Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Den europeiske ålen gyter på andre sida av atlanteren. Yngelen søker seg mot bekker og kystområde i Europa.

Ålen kjem først i puberteten som nittenåringar

Norske ålar blir dobbelt så gamle som forskarar hittil har trudd.

Publisert

På eit tidspunkt i livet kjenner dei europeiske ålane ei brusing i kroppen.

Det skjer mykje med ålane når dei kjem i puberteten. Dei unge heiter gulål og lever for det meste i ferskvatn. Så skiftar dei farge og blir til blankål. Så skal dei vandre ut av bekkene og elvane dei har vakse opp i, for å ta fatt på ei lang ferd mot Sargassohavet nordaust for Cuba. Der, på den andre sida av Atlanterhavet, skal dei gyte.

Men i elva Imsa i Rogaland blir ålane fanga på veg ut i sjøen. Det har dei blitt sidan 1975, for å gi kunnskap om bestanden.

Fiskefella i Imsa er del av Norsk institutt for naturforskning sin forskningsstasjon. Den fangar all opp- og nedvandrande fisk.

Fann også pubertale 30-åringar

På slutten av 1980-talet blei fleire tusen av desse ålane aldersbestemt, og kunnskapen har blitt ståande som fasit. Fram til no.

– Metoden frå den gongen viste at ålane var 8-10 år ved utvandring. Men forskarane var klar over at alderen truleg var høgare, forklarar havforskar Caroline Durif.

Og ganske sant. Nye analyser som Durif og kollegaane har gjort av 800 av dei same ålane, viser at dei i snitt var dobbelt så gamle.

– Gjennomsnittsålene var 19 år då dei vandra ut for å gjere seg klar til å gyte. Enkelte av dei var så gamle som 30, seier ho.

Forskar Caroline Durif med ål som truleg er rundt 30 år, ut frå det vi veit om storleik og vekst.

Tok feil med gammel tellemåte

Det er ved hjelp av øyresteinar frå skallen til ålen at forskarane kan tolke alderen. Øyresteinane har nemleg årringar.

– På 1980-talet blei øyresteinane lagt på sprit og studerte i mikroskop. Då ser årringane ut som riller, forklarar havforskaren.

– Det er kjapt og enkelt, men det er også lett å gjere feil. Øyresteinane er ujamne, særleg hos eldre fisk.

No har Durif og kollegaane slipt ned 800 av øyresteinane til tverrsnitt og sett dei inn med eit spesielt fargestoff. Då ser dei slik ut:

Tverrsnittet av øyresteinen gir eit meir påliteleg resultat.

Årringane er då langt enklare å telje.

– I tillegg har vi laga ein indeks som seier kor sikre vi er på kvar tolking. Så kan vi vekte ned usikre tolkningar, seier Durif.

Ålen kan ha det verre

«Alderssjokket» kan få konsekvensar for det biletet vi har av den felles europeiske ålebestanden. Det har vore harde kår for ålen sidan 1980-talet, då tilveksten av nye ålar tok til å svikte.

I 2014 blei ålen vurdert som «sårbar» og ikkje lenger «kritisk truga» på den norske raudlista.

– Det er fordi det har gått litt betre med bestanden. Men den betra statusen på raudlisa er mellom anna basert på kunnskap om kor mange generasjonar det har gått betre for, seier Durif.

Når vi no veit at det går lengre tid mellom generasjonane, må vi kanskje revurdere ålen sin situasjon, meiner forskaren.

Forskinga er eit samarbeid med Norsk institutt for naturforsking.

Referanse:

Caroline M. F. Durif mfl: Age of European silver eels during a period of declining abundance in Norway, Ecology and Evolution, 2020. https://doi.org/10.1002/ece3.6234

Powered by Labrador CMS