier Bording.